JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kommentarar

Israelske monologar

Har Dag og Tid verkeleg skaffa seg ein ideologisk settler til å dekke Israel og dei okkuperte områda?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Palestinske arbeidarar står i kø ved Al-Jalama på den okkuperte Vestbreidda for å kome på jobb i Israel 2. mai i år.

Foto: Raneen Sawafta / Reuters / NTB scanpix

8246
20190510
8246
20190510

Dag og Tid har byrja ein serie frå Israel. Han har fått tittelen «Israelske monologar». Her skal lesarane få vite korleis vanlege israelarar tenker. Serien er skriven av nordmannen Geir Olav Jørgensen. Han har sjølv vore ideologisk settler på Golanhøgdene, og tidligare fått plass i avisa med koselige heime-hjå-reportasjar hjå andre settlarar på same plass. Her fekk vi møte det menneskelege andletet til folk som på bakgrunn av religiøs og/eller ideologisk fanatisme – eller kanskje berre av pragmatiske, økonomiske årsaker – vil overta landet til andre menneske med vald.

Jørgensen brukar avisa til å kolportere gamle og nye mytar. Også slike som er, nei, burde vere, fullstendig punkterte av deltakarar, augevitne, journalistar og historikarar. Sist helg får israelaren Barak Herscowitz breie seg med mykje slikt i avisa, med Jørgensen som passivt mikrofonstativ. Kanskje saka er meint som eit slag journalistisk spleiselag. Herscowitz og Jørgensen bidreg med israelsk propaganda, så er det meininga lesarane sjølve skal korrigere med fakta?

Oslo-prosessen

Jørgensen/intervjuobjektet nytter mykje av plassen på å skape ei bestemt historieforståing rundt Oslo-prosessen og Camp David. Ifølgje denne forteljinga, slik ho heilt utan motstand blir formidla av Jørgensen, var israelarane ekstremt sjenerøse, mens palestinarane var utakksame og dumme som ikkje sa ja.

Israel har lenge freista å hevde denne versjonen av røyndomen. Men det er feil, noko som er veldig godt dokumentert. Mykje av dokumentasjonen er samla i bøker, for eksempel i Charles Enderlins Shattered Dreams: The Failure of the Peace Process in the Middle East, 1995–2002. Ei anna viktig kjelde er artiklane til Robert Malley, Midtausten-­eksperten som var tungt involvert i fredsprosessen på amerikansk side. Ved Camp David sa Israel seg villig til å trekke seg tilbake frå 96 prosent av dei områda Israel var villig til å forhandle om. Barak gjekk med på å trekke den israelske hæren ut av 46 prosent av dei okkuperte områda. Og Israel sette ei lang rekke føresetnader sjølv for dette. Palestinarane blei tilbydde ein parodi på ein stat, og det meste ville framleis gått føre seg på Israels nåde.

Det er lett å sjå kvifor mange israelarar tviheld på ein galen versjon: «Vi gav dei alt dei ville ha. Men sjølv det var ikkje nok. Dei vil aldri ha fred. Så vi hadde ikkje noko val.» Denne forteljinga tener bestemte føremål: å legitimere okkupasjonen og å få israelarar til å kjenne seg betre («vi vil ikkje vere eit herrefolk som undertrykker andre, dei har tvinga oss til å gjere det»).

Palestinarane

Resten av intervjuet handlar i stor grad om kor slemme og/eller dumme palestinarane er, og at det er mykje god mat å få i Tel Aviv. Palestinarane blir visst drivne av eit irrasjonelt hat. Difor må Israel vere sterke. Teoretiske overgrep mot israelske jødar, parten som har all makt, blir brukte til å legitimere tusen grove, daglege og konkrete overgrep mot den forsvarslause parten, altså palestinarane.

Eg veit ikkje om nokon annan konflikt der det er heilt vanleg at offera blir klandra for eiga liding. Om ein gjer det same med jødiske historiske lidingar, vil ein med rette bli skulda for antisemittisme. Den mest perverse utgåva er når israelarar klandrar palestinarane for at dei tvingar israelarar til å handsame dei så hardt, sidan dette skadar Israels renommé, og at all mishandling av palestinske barn, kvinner og menn påfører israelske soldatar psykiske belastningar på lang sikt.

Jørgensens intervjuobjekt legg stor vekt på at palestinarane og arabarane må anerkjenne Israels «rett til å eksistere». Men PLO gjorde det i 2003. Og i 2017 endra til og med Hamas charteret sitt. Dei skal ikkje lenger arbeide for å utslette Israel, men for å få ein palestinsk stat i det som ifølgje FN er okkuperte område («den grøne lina» frå før 1967).

Dette siste har ikkje fått mykje merksemd, og det er ikkje så rart. Alle skjønar at okkupasjonen ikkje kjem av motstanden mot okkupasjonen. Ingen trur koloniseringa stansar om berre palestinske leiarar seier, i stadig nye variantar, nokre magiske ord om Israels «rett til å eksistere». Ingen krev at Israel gjer noko tilsvarande og anerkjenner retten mange millionar palestinarar har til å leve fritt, utan dagleg vald og okkupasjon.

Alt i 2002 lanserte Saudi-Arabia ein fredsplan på vegner av heile den arabiske verda. Kjernen i planen er at Israel blir tilbydd fred og fulle diplomatiske samband med alle arabiske land, om dei trekker seg tilbake til «den grøne lina». Forslaget er anten blitt gjort til latter, blankt avvist eller oversett av israelske statsleiarar. Palestinske leiarar har i lange periodar gjort alt israelarane bad dei om, også på tryggingsområde. Men framleis er det visst palestinarane sin feil at dei er okkuperte.

Okkupasjon

Ordet «okkupasjon» eksisterer tilsynelatande ikkje i Jørgensens/ Herscowitz’ vokabular. Men mange av oss er så galne at vi trur 52 år med daglege audmjukingar, vald, vandalisme og tjuveri av land har noko å gjere med korleis palestinarar ser Israel og is­­raelarar. Hadde situasjonen vore omvend, og jødar blei utsette for vald og urett i same skala, er eg ganske sikker på at mange, kanskje også Jørgensen, ville kalla det brotsverk mot menneskeslekta, eller kanskje til og med folkemord.

Men palestinarane er liksom ikkje fullt ut menneske. Dei har ingen kultur, historie eller rettar, sjølv om dei kan føre slekta mange hundre år tilbake på området der dei enno bur, eller er blitt og blir drivne bort frå. Samstundes kjem ideologiske og/eller religiøse settlerar frå heile verda, inkludert Noreg, for å ta over landet deira. Dei meiner ofte å ha rett på landet fordi ein sjåvinistisk stammegud gav det til dei i bronsealderen.

Asymmetrien er total. Om palestinarane gjer væpna motstand, blir dei drepne. Om dei gjer ikkje-valdeleg motstand, blir dei ikkje automatisk drepne, berre banka og fengsla, og det gjeld også barn. Rolla palestinarane er tiltenkt, synest å vere å sitje heilt stille og akseptere at dei lever og døyr på Israels nåde, utan grunnleggande menneskerettar.

Vi var sjølv okkuperte i berre fem år, og det var ikkje irrasjonelt hat mot tyskarar som fekk veldig mange nordmenn til å vantrivast ganske kraftig på den tida. Framleis gjev vi ut 50 til 100 bøker kvart år om krigsåra, og dei fleste handlar sjølvsagt ikkje om gledene og sorgene til okkupantane. Når det gjeld situasjonen i Palestina/Israel, er det heilt vanleg at det blir publisert bøker – eller artikkelseriar – som skal få oss til å skjøne og like okkupanten betre, ofte ved at dei får boltre seg fritt med feilinformasjon.

Propaganda

Den sarkastiske tittelen på Jørgensens artikkel er: «– Kva skal vi forhandla med dei om? Gravferder?» Ja, når tusenvis av palestinarar og titals israelarar er blitt drepne sidan 2014, er jo også gravferder eit indirekte tema.

Målet med forhandlingane skulle vere å få ein slutt på okkupasjonen. Men Israels leiarar har lenge sagt rett ut at landet aldri vil gje frå seg busetnadene, eller kontroll over grenser, vatn og andre ressursar. Palestinarane skal sperrast inne på små reservat, som den israelske hæren har full kontroll på. Settlerar, ofte valdelege rasistar, vil framleis kunne ta seg til rette, med støtte frå hæren.

Eit demokrati kan per definisjon ikkje halde på slik. Israel set sin lit til mellom anna hasbara-kampanjen, der sivile over heile verda, med eller utan betaling, spreier desinformasjon i gamle og nye medium. Men slik den israelske toppdiplomaten Yohanan Meroz har uttalt: «Israelsk propaganda lurer ingen, sett bort frå israelarar. Det er ting det ikkje er mogleg å selje med hasbara. Ein av dei er måten vi handsamar palestinarane på.»

Har Dag og Tid verkeleg skaffa seg ein ideologisk settler til å dekke Israel og dei okkuperte områda? Busetnadene er ulovlege, ifølge folkeretten. Det er sjølvsagt heilt uaktuelt at Israel eller settlerar som Jørgensen skal bli straffa på nokon måte, slik andre som bryt folkeretten og FN-resolusjonar ofte blir. Men det er drygt at han får lov å leike journalist i Dag og Tid.

Morten Strøksnes er forfattar og journalist og fast skribent
i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

EssayFeature

Sluttoppgjer

Nokre tal får me tildelte så snart Skatteetaten har motteke fødselsmeldinga. Andre vert plukka opp undervegs i livet, eller avslørte når det nærmar seg slutten.

IvarDale

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

KommentarSamfunn
EinarHaakaas

Gjengkrim – ein varsla katastrofe

Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.

For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.

Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa

UtanriksSamfunn
JeppeBentzen

Verda ifølgje Orbán

BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.

Myndigheten för psykologisk försvar set drapet på to svenske fotballsupporterar i Brussel i oktober i fjor i samanband med påverknadskampanjar mot Sverige.

Foto: Martin Meissner / AP / NTB

Samfunn

Framande makter mot folkhemmet

Sverige merkar presset frå Russland, Kina og Midtausten og har sett ein statleg etat til å spore opp påverknadskampanjar. Bør Noreg gjere det same?

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis