JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kommentarar

Houellebecqs von

Hovudscena i Michel Houellebecqs nye roman Serotonin er bygd over to sentrale bibelske bilete som heng saman: Abraham som vil ofre Isak, og krossfestinga på Golgata.
Del 2 av 3.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
12499
20190329
12499
20190329

Michel Houellebecq har fått ry som provokatør på grunn av pornografiske og politisk upassande innslag i romanane sine. Men sjølv om Houellebecqs hovudpersonar ofte er nihilistar, så er dei ulukkelege nihilistar, sjølvplagarar som vil presse stadig meir nyting ut av ein overskatta seksualitet.

Dei har ein desperat livstrøyttleik som leier tanken til den spanske mystikaren Johannes av Krossen og diktet Sjelens dunkle natt, der det indre ljoset vert kveikt av mørke. Det er mykje likesæle hos Houellebecq, men livsalvoret fylgjer likesæla som ein skugge.

Hovudpersonane i romanane lir av ekstrem einsemd og meiningsløyse, som kallar fram motsetninga si som eit negativt nærvær. Gudsrøynsla ligg latent i eit uuthaldeleg gudsfråvær. I Serotonin slår dette over i religiøs mystikk.

Mystikken

Serotonin kan lesast som eit eksperiment for å sjå om det sekulariserte Vesten kan berge seg frå ein elles sikker undergang ved å fornye det metafysiske grunnlaget sitt gjennom kristen mystikk. For å seie det med eit paradoks vil eg i det følgjande freiste å syne kor openbert dette løynde aspektet ved romanen er, idet sjølve sentralscena i forteljinga er ei forkvakla etterlikning av Kristi krossfesting.

I omtalene har denne hovudsida ved romanen for det meste vorte fortrengd av det dagsaktuelle innslaget om krisa for dei franske landdistrikta under globaliseringa, og av ei gripande kjærleikshistorie.

Kritikarane har skrive om Houellebecqs «lengsel etter autentisk følsomhet» (Dagbladet), og «det europeiske menneskets mistrøstige livsbetingelser» (VG). I Klassekampen vart Serotonin i éin artikkel kalla «ein storarta landbruksroman» og i ein annan sett som ein typisk tekst frå «hvite menn fra den gamle verden».

Hos NRK vart den sentrale scena i romanen – sjølve krossfestingsbiletet i boka – lese som «en ekstremt ubehagelig skildring» av kva den europeiske mannen kunne vere i stand til. Men der og i Aftenposten nemner kritikarane rett nok kort at det finst ein kontakt mot «de høyere makter» og eit «desperat håp på bokens siste side».

Kjetil Jakobsen i Morgenbladet skriv at i «romanens siste avsnitt formuleres plutselig et alternativ» til svartsynet, «i et kristent språk, som likevel ikke nødvendigvis er religiøst».

Men dette «alternativet» er sjølve kjernen i Serotonin. Den kristne mystikken er ikjøta i forteljinga. Serotonin er ikkje ein psykologisk realistisk roman.

Houellebecq nyttar psykologiske og sosiale stereotypar til å kaste ljos over sivilisatoriske, samfunnsmessige og religiøse problem. På overflata er romanen ei spanande forteljing krydra med satire. Under overflata representerer hovudpersonane sivilisatoriske innslag. Forteljaren sjølv er personifiseringa av den moderne sekulariserte europearen.

Den gamle verda

Florent-Claude Labrouste, forteljaren i Serotonin, er ein 46 år gamal agronom som har nådd nullpunktet i livet sitt. Han vel å forsvinne. Han forlèt sambuaren utan eit ord, seier opp husvære og arbeid, skiftar bank og fjernar alle andre adresser enn e-posten. Ribba for det sosiale livet sitt glir han inn i sorgmod og søkk vidare mot depresjonen.

Med antidepressivet Captorix, som frigjer signalsubstansen serotonin, vital for mental og kroppsleg balanse, held han seg så vidt på beina, men medisinen gjer han impotent.

Som eit slags gravferdsritual vil Florent no arrangere ein «avskjedsseremoni rundt kjønnsdriften» sin, og oppsøkjer dei svært få viktige menneska i livet sitt, mellom dei den store og tapte kjærleiken, Camille, og den einaste venen frå landbrukshøgskulen, den adelege Aymeric d’Harcourt-Olonde, som har teke over familieeigedomen Château d’Olonde i Basse-Normandie.

På det representative eller symbolske planet i romanen står desse to for det gamle Europa og det gamle Frankrike. I Aymerics tilfelle går dette fram av den ærverdige status som slottet har som verna historisk monument frå mellomalderen, men òg av slektsnamnet som går attende til vikinghovdingen Gange-Rolv på 900-talet.

I Camilles tilfelle ser ein det av den ungdomelege kjærleikshistoria som er ein moderne variant av eldre kjærleiksromanar som Tristan og Isolde. Ved at forteljinga om Florent og Camille kallar fram idealet om den romantiske kjærleiken, som idéhistorisk går attende til fransk mellomalder og trubadurdiktarane, vert historia deira knytt saman med Aymeric.

Florents tap av den store kjærleiken gjennom utruskap, og det djupe forfallet til Aymeric og garden hans, fortel om slutten på den gamle europeiske verda. Denne slutten vert understreka av at ulukka som råkar den franske landsbygda og det gamle slottsbruket, står fram som resultat av den globale nyliberale økonomien. Dette vert sett på spissen ved at Aymeric under ein samanstøyt mellom bønder og opprørspoliti gjer sjølvmord ved å fyre av ei automatrifle under haka.

Brotsverket

Frå Aymerics våpenlager får Florent med seg eit presisjonsgevær med kikertsikte til skarpskyting. Rifla, valden og sjølvmordet bind saman lagnadene til Aymeric, Camille og Florent. Etter nokre vekers skytetrening dreg Florent til byen der Camille har veterinærkontoret sitt. Under spioneringa på henne oppdagar han at ho er aleinemor med ein fire år gamal gut, frukta av eit tilfeldig møte med ein anonym heavy metal-fan på ein rockekonsert etter brotet med Florent.

Florent får no den vanvitige ideen om at guten står i vegen for at han kan ta opp att kjærleiksforholdet til Camille, og vil drepe guten for å rydde plass for seg sjølv – ein plan han etterpå kallar «uforståelig, sjokkerende og forfeilet», men som likevel spelar ei nykelrolle i forteljinga.

Han skuggar Camille til eit hus som ligg for seg sjølv, der ho bur saman med den vesle sonen sin. Ovanfor huset ligg ein stengd restaurant der Florent bryt seg inn og plasserer seg ved eit vindauge med god utsikt til huset. Han vil drepe guten og forsvinne utan spor, for så etter ei tid å oppsøkje Camille, som prega av sorga vil ta imot han med opne armar, trur han; og dei to vil leve vidare i den store kjærleiken som om brotet mellom dei aldri var hendt.

Han opnar glasdørene der han ligg løynd, og i kikertsiktet får han Camilles gut, som urørleg arbeider med eit Disney-puslespel om Snøkvit. Det er vindstille, umogeleg å bomme.

Men Florent vert liggjande i ti minutt med fingeren på avtrekkjaren og trådkrossen til kikertsiktet som ein symbolsk kross over hovudet til den vesle guten. Medan han ligg slik og tida går, skjønar han at han ikkje kjem til å skyte: «Jeg kom ikke til å klare å forandre tingenes gang, det var ulykkelighetens mekanismer som var de sterkeste, jeg kom aldri til å finne tilbake til Camille, og vi kom til å dø alene, ulykkelige og ensomme.»

Abraham og Isak

Den høgdramatiske situasjonen der Florent ligg med guten i krossen til kikertsiktet, er det sentrale biletet i Serotonin. Det er ei pervertert iscenesetjing av det kristne grunnbiletet om krossfestinga, der Gud ofrar sin eigen son for å berge menneska. Trass i det forvrengde i denne etterlikninga syner ho til krossfestinga, døden og oppstoda, som ikkje berre er knytt til den kristne pasjonshistoria, men òg til innviinga i mystikken, som òg vert omtala som død og ny fødsel.

Denne tolkinga vert styrkt av både trådkrossen i linsa, som syner siktepunktet for den drepande kula, slik at biletet av guten for Florent vert eit krusifiks, og av puslespelet om Snøkvit, prinsessa som fell i ein dødliknande svevn og vert vekt opp av kjærleiken.

Dette drastiske biletet fortel kva som skal til for at Florent skal kunne leve vidare, nemleg ein indre, åndeleg eller metafysisk grenseovergang, ein død og ny fødsel. Men fordi drapet – krossfestinga, innviinga, grenseovergangen – ikkje kan skje, er Florent fortapt, og han må no sjølv døy. Difor pakkar han saman rifla «veldig sakte, som i en gravferdsseremoni».

Men i dette ytste mørket vert eit ljos kveikt. Tapet av all von ber den dødsdømde over ei grense i sinnet, der han kjem inn i «soner i den menneskelige psyke som fortsatt er lite kjent, fordi de har vært lite utforsket», og som ein berre kan nærme seg med «paradoksale og gjerne absurde formuleringer», og Florent kjem på uttrykket «espérer au-delà de toute espérance», som går attende til Romarbrevet 4.18, der det i den franske bibelen heiter «espérer contre toute espérance», «mot von trudde han med von». Paulus nyttar dette uttrykket om Abrahams tru på Guds løfte om at han skulle få ein son med Sara då ho var 90 år gamal, og denne trua er biletet på den kristne trua på Kristi død og oppstode.

Bak biletet om Kristi krossfesting, Guds sjølvoffer, ligg biletet av Abrahams ofring av Isak, menneskeofferet som Gud både tinga og hindra, nett som Florent vert liggjande med fingeren på avtrekkjaren og krossen over hovudet til Camilles son, utan å trykkje av.

Assosiasjonane går vidare til Kierkegaards Frygt og Bæven, der historia om Abraham og Isak dannar utgangspunkt for spørsmålet om det finst eit religiøst nivå som opphevar etikken, og der vanleg moral og forstand ikkje gjeld.

Søylehelgenen

Romanen er ramma inn av to fallossymbol. Han startar med ei lang skildring av korleis Florent hjelper to lettkledde og seksuelt attraktive unge kvinner med å pumpe opp dei flate dekka på bilen deira, eit bilete på ereksjon. Romanen endar der Florent har trekt seg attende for å døy i eit eittroms husvære øvst i ei anonym, hundre meter høg bustadblokk – atter eit fallossymbol – der han i toppen har klistra til veggene i husværet med pornografiske bilete frå sitt tapte kjærleiksliv.

Øvst i denne høgblokka liknar Florent ein moderne søylehelgen i den urbane ørkenen. Mat skaffar han seg gjennom Amazon, søppel går i sjakta, ut skal han ikkje meir. Planen er å halde seg i live så lenge Captorixen og pengane varer, for så ei natt å hoppe ut av vindauget og la seg verte knust mot asfalten.

Døyande av kjærleikssorg, feit, rik og utan livsmeining, impotent og utan arvingar, er han Serotonins representant for det døyande Europa i samtida. Denne rolla vert understreka ved at han no les Trolldomsfjellet, Thomas Manns prolog til fyrste verdskrig og dødsmesse for Europa. Trolldomsfjellet endar i ein seksuell scene, og dette hissar Florent opp til ein bitter monolog. Når sjølv eit så kultivert menneske som Thomas Mann ligg under for makta til den upersonlege seksualiteten og ikkje veit om noko meir attråverdig enn ei «alminnelig småsexy tenåringsjente», må Europa gå under «ved den dyriske tiltrekningens endelige seier».

Sjølvofferet

Men nett her dukkar det atter opp religiøse tankar for Florent, der kjærleiken vert ståande for han som gudsprov. Han ser no at kjærleiken, desse «blaff av kjærlighet som blusser opp i vårt bryst så vi mister pusten av det, disse visjonene, disse ekstasene», ikkje berre er uforståelege reint biologisk og difor må ha eit anna, guddomeleg opphav, men òg at dei er Guds teikn på at han finst.

I ljos av denne innsikta skjønar han Kristi «oppgitthet over menneskenes forherdede hjerter», at vi har prova rett føre oss og ikkje ser dei, og her glir Florent brått i eitt med Kristus sjølv, i den avsluttande utsegna i boka: «Må jeg virkelig i tillegg gi mitt liv for disse stakkars menneskene? Er jeg virkelig nødt til å være så til de grader klar og tydelig? Ja, det kan se sånn ut.»

Her går den livstrøytte nihilisten Florent over til å sjå kjærleiken som provet på at det finst ein oversanseleg dimensjon. Dette er ein slutt som heng i hop med den mystiske kjernen i boka og dei tidlegare refleksjonane om den paradoksale vona mot von med tilvisinga til Romarbrevet.

Men som venteleg i ein roman av Houellebecq skjer dette under frammaninga av eit grotesk og paradoksalt bilete: Den impotente europearen, som sit fanga som i ein blindveg øvst i den enorme fallosen, vil no berge seg ved friviljug å kaste seg i døden som ein oppsvulma og isolert Kristus, i von bortanfor von om at dette offeret i natta skal syne menneska eksistensen av og vegen til ei anna og ljosare verd, så vel politisk som metafysisk.

Kaj Skagen

Kaj Skagen er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Skagen har samarbeidd med fyrsteamanuensis i fransk litteratur ved Universitetet i Bergen, Margery Vibe Skagen, om tekstanalysen i artikkelen.

Framhald neste veke.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Den kristne mystikken er ikjøta i forteljinga. Serotonin er ikkje ein psykologisk realistisk roman.

Florent liknar ein moderne søylehelgen
i den urbane ørkenen.

Emneknaggar

Fleire artiklar

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis