Eit feilslege prosjekt
Faktisk.no driv med sterkt vinkla journalistikk og manglar kompetanse. Dei har vorte ei vanleg norsk avis.
Alt frå starten av likte eg ikkje ideen om faktisk.no. Då det i mars 2017 vart kunngjort at dei store mediehusa i Noreg skulle gå saman om å finansiera ein nettstad som skulle sjekka fakta i norske media og i det norske ordskiftet, vart eg spurd av Klassekampen kva eg meinte. Eg sa det var ein dårleg idé, at det var å setja ut eit arbeid mediehusa sjølv burde gjennomføra, og at det viktigaste ei avis hadde, var integriteten. Og integritet set ein ikkje ut på tilbod. Sagt på ein enklare måte: Eg meinte at mediehusa heller burde nytta pengane på å sjekka eigne fakta. Eg sa òg, utan at eg vart sitert på det, at eg rekna med at sidan dei alt hadde rekruttert ein redaktør frå Dagbladet, Kristoffer Egeberg, kom faktisk.no til å verta en del av den vanlege liberale venstresideagendaen.
Eg meiner framleis at mediehusa burde ha nytta pengane på eigne publikasjonar, og mistanken om slagside til venstre vart snøgt styrkt. Sumaren 2017, like etter oppstarten, fann faktisk.no ut at dei ville sjekka ei utsegn Siv Jensen hadde kome med i mars same året: «Den største veksten – etter at vi har tapt 50.000 arbeidsplasser i oljerelatert industri – har kommet i privat næringsliv.» For å visa at leiaren i Frp tok feil, sjekka nettstaden nettoveksten i sysselsetjing mellom 2013 og 2016. Ja, den synte at offentleg forvalting hadde stått for 60 prosent av veksten, dimed stempla faktisk.no utsegna til Jensen som «faktisk helt feil».
Problemet var berre at Jensen snakka om veksten etter oljekrisa. Både SSB og professor Einar Lie rykte då ut og sa at Jensen nok hadde rett. For etter tapet av 50.000 arbeidsplassar i oljebransjen hadde desse vorte kompensert med nye og andre arbeidsplassar i det private. Egeberg stod på sitt, i det minste korrigerte han aldri «helt feil»-påstanden på nettsida. Det er generelt aldri særleg lurt å utfordra faktainnhaldet i det ein finansminister seier. Jensen hadde eit heilt finansdepartement som faktasjekkar.
Vindfilm
Eg har sjølvsagt ikkje forska på kva faktisk.no har drive på med, men eg har vore innom med ujamne mellomrom. For eit par veker sidan vart eg ekstra nyfiken då eg såg at det oppstod ein debatt i fagbladet Journalisten om ein antivindkraftfilm som heiter Økonomibløffen. Ein av personane bak filmen var ein geofysikar som har arbeidd i energifeltet. No protesterte han, og slike plar kunna tal. Det synte seg at faktisk.no hadde laga ein lengre sjekk av filmen under overskrifta «Viral vindkraft-video er full av feil». Filmskaparane hevda på si side at granskinga til faktisk.no var full av feil. Eg vil dvela litt med denne «faktasjekken», for å visa kor gale det kan gå. Ja, eg har sett filmen, og ja, eg meiner det kan vera gode grunnar til å sjekka tala som kjem fram der, men òg at filmskaparane har fleire gode poeng.
Egeberg har i eit svarinnlegg avvist kritikken. Og det skal Egeberg få ros for: Når faktisk.no endrar noko i ei tekst, fortel dei under saka kva dei har endra. Dei har endra mykje. Mellom anna skriv dei dette om elsertifikata, som til og med 2021 og femten år etter utbygginga går til slikt som vindkraft på Fosen: «Mellomtittelen ’Ikke et redskap for mer vindkraft’ er justert til det mer dekkende ’Ikke kun et redskap for mer vindkraft’.» Elsertifikata er sjølvsagt ein reiskap for meir vindkraft, per 1. april i år var det anten bygd ut eller under bygging knapt 16 TWh vindkraft, seier regjeringa, som i stortingsmeldinga om vind skriv: «Vi har svært gode vindressurser og vår regulerbare vannkraft er gunstig for vindkraften.» Det er nett dette at subsidieordninga går ut i 2021, som har ført til at vindselskapa har det så travelt med å få opp mange vindturbinar i desse tider. Og som vi ser: Dei to mellomoverskriftene til faktisk.no seier to heilt ulike ting, og dette kallar dei ei justering.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.