Ein god skule er så forskjellig

Lat oss bruke blanda erfaringar frå heimeskulen til å skjøne at mangfald er bra.

Publisert

«Vanskelig å finne motivasjon», «Kunne ikke kommet på et bedre tidspunkt», «Følger pensum under epletrærne», «Bekymret for at elever vil henge etter» og «­– Her minner lærerne deg hele tida på hva du er god til».

Alt dette er titlar på artiklar om heimeskulen dei siste to månadane. Sjølv om ei undersøking frå Høgskolen Innlandet synte at fleirtalet av elevane frå 5. til 10. klasse har mykje fagleg å hente inn att (noko anna ville vore ei mykje større overrasking), viser desse døma at det er vanskeleg å sette to strek under eitt svar på om heimeskule har vore bra eller dårleg for norske born. Rett og slett fordi heimeskulen har fungert bra for nokre og dårleg for andre.

Og kanskje er dette rett og slett det viktigaste vi kan ta med oss ut av koronaskuletida: Den same undervisninga fungerer ikkje for alle. Den same skulen fungerer ikkje for alle.

Einskap i mangfald

I Noreg har vi einskapsskule. Det inneber likevel ikkje at alle skal få akkurat same opplæringa, berre at alle, uavhengig av kjønn, intellektuell kapasitet, geografisk tilhøyrsle og etnisk bakgrunn, skal få same kvalitet på opplæringa. Ikkje same opplæring, berre like god.

Altså er det ingenting i vegen for at staten driv ein meir mangfaldig skule. Vi treng absolutt ikkje legge oss flat for profittdrivne private føretak for å få eit breiare undervisningstilbod, men vi må erkjenne at vi treng det.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement