Den sørgjelege avrøystinga

Medan Storbritannia er midt i ein diskusjon om hard brexit, møter eg to veteranar frå britisk politikk til te og samtale i Oxford. Begge er sterkt uroa for framtida til øyriket.

Eit murmålarstykke av Banksy syner korleis ei stjerne blir fjerna frå EU-flagget etter brexit, fotografert i Dover i England 7. januar 2019.
Eit murmålarstykke av Banksy syner korleis ei stjerne blir fjerna frå EU-flagget etter brexit, fotografert i Dover i England 7. januar 2019.
Publisert

Brexit-diskusjonen rasar på øyriket. Vi ser ei forbitring i det offentlege ordskiftet som vi ikkje trudde britane var skapte for, landet med dei rolege kompromissa og den røynslefunderte politiske kulturen.

Wales røysta for brexit trass i store overføringar frå EU, Nord-Irland røysta for å bli i EU. Skottland berre ventar på ein ny runde med avrøysting om å gå ut av unionen. Demonstrantar skrik ukvemsord til parlamentsmedlemmer på veg inn i Underhuset. Den politiske eliten vaklar frå usemje til kaos. Kva som hender 29. mars, når Storbritannia etter planen skal ut av EU, veit ingen. Quo vadis, Britannia?

Englands Henry Valen

I denne lagnadstida møter eg to veteranar frå britisk politikk til te i Oxford: David Butler og Uwe Kitzinger. Vi diskuterte brexit, som alle i Storbritannia gjer for tida. Her kjem eit lite referat frå samtalen – og mine tankar i ettertid.

Butler (94) er Englands Henry Valen, eller rettare: Henry Valen var Noregs David Butler. Han var med som valkommentator fyrste gongen i 1946, då Churchill tapte så overraskande for Attlee, og han har skrive bøker om alle vala i Storbritannia heilt til han gjekk av.

Som ung mann vart han tilkalla av Churchill for å fortelje bulldoggen om korleis ein kunne føreseie valresultat. Churchill hadde sett den unge mannen på fjernsyn og følgde med.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement