«Jøden» som nazistPå overflata seier ikkje teikning noko om korkje Israel eller jødane. Ho kritiserar berre høgrefløya i israelsk politikk. Men det finst ein undertekst i biletet.
På overflata seier ikkje Graffs teikning noko om korkje Israel eller jødane. Ho kritiserar berre høgrefløya i israelsk politikk. Men det finst ein undertekst i biletet.
I Dagbladet 7. august teikna Finn Graff den israelske statsministeren Benjamin Netanjahu som eit hakekors, sitjande på ein benk med apartheidplakaten «whites only» medan han boksar vekk ein israelsk drusar frå benken.
Bakgrunnen for teikninga er at det israelske parlamentet Knesset i sommar vedtok – med knapt fleirtal – ei lov som definerer Israel som «den nasjonale heimen til det jødiske folket». Kritikarane av lova meiner at den israelske regjeringa med dette fornektar eksistensen av dei ikkje-jødiske minoritetane i landet, medan tilhengjarane seier at lova berre slår fast noko dei meiner må vere sjølvinnlysande, nemleg at eksistensretten til Israel i røynda alltid har vore å fri jødane frå rolla som forfylgd minoritet i verda.
Om ein her tek det eine eller det andre standpunktet, kan ein uansett stille spørsmål ved om det er rimeleg å nytte hakekorset til å karakterisera statsministeren for eit land med eit stort jødisk folkefleirtal. Kor klårt er skiljet mellom jødane som folk og det einaste landet i verda med jødisk majoritet?
Symbolsk
Strengt tatt og på overflata seier ikkje Graffs teikning noko om korkje Israel eller jødane. Teikninga kritiserar berre høgrefløya i israelsk politikk. Men det er ein undertekst i biletet. Karikaturen er som sjanger ei symbolsk framstilling av røynda, og peikar mot element i politikken som ikkje er openberre. Netanjahu kan symbolisere meir enn regjeringa. Han kan symbolisera heile Israel og sjølve «jøden». Det vert då vanskelegare å sjå grensa mellom legitim kritikk av israelske styresmakter og framstillinga av jødane som vonde og djevelske vesen. Når vert Israel-kritikken til antisemittisme?
Dette er temaet i ein diskusjon som har gått føre seg sidan slutten av 1960-talet, knytt til omgrepet «den nye antisemittismen», der det vert undersøkt i kva mon antisionisme leier til ny antisemittisme knytt til staten Israel. Omgrepet kom i bruk etter seksdagarskrigen i 1967, og har sidan fått berre auka aktualitet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.