Den norske pressa

I etterkrigstida kjempa Verdens Gang for å overleva, og avisa var meir enn éin gong truga av konkurs. Men frå 1967 til 1981 auka opplaget frå 36.000 til om lag 230.000, og VG vart landets største avis.

VG var sektiåttarar i dress – stundom grilldress.
VG var sektiåttarar i dress – stundom grilldress.
Publisert

Ei av fleire viktige årsaker til suksessen var at VG, som hadde vore ei avis for dei politiske og kulturelle elitane, braut med den tradisjonelle presseetikken og satsa på det sensasjonelle og folkelege. Det var ikkje tilfeldig at dette tradisjonsbrotet kom nett kring 1968.

Dei såkalla «sekstiåttarane» er mest kjende for studentopprør, maoisme, seksuell frigjering, feminisme, rusmisbruk og svermeri for austlege religionar. Men det som opna for alt dette «nye», var at dei tradisjonelle grunnhaldningane til «kva ein gjer og ikkje gjer», hadde mista truverdet. Kristen tru, vestleg opplysingstenking og borgarleg moral vart svekt; kulturradikalisme og individualisme vart styrkt.

Bak VGs vraking av prinsippet om å rangera viktig stoff høgare enn sensasjonar, låg det same tradisjonsbrotet som opna for ein ny, omsynslaus moral og open dyrking av egoet i dei radikale ungdomsmiljøa. VG var sekstiåttarar i dress – stundom grilldress.

Suksessen deira kom av at dei rei på den same bølgja som maoistar og anarkistar. Nett som dei gjekk VG i opposisjon mot samfunnselitane. Medan dei venstreradikale sekstiåttarane svor til Mao og marihuana, satsa VG-sekstiåttarane på Harry-elementet i nordmannen.

Avisa for heile landet

I dei fyrste etterkrigsåra hadde VG vore ei leiande kulturavis som appellerte meir til statsborgaren enn til privatpersonen i oss. Avisa hadde kjende skribentar og lesarar i dei sosiale toppsjikta. Inga avis var så mykje lesen på Stortinget som VG.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement