Den norske pressa
To av omstenda som sterkast har prega pressa dei siste tiåra, er tabloidiseringa og nettpubliseringa. Det har ført pressa i to retningar: mot meir kommersielle produkt og mot meir spesialiserte produkt.
Brynjulf Braanen snudde det gamle marxist-leninistiske containerskipet vekk frå kursen mot den sikre grunnstøytinga og gjorde Klassekampen til dei intellektuelles dagsavis.
Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix
Dagbladet har til dømes blitt meir kommersielt og har gjeve opp det som var avisas identitet, nemleg å vera den fremste kulturavisa i landet. Nationen og Vårt Land har spesialisert seg og skriv berre for særleg interesserte. Dei store regionsavisene er gått i retning av å verta lokalpresse. Det same gjeld det gamle Arbeiderbladet, no Dagsavisen, som er vorten Oslo-avis.
Den nye marknaden
Tabloidiseringa og spesialiseringa har det fellesdraget at pressa i mindre grad fyller oppgåva som ålment, nasjonalt forum. Samstundes må fokuset på opplag og økonomisk suksess for tabloidane, på lokalsamfunnet for regionsavisene, eller på særlege felt som landbruk, økonomi eller teologi for aviser som Nationen og Vårt Land, føra med seg at meir overgripande idéstraumar og idékonfliktar vert omsette i pressa.
Dermed vert pressa nær automatisk prega av samtidas felles underliggjande ideologi. Utan å vita det vert alle kulturradikalarar og nyliberalistar, og dei snakkar likt om ei rad viktige saker. Her kunne ein nemna EU, EØS, Syria-krigen, Israel og Midtausten, Russland og Ukraina, økologi og migrasjon, der det er sjeldan å høyra røyster som bryt særleg sterkt med allsongen. Det same gjeld innanrikssaker som kjønnsspørsmål, økonomisk politikk, barnehage og skule, bistand og så bortetter.
Denne utviklinga, mot det samstemmige og tabloide, det spesialiserte og det lokale, hjelpt fram av økonomi og teknologi, opnar ein ny marknad for aviser som satsar på å vera seriøse og nasjonale ålmennaviser – eit forum for heile den intellektuelle ålmenta, og då særleg for dei som har slutta i koret.
Paradokset
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.