Det austeuropeiske innvandrarparadokset
Austeuropeiske land som ikkje vil ta imot flyktningar frå ikkje-europeiske land, ser no følgjene av eigen immigrasjonspolitikk.
No skjer det noko i Ungarn. I desember marsjerte fleire tusen ungararar mot statsminister Viktor Orbáns «slavelov». Dei fleste var vanlege arbeidsfolk som til no ikkje har reagert særleg kraftig på Orbáns systematiske utholing av det ungarske demokratiet sidan han kom til makta i 2010. Men no – av di Orbán ville gje arbeidsgjevarane retten til å krevja opp til 400 timar overtid – hadde dei fått nok, og dei gjekk i demonstrasjonstog. Kva er i ferd med å skje? Er det slik at berre økonomiske kår kan få ungararane til å forsvara demokratiet?
I dette ligg det ein serie paradoks. Jan Puhl, som er Aust-Europa-redaktør i Der Spiegel, gjev oss ein innsiktsfull analyse. Dei austeuropeiske landa merkar no følgjene av sin eigen politisk fastlagde immigrasjonspolitikk. Samstundes er det openbert kor ideologisk islamofobisk denne politikken er.
Eit innvandringsland
Ikkje noko anna industriland tek inn så mange arbeidsinnvandrarar som Polen. Landet som i 2015 nekta nokre tusen flyktningar frå bomberegn og liding i Syria å finna ein heim der, har tillate 670.000 gjestearbeidarar opphald i 2016, fleire enn USA. Dei fleste som kjem over grensene, er ukrainarar og kviterussarar. Dei er sesongarbeidarar; dei jobbar i landbruket, er murarar, tenestegjer i helsevesenet, er kokkar og står ved samlebanda.
Dette paradokset gjeld ikkje berre Polen. Alle dei austeuropeiske landa har vegra seg mot å ta imot flyktningar frå ikkje-europeiske land. Visegrad-landa, det vil seia Polen, Ungarn, Tsjekkia og Slovakia, har heller ikkje villa retta seg etter byrdefordelingsvedtaket i EU som skulle fordela flyktningane. Men takk vera EU veks økonomien deira, og med det trongen for viljuge hender.
Det økonomiske underet
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.