Eit uskjønleg søksmål
Kvifor har ikkje advokaten rådd Inger Hjorth frå å gå til søksmål mot Den Nationale Scene?
Kjersti Elvik spelar hovudrolla som Bergljot. På lerret ser vi Irene Waage, Wenche Kvamme, Agnete G. Haaland og Svein Harry Schöttker-Hauge.
Foto: Odd Mehus
Når mor til Vigdis Hjorth, på vegner av seg sjølv og den avdøde ektemannen hennar, no vil gå til sak mot Den Nationale Scene (DNS) for at dei har vist ein teaterversjon av romanen Arv og miljø, er det vanskeleg å skjøne kva ho vil oppnå.
Gjennom advokaten sin i Advokatfirmaet Elden seier mora, Inger Hjorth, til VG at ho har «behov for ro i en svært belastende situasjon». Det er lett å skjøne. Men då må ein spørje seg kvifor ho går til offentleg søksmål og såleis bidreg til at det ikkje blir ro om saka på lang tid enno. Og kvifor gjekk ho ikkje til namsretten i 2016 og prøvde å få hindra utgiving av boka?
Då ville ho, på langt mindre krevjande vis, fått erfare at sjansen for å vinne fram er om lag lik null. Berre spør lingvisten ved Universitetet i Oslo, som hausten 2003 prøvde å stoppe Rønnaug Kleivas roman Ingen reell fare. Boka handla om eit trekantforhold, og kvinna meinte seg utlevert og misbrukt. Men det var inga støtte å hente i Oslo namsrett for påstanden om at boka braut «privatlivets fred».
Sist eit skodespel blei forsøkt stoppa med rettslege middel her i landet, var Georg Johannesens Kassandra, som i 1967 blei meldt til politiet med påstand om at det var blasfemisk. Men både forfattaren og Det Norske Teatret gjekk fri, saka nådde aldri domstolen.
Dersom familien Hjorth verkeleg ønskte, og ønskjer, ro om denne saka, har dei systematisk gått fram på feil måte. Først mata dei Ingunn Økland i Aftenposten med informasjon som skulle prove at Vigdis Hjorths roman var sjølvbiografisk, noko ho heile tida har avvist.
Så skreiv søstera, juristen Helga Hjorth, ein «motroman», Fri vilje, året etter at Arv og miljø kom ut. Denne litteraturhistorisk nokså eineståande reaksjonen var saktens imponerande, og boka var slett ikkje utan kvalitetar – sjølv om heile prosjekt bar preg å vere eit svar til søstera, ikkje eit sjølvstendig kunstverk.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.