JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kommentar

Effektivisering er ikkje berginga

Korleis gje bønder rettferdig inntekt når dei framleis skal vere sjølvstendig næringsdrivande?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Dei siste par åra har den norske bonden fått kjenne konsekvensane av å produsere i eit system der utgiftene er styrte av marknaden, medan inntektene er styrte av politikarane, skriv Siri Helle.

Foto: Heiko Junge / NTB

6490
20240419
6490
20240419

Dokteren treng du tre gonger i løpet av livet, bonden treng du tre gonger om dagen, seier eit munnhell. Likevel tener dokteren mykje meir enn bonden eingong kunne kome på å krevje å tene. Her skal vi ikkje samanlikne dokterar og bønder. Vi skal berre spørje: Kvifor er det så vanskeleg å betale bønder skikkeleg?

Lat oss byrje med å slå fast kva vi ikkje burde gjere: å innføre ei inntektsnormering på 43 prosent, eller på 20 prosent slik regjeringa foreslår. Ideen om at den teoretiske bondeinntekta må justerast opp fordi somme bønder ikkje maksimerer inntektene sine har regjeringa henta frå Grytten-utvalet frå 2022. I innleiinga til stortingsmeldinga NOU 2022:14 Inntektsmål i jordbruket skriv Grytten-utvalet: «Utvalget legger til grunn at en del jordbrukshusholdninger maksimerer velferd fremfor maksimalt økonomisk overskudd som motiv for driften.»

Dei utdjupar synspunktet vidare i kapittel 5: «Mange bønder, især blant de som oppnår lav avkastning over tid, driver trolig ikke primært overskuddsmaksimering, men maksimerer nytte i et samspill mellom jordbruk, annen næring, lønnsarbeid og husholdning. Jo mer kapital- og arbeidskrevende jordbruksdriften er og jo høyere andel av husholdningens samlede ressurser som brukes i jordbruket, jo større vekt er det grunn til å anta at den næringsdrivende legger på rene økonomiske verdier.»

«Per i dag er gjennomsnittsgarden i Noreg 270 dekar. Det er 100 dekar større enn gjennomsnittsgarden i EU.»

Stordriftsulemper

Det er sjølvsagt mogleg å skjøne korleis Grytten-utvalet og Sp, Ap, Høgre og Venstre tenker. Men dette er eit slikt tilfelle der det å kjenne årsaka gjer meininga endå vanskelegare å forstå.

For desse bøndene som driv gard ved sida av ein annan jobb, som elskar å jobbe med dyr og jord og planter og traktorar, trass i at dei ikkje har tent særleg mykje pengar på det, som kanskje berre driv sin eigen familiegard, eller kanskje har femna om ei rekke nabogardar og prøvd å vekse, men likevel ikkje fått god nok inntening til å kunne kutte ut den «vanlege» jobben eller ta inntekta til partnaren inn i drifta av garden – kva er dei om ikkje kjernemuskulaturen, armane, beina, hjernen og hjartet til norsk jordbruk? Ei næring som kanskje meir enn noka anna har monalege stordriftsulemper ved å ha eit driftsgrunnlag som ikkje lèt seg flytte på.

Ein tredjedel av norske bønder har negativ næringsinntekt. Om lag like mange har under 150.000 kroner i omsetning. Skal det vere ei unnskyldning for at vi ikkje-bonde-nordmenn skal sleppe å betale skikkeleg for maten vi et? Burde ikkje bønder som forvaltar dei jordressursane dei vel å samle i landbruksføretaket sitt, få like godt betalt per dekar, per kilo lammekjøt eller per kilo korn, som den som driv stort nok til å ha ei fulltidsinntekt?

Bruk av jord

Vi bør minne oss sjølve på kva jordbrukspolitikk er for noko: politikk for bruk av jord. Heile systemet for offentleg tildelte tilskot og midlar til jordbruket vart bygd for å jamne ut naturgjevne driftsskilnader, slik at det vart økonomisk mogleg å drive matproduksjon over heile Noreg.

Så kom krava til vekst og effektivisering. Det har vore sett som fasiten og berginga for norsk jordbruk i heile etterkrigstida. Noko har vore naudsynt og riktig, men no ser vi tydeleg baksida av at næringa i seksti år har underteikna jordbruksavtalar som seier at bonden må effektivisere for å få inntektsvekst. I 2023 var effektivitetskravet 1,2 prosent – i 2024 nye 1,1 prosent.

Den einaste måten å oppnå denne veksten på er å investere meir, verte meir kapitalintensiv eller ta over meir jord – frå andre gardar. Per i dag er gjennomsnittsgarden i Noreg 270 dekar. Det er 100 dekar større enn gjennomsnittsgarden i EU. EU har altså vore flinkare til å ta vare på driftsmangfaldet enn Noreg. Land som Austerrike har mykje å lære oss om korleis ein kan få det til: Aller viktigast er eit tilskotssystem som jamnar ut skilnader. Lettdrivne gardar på flatlandet kring Wien får lite eller ikkje noko tilskot, medan bratte og tungdrivne gardar i Alpane får høge driftsvansketilskot. Tilskotet kjem altså på bakgrunn av kva areal som vert forvalta – ikkje, slik vi i stadig større grad har sett i Noreg dei siste tiåra, frå kor mykje mat bonden produserer.

Bruk tollvernet

No syner regjeringa vilje til å putte pengar inn i jordbruket på eit nivå vi ikkje har sett sidan førre opptrappingsvedtak i 1975. Det er bra. Men det hjelper lite så lenge pengane vert putta inn i eit system som styrer mot stupet. Dei siste par åra har den norske bonden fått kjenne konsekvensane av å produsere i eit system der utgiftene er styrte av marknaden, medan inntektene er styrte av politikarane – som set råvareprisar i jordbruksforhandlingane gjennom målprisar. Målprisane er avgrensa av tollvernet, som igjen er avgrensa av internasjonale handelsavtalar som WTO. Det er i det minste det vi får høyre.

Då regjeringa etter press frå SV i fjor sette opp importtollen på poteter, var det fyrste tollendringa norske styresmakter har gjort sidan ostetollen i 2012. Det gjekk bra då, det kjem til å gå bra no, og det kan gå bra mange fleire gonger: Det er rom i tollvernet for å auke målprisane monaleg, og det gjev bonden høve til å ta ut meir inntekter i marknaden,

Ja, det kan gjere mat dyrare i butikken, noko mange politikarar er særleg uroa for nett no. Men kor mykje dyrare den maten vil verte for forbrukarane, er òg eit spørsmål om når og i kor stor grad styresmaktene vågar å regulere ein daglegvarebransje som har fått fritt spelerom altfor lenge.

God vilje, feil retning

Målet for norsk matproduksjon kan ikkje vere «overskotsmaksimering». Snarare tvert om: Det kan verte både vondt, vanskeleg og dyrt, men skal vi betre økonomien til den norske bonden, kjem vi ikkje unna å dempe effektivitetskravet. Ikkje for å gje bøndene høve til å ligge på sofaen medan kronene rullar inn, men for å stole på at dei faktisk prøver så godt dei kan å tene pengar på det innanfor ressursgrunnlaget sitt. Det kan vi gjere ved å bruke tollvernet aktivt, slik at bonden kan hente mest mogleg produksjonsinntekter i marknaden, og bruke dei offentlege tilskota til å gjere all jord i Noreg drivverdig.

Få kan krevje å vere heiltidsbonde. Men alle bønder kan krevje rettvis betaling for den maten dei produserer, og den jorda dei held i hevd.

Siri Helle

Siri Helle er agronom, journalist og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Per Anders Todal

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte
RagnarSandbæk

Barents blues, også et flytende samfunn

Min tiårige til-og-fra-periode i den tøffe trålbobla har preget meg nokså sterkt.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis