JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kommentarar

Liberal kannibalisme

Trugsmålet mot frie ytringar kjem ikkje berre frå autoritære politikarar. Også kapitalistar kan kvela
dei kritiske media.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Illustrasjon: May Linn Clement

Illustrasjon: May Linn Clement

6175
20200522
6175
20200522

Ei særprega 17. mai-feiring ligg bak oss. I år fall ho nesten saman med generalforsamlinga i Equinor – det vi før kalla Statoil. Det slo meg at dei misnøgde aksjonærane, som nyleg hadde oppdaga at Helge Lund kom i skade for å tapa 200 milliardar på mislukka investeringar i skiferolje i USA, formulerte dei same bekymringane som styret i PEN-klubben formulerer om Tyrkia og Ungarn: Informasjonen blir hindra. Det er stor skilnad på det norske oljeselskapet og den tyrkiske tyrannen. Men Lund og Erdogan har altså begge teke nokre grep for at ikkje alle skal få vita kva som skjer.

Høgre og venstre

No lèt eg desse to vandra ut av teksten min og spør meir prinsipielt: Kven er det som trugar dei frie ytringane, og som på den måten hindrar at dei klokaste avgjerdene blir fatta? Kjem trugsmålet frå høgre eller venstre? Det er ingen tvil om at trugsmålet mot frie ytringar kjem frå ytre høgre, sjølv om høgreideologiske nettstader freistar å leggja beslag på ytringsfridommen til eige bruk (men ikkje til andres, paradoksalt nok). Tendensane i Ungarn, Polen og andre land er at høgreorienterte regime går til opne åtak på media, arresterer journalistar og stenger ned aviser. Han som vi helst ikkje nemner namnet på, skjeller ut journalistar som kjem på pressekonferansane hans, dersom dei stiller spørsmål.

Like lett er det å finna regime med ideologiar av kommunistisk opphav som styrer informasjonen med hard hand, parodisk i Nord-Korea og effektivt i Kina (som også vil styra informasjonen i andre land). Ikkje noko av dette er eigna til å forbausa. Autoritære regime er autoritære.

Usynlege hender

Men det dei liberalsinna ofte undervurderer, er kor stor appetitt kapitalistane har på å styra informasjonen og å lukka den frie diskusjonen. Og her er det at sjølvaste statsoljeselskapet byd på eit godt døme, midt i 17. mai-talane. Liberale filosofar som tek prinsippa alvorleg, vil jo gjera fri diskusjon og frie medium til sjølve kjernen i demokratiet, eit syn dei deler med dei viktigaste demokratiske konstitusjonane. Og mange av dei lener seg på Adam Smith og læra om den usynlege handa. Får dei liberale prinsippa gjelda, vil marknad og liberal ålmente styrka og stimulera kvarandre. Fri flyt av pengar og tenester vil så å seia automatisk opna for fritt ordskifte.

Det er denne læra Equinor-eksempelet underminerer, og som det også er vanskeleg å finna dekning for elles. Visst er det ein fordel for handel og vandel med opne samfunn. Men ikkje berre er det slik at fri kapitalflyt og konkurranse gjer ende på seg sjølv, ved at få aktørar kjøper opp alt og i praksis drep konkurransen. Den same mekanismen som drep konkurransen, råkar òg dei liberale rettane. Blir det berre nokre få aktørar att, får dei så mykje makt at dei så å seia automatisk vil bruka pengar og makt til å setja grenser for dei liberale prinsippa og det opne ordskiftet.

Pengemakt

Difor har også forstandige liberalarar innsett at marknaden må regulerast; konkurransen treng statleg vern. Men på same vis må det frie ordet vernast, ikkje berre mot autoritære politikarar som sit i statsapparatet, men også mot den frie flyten av kapital. Dei med mest kapital har økonomisk makt nok til å kvela all opposisjonell mediemakt. Det kan dei gjera ved rett og slett å kjøpa opp dei kritiske media. Eller dei kan bruka dei nye elektroniske verkemidla, som påverkar opinionen med falske nyhende og personretta meldingar og nyttar innkjøpte data som dei flinke appane samlar inn for oss. Dette vart gjort under brexit-avrøystinga, og slike mekanismar var truleg også i bruk i USA-valet i 2016.

Eit anna eksempel på at kapitalmakta kan vera fiende av den frie pressa, finn vi i skatteparadisa. Dei lovar ikkje berre kundane skattefritak eller heilt minimale avgifter, men først og fremst fridom frå innsyn. Dette kan skapa enorme kapitalkonsentrasjonar som kan nyttast til å kjøpa opp, truga, selja, leggja ned og manipulera media i land etter land. Det einaste oppløftande ved denne situasjonen er at desse kapitalistane faktisk fryktar frie medium, som altså framleis kan utgjera eit trugsmål mot måten dei arbeider på.

Dette aspektet har også vore diskutert denne våren, i og med at det store oljefondet vårt no skal leiast av ein mann som har skapt sine store formuar i desse informasjonsfrie sonene. Vi får tru Nicolai Tangen når han hevdar at han vil praktisera total transparens, som dei kallar innsynsrett no. Men kva slags føresetnader har han eigentleg for å praktisera dette når han i mange år har arbeidd innanfor eit system som skyr innsyn som pesten?

Maktfordeling

Høgre- og venstresida i politikken kan krangla til den ytste dag om kven som er verst: dei fascistiske diktatorane i fortid og notid eller dei kommunistiske (som snart er utrydda). Valet mellom DDR og Pinochets Chile er ulysteleg, kor ein snur og vender på det. Er den statskontrollerte økonomien verre enn den økonomikontrollerte diktatoren?

Kanskje skal vi heller høyra på Montesquieu, som hevda at det er konsentrasjonen av makt som er farleg, anten makta ligg hos staten eller hos marknaden. Det gode samfunnet er det som lèt dei ulike grupperingane kontrollera kvarandre. Staten må få vita nok om marknadsaktørane, og det må publikum òg. Opinionen må få meir innsikt i statsbyråkratiet, så det ikkje lukkar seg om seg sjølv og driv planarbeidet sitt i strid med alt folkevit og all empiri. Sivilsamfunnet må få kunnskap nok om politikken. Og dei som skal formidla all denne kunnskapen, er nettopp dei frie media.

Vi veit at diktatorisk makt drep den frie pressa og dermed demokratiet. Men det gjer pengemakta også, når ho blir absolutt og lukkar seg for kontroll. Folk som misser 200 milliardar på ein handletur i utlandet, har også mist eit og anna meir på turen: dømekraft og sjølvinnsikt. Dei liberale prinsippa må vernast mot den liberale økonomien, elles går liberaliteten tapt.

Jan Inge Sørbø er professor ved Høgskulen i Volda og fast kommentator i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Også forstandige liberalarar har innsett at
marknaden må regulerast; konkurransen treng
statleg vern.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Olav Garfors

Kva er alternativet til EØS-medlemskap?

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Foto: Privat

DiktetKunnskap
Svein Gjerdåker

Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid

«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Thor Magnus Tangerås debuterte som lyrikar i 2022.

Foto: Tove K. Breistein

Meldingar

Flyg høgt

Thor Magnus Tangerås skriv ujamt om naturen og teknikken i Landskap med vindturbinar.

Kjetil Berthelsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis