Karrierejegerar av alle kjønn, forein dykk!
Det må ikkje bli tabu å snakke om interessemotsetnaden mellom behova til det vesle barnet og den yngste tenåringen og ambisjonane til foreldra om å nå «til toppen» i yrkeslivet.
Dåverande sjef for Innovasjon Norge Anita Krohn Traaseth opna Norway–China Business Summit 2018 i Beijing i fjor.
Foto: Heiko Junge / NTB scanpix
Den 9. november skreiv næringslivsleiaren, forfattaren og spaltisten Anita Krohn Traaseth ein kommentar med tittelen «Kjære unge kvinne, hold hardt på lederambisjonene» i Aftenposten. Her fortalde ho yngre medsystrer mellom anna at familie og born ikkje er noka hindring på vegen til sjefstillingar i næringslivet, berre ein ikkje går for tungt inn i foreldreansvaret, men tek det litt lettare.
Kommentaren var tvitydig. Traaseth gjorde det aldri klart om ho snakka om babyar, småborn, skuleelevar eller tenåringar. Alt etter kva aldersgruppe det gjeld, fekk utsegnene hennar ulik meining.
Til dømes sa ho at det ikkje kan skade om vi i strevet for å nå toppen i næringslivet lèt «barna våre gå litt for ’lut og kaldt vann’ av og til». Slik er det vel for alle med halvvaksne ungar, dei klarer seg gjerne betre enn vi trur.
Men det same gjeld jo ikkje for eittåringane. At det er gunstig for større ungar å lære seg å ta ansvar for oppgåver dei kan meistre, er alle samde i. Kven kan innvende noko mot at born «blir selvstendige, fikser ting selv, kommer seg på trening på egen hånd, lager matpakke og middag fra tidlig alder»?
Meir foreldrefråvær
Kvifor skriv Traaseth om slike sjølvsagde ting, om det ikkje er fordi ho vil presse ned alderen for kva tid det er greitt at borna må klare seg sjølve? Det er nesten umogeleg å lese kommentaren hennar som noko anna enn eit innlegg for meir foreldrefråvær langt ned i årsklassene.
Når ho gir døme på kva ho meiner, nemner ho si «første jobbreise til Korea etter førstefødte», og at ho tabba seg ut med å leggje fram for faren «babyklær for uken jeg skulle være borte». Så tilrådinga om å «slippe kontrollen hjemme» gjeld i babyalderen òg.
Atter er ho tvitydig: «Ta med deg babyen i møter og på arrangementer. (...) En dårlig egenskap mange av oss har, er at vi tror at vi er uunnværlige. Jo tidligere du lærer at du ikke er det, jo bedre.»
Uunnverleg for kven? For arbeidsgivaren, eller for babyen? Det vert ikkje sagt, og utsegna kan difor vere eit innlegg for meir samvær med barnet eller for mindre. Men lese i samanhengen og ut frå heile tendensen i artikkelen er det ikkje merkeleg om nokon trur at Traaseth meiner mindre samvær med barnet, og at foreldre, i dette høvet mora, kan unnverast i større grad enn det som er vanleg i dag.
Egoistisk sjølvinteresse
Ein som las Traaseth slik, var fyrsteamanuens i helsefag ved den private høgskulen VID, cand.psychol. Øystein Victor Våpenstad, som i NRK Ytring 12. november gjekk til krast åtak på synspunkta til Traaseth – og fleire meiner på personen Traaseth òg – i motsvaret, som fyrst heitte «Kjære unge kvinne, hold hardt på barnet».
Våpenstad las innlegget hennar som «oppfordring til omsorgssvikt» og kalla haldninga hennar til leiarstilling og born eit uttrykk for egoistisk sjølvinteresse og i praksis «mishandling av barn».
Dette oppfatta Traaseth som «grove personbeskyldninger». Våpenstads artikkel vart no redigert i etterkant, det som galt Traaseths eigne born, vart teke ut, og Traaseth leverte eit tilsvar. Men før tilsvaret kom på trykk, vedtok NRK å ta vekk heile innlegget til Våpenstad. Traaseth kunne no seie seg «fornøyd med at redaksjonen ville rette opp feilen, og at kronikken ble avpublisert».
Sjølv om det kan forsvarast at NRK Ytring tok vekk dei setningane som gjekk direkte på borna til Traaseth, inneber full avpublisering noko meir enn rettmessig personvern: Indirekte vernar avpubliseringa også Traaseths synspunkt på kva born treng, eller snarare: kva dei ikkje treng.
Slik avpublisering gjer det vanskelegare å snakke om ein interessemotsetnad mellom behova til det vesle barnet og ambisjonane til foreldra om å nå «til toppen» i yrkeslivet. Men korleis kan nokon seie seg nøgd med at det vert tyngre å snakke om noko som er heilt opplagt, og som alle veit er sant, nemleg at tempo og tidspress i det moderne yrkeslivet – særleg i leiande stillingar – ikkje lèt seg sameine med behova til småborn og dei verkelege interessene til småbarnsforeldre.
Slik Traaseth la opp til å verte lesen, og slik Våpenstad las henne, var utblåsinga hans forståeleg slik han truleg hadde meint det, nemleg som eit forsvar for dei minste borna, den mest utsette gruppa i heile samfunnet.
Manlande nyanse
Men i debatten som følgde, forsvann denne nyansen. Den forsvarslause var ikkje lenger det vesle barnet, men den internasjonalt prislønte og suksessrike Traaseth. Ho måtte vernast mot den kvinnevonde mannssjåvinisten som misbrukte stillinga si til å gå til åtak på likestillinga.
I Nettavisen 16. november meinte Elin Ørjasæter at Våpenstad no lyt «ekskluderes fra norske debattflater», om han då ikkje «kommer med en oppriktig unnskyldning til Anita Krohn Traaseth».
Men denne offentlege syndsvedkjenninga og botsgangen var ikkje nok for Ørjasæter. Etter hennar meining var den avpubliserte artikkelen til Våpenstad «så drøy at det bør få konsekvenser», noko ho meinte var «opp til ledelsen i VID vitenskapelege høgskole».
Skal det oppfattast som ei oppmoding om å avsetje Våpenstad på grunn av det han skreiv? Så langt ville ikkje rektoren ved høgskulen gå, men til Vårt Land sa han at skulen var misnøgd med tonen i Våpenstads innlegg, at dei ikkje kunne stille seg bak det og fann det «ikke uproblematisk».
Innlegget til Traaseth var heller ikkje uproblematisk. Ho snakka sjølv om eigne born i artikkelen. Men ho innskrenka seg ikkje til formidling av eigne røynsler når det gjeld born og familie, men sette seg sjølve fram som rollemodell for den yngre generasjonen ambisiøse kvinner og tilrådde eigne val for ein heil generasjon av karrierejegerar innanfor næringslivet.
Risikabelt
Det verkar ikkje opplagt at desse vala vil tene born og unge. Det er meir truleg at høgt foreldrefråvær – for dei aller minste, men òg for unge tenåringar – er risikabelt og vanskeleg å forsvare. Borna treng at ein av foreldra er tilgjengeleg. I vår epoke vil dette i praksis seie at mor og far deler på dette ansvaret.
Når framståande kvinner i næringslivet som Anita Krohn Traaseth set «lederambisjonene» så høgt at ho tilrår unge kvinner å «’lean out’ fra oppgaver i hjemmet», akseptere «kaoset på hjemmebane» og sjå på toppidrettsfolk som ideal for yrkeslivet, og det ikkje er klart om dette skal vere ideal for småbarnsforeldre òg, er det dei dårlegaste sidene ved den gamle mannsrolla som kjem inn att, ikkje kjøkkenvegen, men gjennom dei flottare dørene i styreromma og konferansesalane.
Kaj Skagen
Kaj Skagen er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Den forsvarslause var ikkje lenger det vesle barnet, men den internasjonalt prislønte og suksessrike Traaseth.
Fleire artiklar
Una og Diddi er to storforelska studentar som må halde forholdet skjult, fordi Diddi alt har ein kjærast.
Foto: Arthaus
Gjennombrotet
Elín Hall herjar i dette vakre, velskrivne dramaet av Rúnar Rúnarsson.
Greil Marcus er musikkskribent og kulturanalytikar.
Foto: Thierry Arditti / Courtesy of Yale University Press
Kvifor Marcus skriv
Den nye boka til Greil Marcus er ein kamuflert sjølvbiografi.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Erling Kittelsen er blant dei mest mangsidige av norske poetar, skriv Jan Erik Vold.
Rondanecupen på Otta er ei bridgetevling stinn av tradisjon.
Foto: Otta bridgeklubb
«Det finst bridgespelarar i kvar ein avkrok.»
Jill Stein på eit valkampmøte i Dearborn i Michigan 6. oktober. I vippestaten Michigan fryktar demokratane at Stein skal ta mange røyster frå Harris.
Foto: Rebecca Cook / Reuters / NTB
Stein kan velte lasset
Jill Stein, kandidaten til Dei grøne, er valjokeren demokratane gjerne skulle vore forutan.