JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kommentarar

Det digitale paradiset

Pandemien har teke frå oss dei sosiale møteplassane og erstatta dei med skjermar og telefonar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Dramatiske endringar blir bestemte i møteromma i Silicon Valley, ikkje for at akademia skal få høgare kvalitet, men for at selskapa skal tena pengar, skriv Jan Inge Sørbø.

Foto: Mark Lennihan / AP / NTB

5608
20210108
5608
20210108

Lytt til artikkelen:

Vi blir stadig overrisla med siste nytt om pesten og verknadene av han, og det manglar ikkje på dystre rapportar og spådommar. Men eitt lyspunkt blir stadig drege fram: Vi er blitt så flinke til å bruka digital teknologi.

Ikkje minst gjeld det mi eiga yrkesgruppe, vi som driv med høgare utdanning. Overgangen til reint digital undervisning har gått bra; rektorar og studiesjefar skryter av personalet og strevar med å løyna at dei slett ikkje hadde venta det av ein aldrande akademisk stand. Teknologitilhengarane jublar; dette har ført oss mange år fram i tid på nokre månader. Og teknologiselskapa høyrer utan tvil til dei som har blitt rikare under pandemien. Korleis det går med «dripping down»-effekten, er meir uklårt, men inntrykket mitt er at i alle fall i teknologiens Mekka, California, er dei fattige ikkje mindre fattige no enn for eit år sidan.

Ein bismak

Denne teknologiske jubelen får meg til å tenkja på den siste romanen til Alfred Hauge, Serafen frå 1985. Det er ei svært mangfaldig forteljing, som hentar stoff frå svartedauden, koleraepidemien i Stavanger på 1840-talet, heile 1900-talet og ei framtidsskildring av livet etter år 2000. I den siste skildrar han ein by der alle smittsame sjukdommar er utrydda. Det er berre éin hake ved det. Alle menneske er omgjevne av eit laserskjold, og dei får støyt om dei går nærare andre enn ein meter. Det er Bent Høies meter han har fått ein skimt av. Og forfattaren veg på det: Er dette eigentleg eit framsteg? Folk held seg jo friske, men til prisen av total kroppsleg isolasjon.

Jubelen over omleggingane til digital undervisning, som akkurat no er det beste vi kan tilby, har også ein bismak. Ein ting er at studentane går glipp av dei mange sosiale erfaringane som høyrer studietida til. Alle forstår at det er vanskeleg. Men det skjer også noko med undervisninga når det alltid er ein maskin mellom student og lærar.

Denne diskusjonen var på veg før pandemien slo til, og han vil halda fram etterpå. For her står store ting på spel.

Eit av Hans Skjervheims mest lesne essay har tittelen «Det instrumentalistiske mistaket». Her åtvarar han mot å sjå på den lærande som ein maskin og læraren som ein teknikar. Pedagogikk er læring i relasjon. Sidan eleven eller studenten skal utvikla seg gjennom kunnskapen, vil forholdet mellom lærar og elev alltid definera læringa. Vi kjenner det frå eiga røynsle: Det vi hugsar best frå skule og utdanning, er dei lærarane vi lærte av. Stundom var dei både tørre og pedantiske, men når vi oppfatta at dei kunne sine ting, og at det dei kunne var viktig, hadde dei gjort jobben.

No er det sjølvsagt mogeleg å få ein relasjon til ein lærar også via maskinen. Men noko går tapt. Kanskje kan vi finna ut noko om det når vi får hovudet over vatnet.

Pengar og makt

Det bekymringsfulle ligg likevel ikkje berre der. Det ligg òg i dei enorme konsentrasjonane av pengar og makt som er flytta over til dei store selskapa. Fordi det skjer så sakte, er det blitt usynleg. Men for oss som arbeider med undervisning, er det forbløffande å sjå kor mykje som no blir definert langt utanfor akademia. Den nye teknologien definerer formata. Bokformatet trer tilbake og vil snart vera heilt perifert. I staden les ein korte artiklar. Pensum må vera elektronisk tilgjengeleg. Førebels kan ein kopiera bokkapittel, men det langsiktige målet er at all tekst må liggja føre elektronisk for å kunna tena som pensum. Det endrar skrivemåten og tenkemåten. Verken Thomas Aquinas eller Kant kjem til sin rett i ein artikkel på 30.000 teikn. Heideggers 700 sider i Sein und Zeit kan ikkje lesast på skjerm.

Eksamensordningane styrer langt på veg formatet på eksamensoppgåvene. Handskrivne svar er blitt borte for fleire år sidan (til stor lette for sensorane, som slepp å slita med dårleg handskrift). Avhandlingsformatet har endra seg radikalt, frå svære monografiar som skulle seia det meste om emnet sitt, til artikkelbaserte avhandlingar i kort format. Det styrande er at artikkelen er langt lettare å leggja ut elektronisk, og dette har ført til ein enorm tidsskriftindustri, der ein betaler fleire tusen for å få ein artikkel på trykk (medan ein fram til tusenårsskiftet fekk honorar for å skriva artiklar).

Teknologistyrt

Poenget mitt er ikkje at alle endringane er negative; det er til dømes mykje lettare å finna fram kjelder som er geografisk fjerne i den nye teknologien. Poenget er at dramatiske endringar blir bestemte i møteromma i Silicon Valley, ikkje for at akademia skal få høgare kvalitet, men for at selskapa skal tena pengar. Teknologien overtek store delar av den pedagogiske utforminga av læring. Den kritiske diskusjonen av dette har ikkje vore heilt fråverande, men i forhold til dei dramatiske endringane teknologien har ført med seg, har han vore svært stillferdig. Og han er prega av at kritikarane blir karakteriserte som teknologiske sinker og tverrdrivarar.

Pandemien har nok vist oss kor mykje vi faktisk kan få til med kreativ bruk av datateknologi når vi sit i nødvendig isolasjon. Men han har også vist oss kor mykje vi taper ved å stengja ute sosiale kring læring og undervisning.

Men det mest bekymringsfulle ligg ein annan stad, nemleg at akademia langt på veg har resignert i kampen om kven som skal forma ut kjerneverksemda vår: undervisninga. Det kan ha ein høg pris.

Jan Inge Sørbø

Jan Inge Sørbø er professor ved Høgskulen i Volda og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Verken Thomas Aquinas eller Kant kjem til sin rett i ein artikkel på 30.000 teikn.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis