Den nye utopien

Miljørørsla kan ende som ei ny dogmatisk masserørsle.

?Greta Thunberg har vorte eit samlande symbol for ei ny folkerørsle. Her frå ein demonstrasjon i Roma 19. april.
?Greta Thunberg har vorte eit samlande symbol for ei ny folkerørsle. Her frå ein demonstrasjon i Roma 19. april.
Publisert

Sekstenåringen Greta Thunberg er noko for seg sjølv og ein person som gjer inntrykk. Så er ho òg vorte sentrum for alle media i verda, gjest hos Skavlan og Bono og paven, mottakar av Fritt Ords pris og omgjeve av jublande vaksne.

Men om vi skal ta det ho seier på alvor, slik ho ber om, må tenkinga hennar karakteriserast som autoritær og utopisk. Det retoriske repertoaret hennar er som hjå ein folkeforførar. I talane sine i FN, i EU-parlamentet og i Davos sette ho fram eit apokalyptisk bilete av sivilisasjonens undergang. «Vårt hus brenner», «I want you to panic» og så bortetter.

Med slagord frå 1960-talet som «the real power belongs to the people» vil ho snu opp ned på alt. Ho vil ha «ein heilt ny tenkjemåte», eit totalt økonomisk, sosialt og politisk systemskifte, og det må skje snøgt.

Det får meg til å tenkje på slagordet til Marx om at vi er ferdig med å forstå verda, no gjeld det å forandre henne. Korleis det gjekk, såg vi i Russland etter 1917.

Einspora

Som talar framstår Greta Thunberg som einspora og blind for nyansar og utan tvisyn. Ho krev at vi skal fokusere på klimakrisa med «every inch of our body». Vi må skjøne at klimaet er det einaste som betyr noko. Her kjenner vi att både den frelste vekkingspredikanten og den forblinda partikommissæren.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement