JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kommentarar

Ei frisk form for arbeid

Kan det vere at trening er ein temmeleg tungvint måte å kome i form på?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5859
20200117
5859
20200117

Har du planar om å trene meir i 2020? Alt komen i gang, ja? Ute og joggar i tussmørke og slaps, i tronge tights ved vektstonga på treningssenteret, påmeld yogakurset som byrjar til veka? Det er bra. Ingenting er betre enn at folk ynskjer å halde seg i rørsle, aktivitet, ja, kort og godt i form, for det trengst: Berre ein tredel av oss vaksne nordmenn klarar tilrådinga frå Helsedirektoratet om to og ein halv time moderat fysisk aktivitet i veka. Dei fleste av oss er altså i aktivitet i under tjue minutt kvar dag.

Alle har godt av å røre seg. Difor kryssar eg fingrane for deg – og det kan òg trengast: Synest du det er litt trongt på treningssenteret for tida, er det berre å bite seg fast. Rekkene kjem til å tynnast ut ganske fort.

Ifylgje bransjen sjølv forsvinn kring ein tredel av nyttårstrenarane i løpet av dei fyrste par månadane. Kring halvparten av dei som står att, er vekke etter eitt år. Vi kan vere så motiverte vi berre vil, men dei aller fleste av oss fell av. Kvifor er det så vanskeleg å halde seg i form?

Drepande keisamt

Helsedirektoratet tilrår at friske vaksne driv «muskelstyrkende aktiviteter» minst to gongar i veka, men røyndommen er at under halvparten av oss driv styrketrening ein gong i året. Kan det rett og slett vere fordi det er drepande keisamt?

Styrketreningsmaskinene på treningsstudioet er skrekkeleg effektive til å gjere berre éin ting: trene akkurat den eine muskelen eller i beste fall muskelgruppa ho er bygd for. Vi har eigne maskiner for triceps, for biceps, for rette magemusklar og for skrå. I nokre øvingar skal det løftast, i andre stigast, i atter andre klemmast, svingast eller bøyast. Men alle har dei til felles at vi er forventa å skulle anstrenge oss – slappe av – anstrenge oss – slappe av – i eit gjentakande mønster av handlingar utan anna meining enn å klare å gjenta dei fleire gongar enn førre veke.

Det må ikkje vere slik

Er det rart at mange håpefulle og heilt ærleg interesserte treningsbyrjarar fell frå? Menneske er skapte for rørsler, men vi er skapte for rørsler med meining. Handlingar med innhald, med ei årsak utover seg sjølv: Den delen av menneskehistoria då vi har løfta tunge kuler over hovudet berre for å sleppe dei ned att og sjå om vi kan løfte dei ein gong til, er ganske kort.

Men slik må det kanskje vere i ei rik, moderne verd? I ei verd der 60 prosent av oss har stillesittande arbeid, meiner eg, og i tillegg sit godt og solid fast i ei tidsklemme som gjer at den vesle fritida vi har, må nyttast mest mogleg effektivt? Då er vel den beste måten å halde seg i form på eit vitskapleg testa og prova effektivt treningsopplegg – øvingar som går på akkurat den muskelgruppe du kjenner du treng å jobbe med akkurat i dag? Så får det vel berre våge seg at det er bitte litt, nei, vent, heilt uuthaldeleg keisamt, repetetivt, ja, beint fram meiningslaust?

Må det verkeleg vere det? Nei, det må det verkeleg ikkje.

Gje meg ein spade

Hald deg fast: Det går an å bruke musklar så å seie utan å merke at dei arbeider. Det går an å bygge musklar meir eller mindre utan å tenkje over at ein vert sliten på vegen. Det kallast fysisk arbeid og må verken vere så slitsamt eller så skadeleg som vi stadig vekk får høyre: Tvert om tør eg påstå at ein kan slite seg monaleg meir ut, og bruke fleire musklar ein kanskje ikkje visste ein hadde, med øks, sag og det som etter kvart vert ein vedstabel, enn ein kan med ei stong ein lyfter opp og ned med vekter i begge endar.

Øksa og saga kan bytast ut med ein spade, ein steinhaug, ein målekost eller ein skiten bil: Poenget er at reiskapen skal brukast for si eiga skuld, ikkje for musklane dine. Treninga er ikkje det einaste – kanskje ikkje ein gong det viktigaste – målet med handlinga.

Kanskje skal vi, i staden for å byrje å sette oss mål for kor mykje vi skal trene, spørje oss kvifor vi skal trene. Er målet flest mogleg løft av tyngst mogleg vekt som gjev størst mogleg biceps? Eller er det å ha det betre med seg sjølv? Kjenne seg meir vel, meir heime, meir nøgd med og i sin eigen kropp? Med eit nøgd hovud på toppen? Kan det i så fall vere lurt å velje seg ei aktivitetsform som i staden for dårleg samvit fordi ein ikkje er så flink som ein burde vere, gjev arbeidsglede og virketrong?

For all del: Dette er ikkje ein tekst som hevdar at vi skal slutte å gå på treningssenter, legge dei ned eller noko i den retning. Dei som likar å trene slik, skal sjølvsagt halde fram med det. Men det er ein tekst som meiner at det å bøye seg ned til bakken i skogen for å plukke ein gul kantarell eller eit lysande moltebær, er mindre slitsamt enn ein aerobictime. Du brukar fleire musklar på å byte bremsevaierar på sykkelen din enn du er klar over, og ballspel i fellesskap er lettare å meistre enn balløft åleine.

Skaparverkstader

Difor er det òg ein tekst som ser positivt på dei skaparverkstadene som dei siste åra har dukka opp her og der kringom i landet, og som synest dei bør få sin velfortente plass i folkehelsestatistikkane og gjerne verte like vanlege som nettopp treningssenter som ein del av til dømes studentsamskipnader: ein skaparverkstad, kanskje betre kjent som makerspace, er ifylgje dei sjølve ein stad der «vanlige folk kommer og lager uvanlige ting». Her kan det vere alt frå sløydsalar til symaskiner og sykkelverktøy. I Førde laga ungdommar ved eit skaparsenter nyleg ein flysimulator Forsvaret mest truleg kjem til å bruke.

Dei brukte heilt sikkert musklar på vegen. Akkurat kva for nokre og kor mange kilo dei løfta, er det ingen som veit. Kanskje er det til sjuande og sist nettopp der god helse byrjar.

Siri Helle er journalist og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Den delen av menneskesoga då vi har løfta

tunge kuler berre for å sleppe dei ned att og sjå

om vi kan løfte dei ein gong til, er ganske kort.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis