Houellebecqs von
Hovudscena i Michel Houellebecqs nye roman Serotonin er bygd over to sentrale bibelske bilete som heng saman: Abraham som vil ofre Isak, og krossfestinga på Golgata. Del 2 av 3.
Michel Houellebecq har fått ry som provokatør på grunn av pornografiske og politisk upassande innslag i romanane sine. Men sjølv om Houellebecqs hovudpersonar ofte er nihilistar, så er dei ulukkelege nihilistar, sjølvplagarar som vil presse stadig meir nyting ut av ein overskatta seksualitet.
Dei har ein desperat livstrøyttleik som leier tanken til den spanske mystikaren Johannes av Krossen og diktet Sjelens dunkle natt, der det indre ljoset vert kveikt av mørke. Det er mykje likesæle hos Houellebecq, men livsalvoret fylgjer likesæla som ein skugge.
Hovudpersonane i romanane lir av ekstrem einsemd og meiningsløyse, som kallar fram motsetninga si som eit negativt nærvær. Gudsrøynsla ligg latent i eit uuthaldeleg gudsfråvær. I Serotonin slår dette over i religiøs mystikk.
Mystikken
Serotonin kan lesast som eit eksperiment for å sjå om det sekulariserte Vesten kan berge seg frå ein elles sikker undergang ved å fornye det metafysiske grunnlaget sitt gjennom kristen mystikk. For å seie det med eit paradoks vil eg i det følgjande freiste å syne kor openbert dette løynde aspektet ved romanen er, idet sjølve sentralscena i forteljinga er ei forkvakla etterlikning av Kristi krossfesting.
I omtalene har denne hovudsida ved romanen for det meste vorte fortrengd av det dagsaktuelle innslaget om krisa for dei franske landdistrikta under globaliseringa, og av ei gripande kjærleikshistorie.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.