Karrierejegerar av alle kjønn, forein dykk!

Det må ikkje bli tabu å snakke om interessemotsetnaden mellom behova til det vesle barnet og den yngste ten­åringen og ambi­sjonane til foreldra om å nå «til toppen» i yrkeslivet.

Dåverande sjef for Innovasjon Norge Anita Krohn Traaseth opna Norway–China Business Summit 2018 i Beijing i fjor.
Dåverande sjef for Innovasjon Norge Anita Krohn Traaseth opna Norway–China Business Summit 2018 i Beijing i fjor.
Publisert Sist oppdatert

Den 9. november skreiv næringslivsleiaren, forfattaren og spaltisten Anita Krohn Traaseth ein kommentar med tittelen «Kjære unge kvinne, hold hardt på lederambisjonene» i Aftenposten. Her fortalde ho yngre medsystrer mellom anna at familie og born ikkje er noka hindring på vegen til sjefstillingar i næringslivet, berre ein ikkje går for tungt inn i foreldreansvaret, men tek det litt lettare.

Kommentaren var tvitydig. Traaseth gjorde det aldri klart om ho snakka om babyar, småborn, skuleelevar eller tenåringar. Alt etter kva aldersgruppe det gjeld, fekk utsegnene hennar ulik meining.

Til dømes sa ho at det ikkje kan skade om vi i strevet for å nå toppen i næringslivet lèt «barna våre gå litt for ’lut og kaldt vann’ av og til». Slik er det vel for alle med halvvaksne ungar, dei klarer seg gjerne betre enn vi trur.

Men det same gjeld jo ikkje for eittåringane. At det er gunstig for større ungar å lære seg å ta ansvar for oppgåver dei kan meistre, er alle samde i. Kven kan innvende noko mot at born «blir selvstendige, fikser ting selv, kommer seg på trening på egen hånd, lager matpakke og middag fra tidlig alder»?

Meir foreldrefråvær

Kvifor skriv Traaseth om slike sjølvsagde ting, om det ikkje er fordi ho vil presse ned alderen for kva tid det er greitt at borna må klare seg sjølve? Det er nesten umogeleg å lese kommentaren hennar som noko anna enn eit innlegg for meir foreldrefråvær langt ned i årsklassene.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement