Jakta på jegerenDagens Næringsliv må få Giske i dyregrava eller falle i henne sjølv.Med rettkomen harme gjekk ei ung kvinne som ikkje ville verte eit namn i tabloidpressa, laus på Verdens Gang i eit oppslag i Dagbladet førre fredag. Saka galdt SMS-ar som T
Prov og mistanke glir over i kvarandre i Dagens Næringsliv-sakene om Trond Giske.
Amund Djuve er sjefredaktør i Dagens Næringsliv.
Foto: Paul Sigve Amundsen / Samfoto / NTB scanpix
Med rettkomen harme gjekk ei ung kvinne som ikkje ville verte eit namn i tabloidpressa, laus på Verdens Gang i eit oppslag i Dagbladet førre fredag. Saka galdt SMS-ar som Trond Giske (Ap) i 2011 sende henne etter ein sein festmiddag i partiet. Giske skal ha spurt kvar på hotellet det var fest, men teksten skal ikkje ha vore krenkjande, skreiv VG i ein større reportasje 14. desember i år.
Det som låg under, var at nokon kunne finne det upassande at ein 44 år gamal næringsminister seint på kvelden tek kontakt med ei ung kvinne på 19 år. Her kunne det løyne seg noko som pressa kunne skrive om, og som ville øydeleggje den politiske karrieren til Trond Giske.
sal av privatliv
Store ressursar vart sette inn på å finne dette. VG fann ut kven den unge kvinna var og kontakta henne ei rekkje gonger; dei gjekk på henne sjølv, på mora, på vener og tidlegare kollegaer, til menneska kring henne tok til å tru at ho hadde vore utsett for noko alvorleg.
Men til Dagbladet sa ho at ho aldri hadde motteke ein upassande SMS frå Trond Giske, og la til: «Det eneste upassende og krenkende jeg har opplevd i denne ’saken’ er at journalister, i sin jakt på drittsaker overkjører meg og fratar meg retten til selv å eie, og definere, min egen historie.» Ho stod opp mot ei pressemakt som lever av å stele privatlivet til andre og selje det på gata.
Dermed svekte ho den foreløpige hovudsaka for Verdens Gang og Dagens Næringsliv som har køyrd saka mot Giske. Med ei rekkje reportasjar, som kvar for seg og i skrivande stund ikkje har avdekt noko skandaløst med Giske, held Dagens Næringsliv andre aviser på gjerdet. Fordi vi ikkje veit om dei kanskje enno rugar på ei stygg historie om Giske, vågar vi ikkje kome han til forsvar. Giske er såleis heilt åleine mot avisa.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.