JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kommentarar

Gåvedrysset som ranar oss

Ingen gåver er gratis. Særleg ikkje dei som omgår velferdssystemet.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5507
20210813
5507
20210813

Juli 2021 var ein travel månad. Det var ein VM-månad, ein OL-månad og ein temperaturrekord- og skogbrannrekordmånad. Men midt i alt dette fekk du sikkert med deg eit anna lite nyhende: Tysdag 20. juli var ein av dei rikaste personane i verda, Amazon-gründer Jeff Bezos, i verdsrommet. I ein romrakett konstruert av eit selskap han sjølv eig, Blue Origin, fauk han omkring der ute og var vektlaus i ti minutt, før han og mannskapet landa trygt attende på jorda.

Dei ti minutta brukte han mellom anna på å ete drops, verte ovundra av korleis jordkloden ser ut utanfrå, og uttale fylgjande: «Eg vil takke kvar einaste Amazon-tilsett og kvar einaste Amazon-kunde, for de har betalt for alt dette. Så, alvorleg tala, til kvar einaste Amazon-kunde der ute, og kvar einaste Amazon-tilsett, tusen hjarteleg takk, det vert sett stor pris på.»

Midt i alt det andre, i skogbrannane og flaumane og slikt, er det desse små setningane vi skal bruke litt tid på å dvele ved no. Det ville kanskje vore enkelt å late hendinga gli forbi, tenke «oi, tøft» eller «æsj, for ein tulling», og så gå vidare til neste innslag eller neste bilete i telefonskrollen, for ser ein slik på det, kan det at ein rik amerikanar vel å bruke nokre milliardar på å kome seg ut i verdsrommet, verke som ein parentes – han har no tent desse pengane, og kvifor skal eg bry meg om kva han brukar dei på?

Uunngåelege Amazon

Men så er det noko ved at Bezos valde å takke slik han gjorde, når han no er den han er: sjef for eit selskap som, for det første, er kjent for å tilby dei over éin million tilsette i USA brutale arbeidsforhold i lagerbygningar så enorme at arbeidarane kan slite med å rekke fram til toalettet i tide, og der dei uansett jobbar etter så detaljert tidsstyring at eit toalettbesøk kan koste dyrt. Selskapet brukte nyleg millionar av dollar på ein reklamekampanje for å stogge forsøk på å etablere fagforeiningar i lagerhallane.

For det andre har Amazon vorte ei nødvendig plattform for alle som vil selje noko over nett i store deler av verda: Er ikkje produktet ditt å få kjøpt hos Amazon, klarar du deg ikkje – sjølv om produktet ditt vert selt til prisar så låge at lokale små butikkar berre kan drøyme om å konkurrere. Ingen veit kor mange bokhandlar Amazon har konkurrert ut, men det er nok mange, og eg trur eit fåtal av dei, på same måte som eit fåtal av dei tilsette og eit fåtal av dei som (i mangel av alternativ) handlar i nettbutikken hans, kjenner seg takksame over at Bezos har tent nok til den dyre nøyesreisa i verdsrommet.

Det verste er kanskje at han tilsynelatande kjem unna med det – at dekninga av romraketten handlar om kva som vil skje med privatfinansiert romturisme i framtida, og korleis Bezos og folk som han hjelper verda framover, og ikkje i det heile om korleis eigarane av denne gigantiske storkapitalen lèt som dei hjelper til, men eigentleg kan ende opp med å utfordre velferdsstaten.

Våre eigne velgjerarar

For Jeff Bezos er sjølvsagt langt frå aleine i å prøve å selje formuen sin som eit gode til verda. På mange måtar framstår romreisa hans som uvanleg egosentrisk: Han skjuler ikkje at han gjorde dette for sin eigen del. Likevel ligg det tett under overflata at romsatsinga hans, så vel som romsatsinga til medriking og Tesla-gründer Elon Musk, bidreg til å utvikle teknologi som skal kome oss alle til gode – slik finanseliten alltid har gjort. USA har lenge vore episenter for privat filantropi, med verdas nest største allmennyttige stifting, Bill & Melinda Gates Foundation, som det kanskje mest kjende dømet.

Men trenden kjem nærare: Når Olav Thon plasserte heile formuen sin i ei stifting i 2013, og daglegvarekonsernet Kavli, som mellom anna eig Q-Meieriene, gjev heile overskotet sitt til Kavlifondet, som vidare deler ut midlar til «allmennyttige formål innen forskning, kultur og humanitært arbeid», medan Kjell Inge Røkke bygger forskingsskip til WWF, og Fritt Ord har mange fingrar med i spelet om kven som skal skrive sakprosa i Noreg, flyttar vi makt frå politikarar til private aktørar.

I ei stifting kan du ikkje berre få unntak frå formue- og inntektsskatt, om du spelar korta dine riktig; du kan få bestemme kva tiltak som er verdige ei pengegåve. Du kan vere med på å styre kva vi skal forske på i Noreg, om det er Lærdal eller Leikanger som har mest bruk for ballbinge, kva kunst som er god nok til å henge på offentlege bibliotek, kva som er gode tiltak for førebyggande psykisk helsevern, eller kva bistandspolitikk som fungerer.

Ørane som forsvinn

Misforstå meg rett: Mange – truleg nærare alle – tiltaka som får pengar, er gode. Pengane kjem til nytte. Men er privatpersonar og føretak som tilfeldigvis – eller på nokon sin kostnad – får store overskot, dei beste til å fordele dei? Private initiativ har sjølvsagt ein plass i samfunnet, men den ukontrollerte framveksten treng open diskusjon.

Di meir vi lever i ei verd der nokre er rike nok til å bruke 5,5 milliardar dollar på ei ti minutts romreise, samstundes som dei har éin million tilsette gåande på minimumsløn, di meir treng vi å verte fortalde at for kvar krone som vert putta inn i ei allmennyttig stifting, forsvinn det nokre øre det offentlege skulle fått fordele gjennom den store, offentlege stiftinga – den vi kallar velferdsstaten.

Å irritere seg over Jeff Bezos romturisme handlar ikkje om misunning. Det handlar om sunt folkevit.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Mange – truleg nærare alle –

tiltaka som får pengar, er gode.

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis