JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kommentarar

Den frivole tanta og gateguten som vart skjønånd

To av omstenda som sterkast har prega pressa dei siste tiåra, er tabloidiseringa og nettpubliseringa. Det har ført pressa i to retningar: mot meir kommersielle produkt og mot meir spesialiserte produkt.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Brynjulf Braanen snudde det gamle marxist-leninistiske containerskipet vekk frå kursen mot den sikre grunnstøytinga og gjorde Klassekampen til dei intellektuelles dagsavis.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

9750
20171208

Den norske pressa

Innfrir pressa sitt eige samfunnsoppdrag?
Kaj Skagen nærles norske aviser.

Dagbladet har til dømes blitt meir kommersielt og har gjeve opp det som var avisas identitet, nemleg å vera den fremste kulturavisa i landet. Nationen og Vårt Land har spesialisert seg og skriv berre for særleg interesserte. Dei store regionsavisene er gått i retning av å verta lokalpresse. Det same gjeld det gamle Arbeiderbladet, no Dagsavisen, som er vorten Oslo-avis.

Den nye marknaden

Tabloidiseringa og spesialiseringa har det fellesdraget at pressa i mindre grad fyller oppgåva som ålment, nasjonalt forum. Samstundes må fokuset på opplag og økonomisk suksess for tabloidane, på lokalsamfunnet for regionsavisene, eller på særlege felt som landbruk, økonomi eller teologi for aviser som Nationen og Vårt Land, føra med seg at meir overgripande idéstraumar og idékonfliktar vert omsette i pressa.

Dermed vert pressa nær automatisk prega av samtidas felles underliggjande ideologi. Utan å vita det vert alle kulturradikalarar og nyliberalistar, og dei snakkar likt om ei rad viktige saker. Her kunne ein nemna EU, EØS, Syria-krigen, Israel og Midtausten, Russland og Ukraina, økologi og migrasjon, der det er sjeldan å høyra røyster som bryt særleg sterkt med allsongen. Det same gjeld innanrikssaker som kjønnsspørsmål, økonomisk politikk, barnehage og skule, bistand og så bortetter.

Denne utviklinga, mot det samstemmige og tabloide, det spesialiserte og det lokale, hjelpt fram av økonomi og teknologi, opnar ein ny marknad for aviser som satsar på å vera seriøse og nasjonale ålmennaviser – eit forum for heile den intellektuelle ålmenta, og då særleg for dei som har slutta i koret.

Paradokset

Paradoksalt nok er det den gamle partiavisa til AKP (m-l) som i dag er nærast til å gjera seg nytte av denne situasjonen. Truleg er Klassekampen med berre litt over 20.000 i opplag meir eit felles nasjonalt forum for dei intellektuelle enn noko anna norsk dagsavis.

Både i einskildartiklar og seriar tek avisa opp spørsmål som konservatisme, transhumanisme, abortetikk, automatisering av arbeidslivet og så bortetter – tema som før i tida snarare ville ha vore vareteke av dei verdikonservative enn av eit tidlegare marxist-leninistisk partiorgan. Klassekampen tek betre vare på det konservative elementet i dagspressa enn til dømes Aftenposten, som naturleg skulle ha vore konservatismens hovudorgan.

Under redaktør Brynjulf Braanen har avisa for fleire år sidan teke over plassen som landets viktigaste kulturavis etter Dagbladets undergang. Både dei vekevise litteratur- og musikkbilaga, men særleg laurdagsutgåva, har langt på veg fridd seg frå politiske tvangstrøyer og sleppt fram originale røyster på tvers av alle partiliner.

I Klassekampen opptrer både den provokative sannsigaren Michel Houellebecq og den verdikonservative kyrkjehistorikaren Eivor Oftestad med like stor sjølvfølgje som heimfødde sosialistar av gammal og ny årgang.

Fagforeining og salong

Såleis har Brynjulf Braanen snudd det gamle marxist-leninistiske containerskipet vekk frå kursen mot den sikre grunnstøytinga og gjort Klassekampen til dei intellektuelles dagsavis.

Men kontrasten er stor mellom dei nyinnreidde bibliotekbarene framme på skipet der kultureliten samlar seg, og dei nøkterne kantinene og mannskapslugarane akterut, der tradisjonen frå AKP (m-l) heng att i det dagspolitiske stoffet, som har eit klart preg av fagforeinings- og partipresse.

Her handlar alt om pengar, som om vi enno skulle leva i dei harde og tunge 1930-åra. Krisepakkar, kost- og losjipengar, minsteløn, arbeidstilhøve for kelnerar, skatteflukt, lønsvekst, streikande polske arbeidarar på Sekkingstad, konkurransevriding i oppdrettsslakt – det stormar inn på ein småborgarleg kunstnarsjel så ho knapt kan anda.

Vert ein kjent med avisa, ser ein med eit snøgt blikk kva ein berre kan hoppa over. Likevel kjem ein no og då i tankar om ikkje «venstresidas dagsavis» kunne ha kome med eit tilbod om halv pris til åndelege uteliggjarar utan fast inntekt, og som ikkje klarer å leva med den høglydte klangen frå pumper, hammar og sigd frå maskinromma akterut, men som samstundes ikkje kan lata vera å søkja tak over hovudet i dei nye bibliotekbarane på soldekket.

Meir problematisk vert det når kommunismens spøkelse kjem opp frå maskinromma. I Mimir Kristjánsons underhaldande reportasjeserie om Lenins heimreise frå Sveits til Russland vert revolusjonsleiaren skildra som ein romantisk helt, i alle fall mellom linene. Men Lenin var ikkje ein romantisk helt. Han var starten på ein ubeskriveleg katastrofe for heile det russiske folket, ein hovudmann bak det som vart til eit av dei største konsentrasjonsleirkompleksa i verdshistoria.

«Tanta» i Akersgata

Det er litt av eit paradoks at den revolusjonære Klassekampen, som ikkje berre hylla Lenin, men òg to tredelar av Stalin, vart landets fremste kulturavis. Kvifor går ikkje Aftenposten inn i den opplagde rolla som leiande konservativ ålmennavis? Med eit opplag på om lag 150.000 er Aftenposten den største avisa i landet. Med dei sterke tradisjonane som konservativ dagsavis, og som fast morgonavis for halve hovudstaden, er det inga avis som ligg betre an til å verta det viktigaste nasjonale forumet og ein tungvektar på innhald.

Men Aftenposten veit ikkje kva han vil vera. Kanskje tabloidavis? Etter mønster frå Verdens Gang i oppgangstida skipar Aftenposten eigne nyhende. I 2018 arrangerer avisa omkamp mellom dei tilårskomne fotballspelarane frå Noreg–Brasil i 1998. Dette vert sjølvsagt sirkus med feite femtiåringar. Aftenposten gjev heile framsida til annonseringa av dette heimelaga nyhendet, ni fulle sider inne i avisa og hovudkommentaren på side 2–3, skriven av sjefredaktøren.

Kanskje er Aftenposten den storavisa som tek innvandring, integrering, fattigdom og utanforskap alvorleg? I oktober slo Aftenposten opp Grønlands-rapporten om innvandrarbydelen i Oslo der 60 prosent av borna lever i fattigdom, med store problem med «gjengkriminalitet og det opne rusmiljøet», som det heitte i avisas usignerte leiar 6. oktober. Med eit talande understatement seier leiarskribenten at det er «omstridt» kor stor verknad det har med slike «områdeløft» som ein før har prøvd i Groruddalen og på Tøyen. Til dømes vert det sagt at segregeringa i Oslo ikkje vart påverka av satsinga i Groruddalen.

Ein merker at Aftenpostens leiarskribent ikkje trur på områdeløfta. Det har visst ikkje verka før. Vi har hatt innvandring, integrering og satsing i femti år, og no har vi Grønland. Kva har Aftenposten så å seia til ein situasjon som openbert korkje får noko fullgodt svar i rapporten, hos politikarane eller i pressa? Ikkje noko anna enn at det er «Nødvendig å løfte Grønland», som det heiter i tittelen, og at ein må ta sikte på å auka «yrkes- og barnehagedeltagelsen».

Men når eit hovudproblem er at ein ikkje veit korleis ein skal få til dette, vert slike fagre ønske reine sverjingar. «Det er verdt et forsøk», avslutta leiaren med. Kva med eit forsøk på å ta saka så alvorleg at ein sluttar med slike tomme ord? Det går fram av leiaren at skribenten ikkje trur på det ho eller han sjølv skriv. Då kan ein heller ikkje stå fram som ei seriøs storavis.

Samstundes finn ein i Aftenposten kommentarane til Øyvind Østerud, Einar Lie og Simen Gaule i «Uviten»-spalta, som godt kunne ha fått betre plass. Og i «Medierevisjonen» skriv Anki Gerhardsen alltid mot straumen.

Likevel er det noko lunkent over avisa: Seriøs, men ikkje for seriøs. Tabloid, men ikkje heilt tabloid. Såleis held dei på tradisjonen som den snusfornuftige og litt snobbete «tanta i Akersgata», som avisa før vart kalla. Marknaden ligg vidopen for ei stor og seriøs konservativ ålmennavis. Aftenposten har heile den fine badestranda nesten for seg sjølv. Vatnet held 25 grader, men redaksjonen har vasskrekk.

Redaktørrolla

Kva er skilnaden på Aftenposten og Klassekampen? Kvifor kan marxistavisa med under 15 prosent av opplaget til Aftenposten profilera seg som det intellektuelle hovudorganet i landet, medan den gamle storavisa ikkje er i nærleiken av den same posisjonen?

Medan Aftenpostens leiarar er namnlause, vage og kan omhandle lokale saker som parkeringsplassar for Oslo-politikarane og marginale spørsmål som hårklipp utan hårvask, har leiarane i Klassekampen Bjørgulf Braanens personlege preg og sjeldan tilfeldige tema.

Dagspressa lir av same sjukdomen som politikken og universiteta: Dei har gjeve opp den intellektuelle personlegdomen og satsar på administratoren. Som redaktørar vil dei intellektuelle personlegdomane alltid driva gjennom eit idéprosjekt med så høg kvalitet som omstenda tillèt dei, medan administratorane helst vil setja ein kurs som gir utteljing i rekneskapen og karrieren.

I politikken fører dette til at leiarane rir på trendar i tida, vert redde for å gjera feil og unnlét å gripa inn for å styra landet. På universiteta fører det til fagleg forarming ved at fag som ikkje er matnyttige, vert sjalta ut, og ved at dei tilset lærarar og forskarar som vert pressa til å senka kvalitetskrava eller arbeida seg halvt i hel for å få studentar gjennom og halda løyvingane oppe.

I pressa kan dette føra til ein upersonleg stil og forsøming av store sjansar, som når Aftenposten lèt marknaden for ei seriøs, konservativ storavis liggja open, for heller å konkurrera med Verdens Gang og Dagbladet – men berre litt.

Kaj Skagen er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Klassekampen tek betre vare på det konservative elementet i dagspressa enn Aftenposten gjer.

Emneknaggar

Fleire artiklar

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis