Kampen som forsvarar seg sjølv

Klimakampen vert ikkje vunnen i ei fontene eller i ein skulestreik. Det vil ikkje seie at handlingane er bortkasta.

22. mars og 24. mai i år streika tusenvis av elevar over heile Noreg for at politikarane skal ta meir ansvar i klimakampen. Fredag 30. august er det varsla ny klimastreik.
22. mars og 24. mai i år streika tusenvis av elevar over heile Noreg for at politikarane skal ta meir ansvar i klimakampen. Fredag 30. august er det varsla ny klimastreik.
Publisert

Det har vore ein sommar som set spor. Bokstavleg tala i landskapet i Jølster, der det ikkje berre har rasa éin stad, men der jordoverflata kring nærast alle sideelvar er rota rundt på, med stein og jord og tre og røter som ikkje er der dei burde vere. Det set spor i oss som ser det.

Slik det set spor å lese om varmebylgja i Europa, om atomreaktorar som vert stengde fordi ein ikkje klarar å kjøle dei ned, ufatteleg store skogbrannar i Sibir og issmelting på Grønland. Særleg djupe vert spora når ein om lag samstundes les Maja Lundes bok Blå, som nettopp tek for seg eit framtidig overoppvarma Europa: Den uttørka flyktningleiren i Frankrike går med eitt frå dyster framtidsfiksjon til reell framtidsfrykt. Heten og tørsten kryp ut frå boksidene og inn i sjølv den kortvarige norske sommarvarmen.

For kva skal vi gjere? Korleis skal vi oppføre oss? Er vi i ei krise? Kva tiltak, reaksjonar, aksjonar bør vi i så fall sette i gang? Kva vil fungere?

Den siste tida har fleire nye aksjonsformer funne vegen til vårt vesle, lågkonfronterande Noreg. Neste fredag – 30. august – slår skuleungdommane til med ny runde klimastreik.

Det boblar og sydar i vaksenverda òg: Extension Rebellion byrja i England, men har spreidd seg rundt om i verda, inkludert Noreg. Sist under Arendalsveka, der aksjonistane fekk monaleg meir merksemd enn kva handlinga «legge meg ned og late som eg døyr i ei fontene» kanskje i utgangspunktet fortener.

Haldningsendring

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement