Den politiske skadefryden
Sjukdom og død gjer oss alle like, unnateke Donald Trump.
Ein uformell president Donald Trump i arbeid medan han var innlagd på Walter Reed National Military Medical Center førre helg.
Foto: Det kvite huset / Reuters / NTB
I skrivande stund er Donald Trump ute av militærsjukehuset i Maryland, med eller mot viljen til legane. Om viruset slår han ned att eller ikkje, veit vi enno ikkje, og endå mindre visste vi om dette for ei veke sidan. Meldinga førre fredag om at han var smitta, prega som rimeleg kan vere både fjernsyn, presse og sosiale medium. Dagbladet skreiv om korleis Nancy Pelosi kunne bli president «hvis Trump og Pence skulle dø». Trump er ein 74-åring som lir av overvekt, og ligg såleis eit stykke inn i risikosona for alvorleg sjukdom og død av covid-19.
Alle menneske er like i døden, blir det sagt. Det vil seie at den som vert råka av sjukdom og står auge til auge med døden, blir ein av oss, same kven det gjeld. Rik eller mektig, vond eller god – når døden kjem etter deg, er du berre menneske. Spørsmålet var om dette også galt for Donald Trump.
Framståande politikarane frå alle leirar, også dei vi veit ikkje likar Trump, til dømes Angela Merkel og Joe Biden, ønskte fienden sin det beste. Her heime sa Erna Solberg at ein ikkje skulle godte seg over sjukdomen til andre, men synte dermed til at ein annan slags reaksjon heller ikkje var uvanleg. Så vanleg var det gle seg over at Trump var blitt sjuk, at Verdibørsen på P2 spurde: «Er skadefryd berettiget overfor Trump?»
Reaksjonar
I ei fersk Morning Consult/ Politico-undersøking av korleis amerikanarane reagerte på nyhendet om at presidenten Donald Trump var smitta av korona, sa 40 prosent av demokratiske veljarar at dei vart «happy» då dei høyrde dette. På Facebook og Twitter var det så mykje jubel og dødsønske at dei sosiale plattformene gjekk ut med melding til brukarane om at det ikkje var tillate å ønskje døden for den amerikanske presidenten. Då hadde alt kjendisar som Emmy-vinnaren Alex Blagg tvitra: «Just a quick note of support for Hope Hicks and President Trump I hope they both die.» Ein særleg variant kom frå den grøne presidentkandidaten frå 2016, Jill Stein: «I wish a speedy recovery to the human being buried deep inside the racist, xenophobic, fascist.»
Spekulasjonar
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.