Det humanistiske skråplanetFordi motførestillingane mot inngrep i fosterprosessen og mot eksperimentering med livet kulturhistorisk er tufta på eit livssyn vi ikkje lenger har, taler logikken brått for å opne for inngrep og eksperiment. Slik ligg vegen ope
Fordi motførestillingane mot inngrep i fosterprosessen og mot eksperimentering med livet kulturhistorisk er tufta på eit livssyn vi ikkje lenger har, taler logikken brått for å opne for inngrep og eksperiment. Slik ligg vegen open for transhumanismen.
Transhumanisme er ein ideologi som vil forbetre mennesket og lette livet med genteknologi og kunstig intelligens. Transhumanistar nøyer seg ikkje med å ville endre menneskets kår ved å skape eit betre samfunn, fremje folkehelsa og utvikle teknikken. Dei vil endre det menneskelege arvematerialet og helst oppheve aldringsprosessen. Dei vil nytte genteknologi, kjemiske middel eller data- og nanoteknologi til å gjere mennesket meir intelligent, sosialt og lukkeleg.
Det høyrest ut som ein dårleg framtidsroman. Men det er ei samtidsforteljing vi alle skriv med på. For ønsker vi ikkje alle at vi sjølve og komande slekter skal ha betre liv enn i dag? Fordi den teknologiske utviklinga vert driven fram av menneskeleg trong til eit behagelegare liv, er transhumanismen ei logisk forlenging av den tekniske, biologiske og medisinske utviklinga.
Til dømes har det lenge vore mogeleg å unnfange og bere fram foster utanfor livmora, og for tidleg fødde kan overleve i kuvøse frå sjette månad. Truleg er det berre eit spørsmål om tid før heile reproduksjonsprosessen kan verte gjennomførd utanfor menneskekroppen. Ein kan då tenkje seg at dette på lengre sikt kan verte det normale viset å «lage born» på. Det er då heller ikkje utenkjeleg at dei som i ei slik framtid likevel sver til naturleg svangerskap og fødsel, vil verte sett på som bakstreverske og barbariske personar.
Utviklinga i transhumanistisk lei vert òg sponsa av sterke kapitalinteresser, og kan komme til å gå fortare enn mange trur, ikkje minst fordi motførestillingane mest er baserte på kjensler, og krev sjølvdisiplin av oss, medan den teknologiske omforminga av livet er støtta av logisk argumentasjon, vert fora med pengar og appellerer til egoismen.
Kulturhistoria
Eit sjeldsynt bidrag til å ta desse problema fram i ljoset, kom i fjor haust frå kyrkjehistorikaren Eivor Andersen Oftestad med boka Vi lager barn – ei kultursoge om korleis barnefødsel har vore betrakta og praktisert i kulturkrinsen vår dei siste fem hundre åra. Det lange perspektivet gir fråstand til saka, og lèt oss sjå forholdet vi har til born og fødsel som ei episk forteljing der vi òg ser linene inn i framtida.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.