JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kommentarar

«Jøden» som nazist

På overflata seier ikkje Graffs teikning noko om korkje Israel eller jødane. Ho kritiserar berre høgrefløya i israelsk politikk. Men det finst ein undertekst i biletet.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

It seems that you don't have a PDF plugin for this browser. Click here to download the PDF file.

Faksimile frå Dagbladet 7. august 2018

5598
20180831
5598
20180831

I Dagbladet 7. august teikna Finn Graff den israelske statsministeren Benjamin Netanjahu som eit hakekors, sitjande på ein benk med apartheidplakaten «whites only» medan han boksar vekk ein israelsk drusar frå benken.

Bakgrunnen for teikninga er at det israelske parlamentet Knesset i sommar vedtok – med knapt fleirtal – ei lov som definerer Israel som «den nasjonale heimen til det jødiske folket». Kritikarane av lova meiner at den israelske regjeringa med dette fornektar eksistensen av dei ikkje-jødiske minoritetane i landet, medan tilhengjarane seier at lova berre slår fast noko dei meiner må vere sjølvinnlysande, nemleg at eksistensretten til Israel i røynda alltid har vore å fri jødane frå rolla som forfylgd minoritet i verda.

Om ein her tek det eine eller det andre standpunktet, kan ein uansett stille spørsmål ved om det er rimeleg å nytte hakekorset til å karakterisera statsministeren for eit land med eit stort jødisk folkefleirtal. Kor klårt er skiljet mellom jødane som folk og det einaste landet i verda med jødisk majoritet?

Symbolsk

Strengt tatt og på overflata seier ikkje Graffs teikning noko om korkje Israel eller jødane. Teikninga kritiserar berre høgrefløya i israelsk politikk. Men det er ein undertekst i biletet. Karikaturen er som sjanger ei symbolsk framstilling av røynda, og peikar mot element i politikken som ikkje er openberre. Netanjahu kan symbolisere meir enn regjeringa. Han kan symbolisera heile Israel og sjølve «jøden». Det vert då vanskelegare å sjå grensa mellom legitim kritikk av israelske styresmakter og framstillinga av jødane som vonde og djevelske vesen. Når vert Israel-kritikken til antisemittisme?

Dette er temaet i ein diskusjon som har gått føre seg sidan slutten av 1960-talet, knytt til omgrepet «den nye antisemittismen», der det vert undersøkt i kva mon antisionisme leier til ny antisemittisme knytt til staten Israel. Omgrepet kom i bruk etter seksdagarskrigen i 1967, og har sidan fått berre auka aktualitet.

Robert Wistrich (1945-2015), ekspert på antisemittisme og forfattar av to særs leseverdige bøker om jødane i Wien, The Jews in Vienna og Laboratory for World Destruction, heldt i 1984 eit føredrag i Study Circle on World Jewry i heimen til den israelske presidenten Chaim Herzog, vidgjeten for talen i FN i 1975, der han fordømte den berykta resolusjonen som likestilte sionisme med rasisme. Føredraget til Wistrich handla nett om «den nye antisemittismen» som var knytt til sionismen og Israels eksistens, og som han trudde innebar eit like stort trugsmål mot jødane som nazismen på 1930-talet.

Jøden som nazist

Wistrichs hovudpoeng var at antisionismen og antisemittismen, som historisk hadde vore rake motsetningar, sidan seksdagarskrigen i 1967 hadde vorte fletta saman. På 1800-talet var det dei europeiske jødane som gikk fremst i kritikken av sionismen, fordi dei meinte han svekka integreringa og stillinga til jødane i Europa. Den historiske rolla til antisionismen som motsatsen til antisemittismen gjorde at antisionismen i seinare tid kunne nyttast som maske for ny antisemittisme, meinte Wistrich.

Denne nye antisemittismen er ikkje ope rasistisk; han trer fram som antirasisme: «ein antisemittisme som iler til forsvar for alle offer for rasistisk undertrykking unnateke jødane – det paradigmatiske dømet på slik undertrykking – som no vert forvandla til utøvar og prototype på rasisme». Wistrich meinte med andre ord at det typiske uttrykket for den nye antisemittismen var å framstille jøden som nazist.

Med den nye antisemittismen får ein soleis nye antisemittiske stereotypar der dei gamle stereotypane ligg rett under overflata av dei nye.

Like under framstillinga av «Netanjahu som nazist» ligg biletet av «jøden som nazist», og i laget under dette ligg førestillinga om at den jødiske slektstanken inspirerte den tyske nazismen. Dimed er vi attende til den klassiske antisemittiske førestillinga om at jødane sjølve er skuld i ulukkene som råker dei. Eit ekstremt døme på dette er konspirasjonsideen om at jødane sjølv stod bak holocaust for å få støtte til å oppretta ein eigen stat.

Jesus som palestinar

Eit anna døme på korleis den gamle antisemittismen får nytt liv i antisionistisk propaganda mot Israel, er framstillinga av palestinarane som Jesus og Jesus som palestinar. Biletet av det korsfesta Palestina finn ein hos den palestinske målaren Ismail Shammout.

Under besøket til pave Francis i Det heilage landet i 2014, var Betlehem prega av eit kunstprosjekt med bilete som framstilte lidingane til palestinarane med Jesu lidingshistorie som førebilete. Eit av bileta bygde på Rafaels måleri av gravlegginga av Jesus i ein collage der kroppen til den døde Jesus går over i kroppen til ein såra palestinar, som vert frakta vekk under oppsyn av ein israelsk soldat.

I dette biletet tek palestinarane rolla til Jesus, medan israelarane vert Jesus-mordarar. Alle kan sjå korleis den gamle antisemittiske klisjeen om jødane som hovudansvarlege for avrettinga av Jesus, kjernen i den kristne antisemittismen, her ikkje berre ligg rett under overflata, men heilt i dagen.

Ein kan sjølvsagt ikkje likestille kritikk av Israel med antisemittisme. Men kritikarane er ofte ikkje medvetne om at kritikken deira har ei form som løyner antisemittiske grunnbilete.

Kaj Skagen

Kaj Skagen er forfattar og fast skribent i Dag og tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Denne nye antisemittismen er ikkje ope rasistisk; han trer fram som antirasisme.

Emneknaggar

Fleire artiklar

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis