Dei uunngåelege elitane

I Noreg tok kongen trikken. Men det vil ikkje seie at vi er utan elitar. Dei er berre litt annleis her enn i andre land.

Det ikkje er god tone å brikje med pengar i Noreg. Det rekk med nisselua for Olav Thon.
Det ikkje er god tone å brikje med pengar i Noreg. Det rekk med nisselua for Olav Thon.
Publisert

Ein debatt går i kongeriket om dagen – om elitar. Han er ikkje god. Under setningane merkar vi agget. Ingar Sletten Kolloen gav oss omgrepet «bygdedyret» i biografien om Tor Jonsson: Det mørke monsteret som ligg i oss alle og kan tyte fram når som helst, sjalusien – den einvise og krenkte rettferdskjensla, den sjølvrettferdige dømesjuka. Det finst i byane òg. Overalt der det er menneske som lever saman, finst by- og bygdedyret.

Dette dyret er ei slags verdsleg arvesynd som har gjeve stoff til så mange revolusjonar. Tenk berre på dei som fekk halshogd Marie Antoinette, ho som før den franske revolusjonen skal ha bedt dei fattige ete kake. Eliteforakt. Kjenn på ordet. Det har ofte gode grunnar.

Ordet som blendar

Om debattantane hadde brukt eit anna ord enn elite, ville ordskiftet ha vore annleis. Bruk til dømes ordet leiarskap. Eller skitopp. Då vert tonen annleis. For i idretten er det jo lov å skriva om elitar utan blygsel. Men skriv eliteuniversitet, og bydyret lear på seg med ein gong. Kvifor er det slik? Kan hende fordi idrett og annan konkurransesport (til dømes bilsport) er meir folkeleg? Og då kan elitestempelet aksepterast.

Her kan det liggje mykje snobbing nedover. Ouvrierisme kallar franskmennene dette, romantisk dyrking av arbeidarklassa. Heile den norske venstresida har islett av det.

Denne elitedebatten kan vurderast frå mange synsvinklar. Lat oss fyrst ta den politiske. Eliteordet har i dag nedsetjande undertonar, men her brukar vi omgrepet nøytralt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement