JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kommentarar

Dei uunngåelege elitane

I Noreg tok kongen trikken. Men det vil ikkje seie at vi er utan elitar. Dei er berre litt annleis her enn i andre land.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Det ikkje er god tone å brikje med pengar i Noreg. Det rekk med nisselua for Olav Thon.

Alle foto: NTB scanpix

10146
20190308
10146
20190308

Ein debatt går i kongeriket om dagen – om elitar. Han er ikkje god. Under setningane merkar vi agget. Ingar Sletten Kolloen gav oss omgrepet «bygdedyret» i biografien om Tor Jonsson: Det mørke monsteret som ligg i oss alle og kan tyte fram når som helst, sjalusien – den einvise og krenkte rettferdskjensla, den sjølvrettferdige dømesjuka. Det finst i byane òg. Overalt der det er menneske som lever saman, finst by- og bygdedyret.

Dette dyret er ei slags verdsleg arvesynd som har gjeve stoff til så mange revolusjonar. Tenk berre på dei som fekk halshogd Marie Antoinette, ho som før den franske revolusjonen skal ha bedt dei fattige ete kake. Eliteforakt. Kjenn på ordet. Det har ofte gode grunnar.

Ordet som blendar

Om debattantane hadde brukt eit anna ord enn elite, ville ordskiftet ha vore annleis. Bruk til dømes ordet leiarskap. Eller skitopp. Då vert tonen annleis. For i idretten er det jo lov å skriva om elitar utan blygsel. Men skriv eliteuniversitet, og bydyret lear på seg med ein gong. Kvifor er det slik? Kan hende fordi idrett og annan konkurransesport (til dømes bilsport) er meir folkeleg? Og då kan elitestempelet aksepterast.

Her kan det liggje mykje snobbing nedover. Ouvrierisme kallar franskmennene dette, romantisk dyrking av arbeidarklassa. Heile den norske venstresida har islett av det.

Denne elitedebatten kan vurderast frå mange synsvinklar. Lat oss fyrst ta den politiske. Eliteordet har i dag nedsetjande undertonar, men her brukar vi omgrepet nøytralt.

Naudsynleg

I alle samfunn vil det vera elitar, rett og slett på grunn av arbeidsdelinga. I industrisamfunn, som er avhengige av kompetanse på alle plan, ligg det rett og slett i sjølve det å vere moderne å ha elitar. Å tru noko anna er politisk romantikk. Eller du må vere klassisk anarkist. I anarkismens reine former var motstanden mot alle former for elitar og autoritetar sterk. Så sterk at anarkistprinsen Pjotr Kropotkin skal ha meint at dirigentar i symfoniorkester var eit overgrep mot den individuelle musikarfridomen.

Arbeidsdeling er altså eit kjerneord her. I samfunn på lågare differensieringsnivå – for å seie det med sosiologane – kan ein person ha mange funksjonar. I stammesamfunn kan eit menneske, til dømes ein medisinmann, ha religiøse oppgåver i tillegg, eller tilmed militære plikter. I det klassiske Athen var Alkibiades både general og folkeforførar og pådrog seg Platons vreide for demagogien og rolleblandinga. Politiske leiarar i slike samfunn kan òg ha dømande funksjonar. Poenget er at elitane i førindustrielle samfunn er multifasetterte.

Elitesirkulasjonen

Etter kvart som moderniseringsprosessane skreid fram, vart det skilt ut meir spesifikke elitefunksjonar. Men så kom òg reaksjonen. I italiensk politisk idéhistorie er det særleg mange gode døme på elitetenking. Tenkjarar som Gaetano Mosca, Vilfredo Pareto og Roberto Michels var alle i byrjinga av det 20. hundreåret opptekne av elitar i det politiske livet. Mosca meinte at det alltid ville vere maktelitar, same kor finurleg demokratiske maktdelingsordningar vart uttenkte.

Økonomen og statsvitaren Pareto skreiv om «elitesirkulasjon»: den evigvarande utskiftinga av elitar med stort sett same bakgrunn og med stort sett same haldningar. Dei var sjølvrekrutterande og immune mot press nedanfrå.

Hjå den tysk-italienske sosiologen Michels – han som skapte uttrykket «oligarkiets jarnlov» (1912) – ville fåmannsveldet alltid trumfe demokratiske representantar. Byråkratiet sat så sentralt i organisasjonshierarkiet at dei kontrollerte informasjonsstraumen.

Slik kunne dei sjalte ut alt som truga makta deira. Etter kvart ville føremålet for organisasjonen verte svekt, og alt som stod att, var at organisasjonen overlevde.

Pralande elitar?

Når vi kjem til økonomiske elitar, er det mykje å ta av. Den norsk-amerikanske samfunnsforskaren Thorstein Veblen (1857–1929) kom opphavleg frå Valdres. Han har fått ein æresplass i sosiologihistoria gjennom uttrykket «pralande eller prangande forbruk» («conspicuous consumption»). På nynorsk kan vi òg seia brikjande forbruk.

I boka The Theory of the Leisure Class (1899) brukte Veblen også utrykket «pecuniary emulation», pengedyrking. Desse omgrepa vert nytta i dag. Dei er ein kombinasjon av Scott Fitzgeralds Den store Gatsby og upstairs/downstairs i Downton Abbey. Poenget er: Vis meg pengane dine! Syn deg fram! Utan hemningar. Brikjande.

Referansen er framfor alt jobbetida, «the guilded age» etter fyrste verdskrigen, med nyrike konsumberserkar og driftsutsvevande pappagutar på grensa til permanent dekadanse, dei som merkte seg ut med flaggheisande snobbisme og luksusforbruk som livsform.

I Noreg var nett slike jobbetidstilstandar med på å radikalisere den norske arbeidarrørsla etter 1918 (Nordahl Griegs Vår ære og vår makt gjev ei god tidsskildring). Men sidan Noreg avskaffa adelsskapet i 1821, har vi ikkje mange av pralande alkoholiserte adelege godsarvingar av typane som Evelyn Waugh portretterte i romanen Gjensyn med Brideshead – eller pengegutar i svarte Bentleyar.

Meir ålment kan vi seie at det ikkje er god tone å briske seg med pengar i Noreg (jamfør Olav Thon med nisselua). Folk med pengar vil helst løyna dei, eller stå fram som ekstra folkelege (Stordalen?), eller ansvarlege (Johan H. Andresen?), eller reint ut sagt velgjerarar (Trond Mohn). Mille Marie Treschow i Frizøehus prala ikkje med pengane sine.

Mykje sjeldnare ser vi dei vulgære fantastane. (Sjølv om dei søkkrike som no går til søksmål mot Oslo kommune på grunn av eigedomsskatten, gjer sitt for å puste liv til eliteforakta. Somme pengefolk er av og til kjenslevare som elefantar. Lever dei i lufttette bobler?)

Å legitimera rikdom

Eit døme kan illustrere kor egalitære vi trass alt er: Då det vart på tale å selja Midtås i Sandefjord, den Arnstein Arneberg-teikna villaen til Anders Jahre på åskammen over byen, var det brei motstand frå folk, sjølv i denne avdanka reiarbyen, mot å selje han til dei nye pengefolka (investor Øystein Stray Spetalen, entreprenøren Bjørn «Kina» Hansen og andre). Dei var ikkje som Jahre.

Anders Jahre hadde talrike svin på skogen (skjulte formuar og så bortetter), men han gav også rikt til byen, slik også reiarkollegaen Lars Christensen (frå reiarlaget Thor Dahl) også gjorde. Jahre gav mykje pengar til vitskap og kultur (medisin- og kulturprisar). Det har ikkje desse andre nouveaux riches gjort, og formuane deira er ikkje slik gjenstand for den same respekten som «old money»-krinsane, sjølv i Vestfold.

Jahre hadde sjølvsagt sjåfør og diger svart bil, men heldt seg mest i det stille (sjølv om han står med hatt og frakk som ein lett låtteleg onkel Skrue i statuen framfor kommunesenteret Hjertnes).

Meir brikjande er dei nye pengefolka. Les Dagens Næringsliv eller Finansavisen om straumspekulantar og liknande, der du finn dei mest avslørande og vulgære sjølvmeldingane frå dei nyrike. Vi har dei, men dei er (enno?) ikkje like pralande som den store Gatsby, sjølv om luksusbutikkane av Vuitton-typen florerer skamlaust i Akersgata og Øvre Slottsgate. Mette-Marit bør halde seg unna dei om ho vil halde seg på trona.

Ikkje grunnlovsdøtrer

Vi har ikkje så synlege sosiale elitar i Noreg, slike som lanserer døtrene sine på debutantball, eller samlar seg med blå blazer på mondene stader. (Hankø var kan hende slik ein gong, men akk!, no sel jo Märtha Louise landstaden til kong Olav, Bloksberg.)

I Sandefjord vil alle aspirerande oppkomlingar freiste å kome inn i Sandefjord Selskapsklubb i Park Hotell, eit steinkast frå Jahres mellomaldergobeleng. Men dei mange er ikkje det forunt.

I USA er golfklubbane gjerne slike eksklusive møteplassar. I Noreg er golfplassar folkelege stadar. Å seie at golf er snobbesport, treffer ikkje lenger. Rotary og Lions er blitt grundig demokratiserte; sjølv kvinner kjem inn der no – grøss og gru!

I Noreg har vi ikkje noko som liknar det amerikanske Daughters of the American Revolution, snobbeklubben par ecxellence (der det er fjongt å vera revolusjonær!). Bergen er nok den byen der klassebestemte sosiale skiljeliner står sterkast, venteleg på grunn av dei gamle skipsreiarfamiliane. Der er elitane, med namn som Reksten og Grieg, mange av dei kvinner, særs til stades.

Noreg er grunnleggjande egalitært også jamført med Sverige. Der var det vanleg i 1950-åra å rekne opp ordenane professorane hadde etter namna deira i førelesingskatalogane. Slikt er utenkjeleg i Noreg. Her ville det skapt opplaup – og lått.

Demokratiske

Kva då med dei kulturelle elitane? Ordet «finkultur» osar av snobbing nedover. I Noreg får hestar kulturprisar, og Knut Haavik vart medlem i Kulturrådet – utenkjeleg i Frankrike.

Norske kulturelitar er gjennomgåande svært demokratiske. Sandefjord har gått drastisk til verks for å spreie kulturgoda og fått til den kulturelle skulesekken. Her ligg det ein god tanke: spreiing av høgkultur til lag som ikkje er vane med denne tradisjonen. Usnobbete. Vi har no kvinner på topp i politikken, som statsminister, utanriksminister, finansminister, landbruksminister og forskingsminister og som leiarar i Høgre, Frp og Venstre.

– Gje meg ikkje det eg vil ha, sa onkel Lauritz, – eg fortener då betre.

I akademia er alle professorar no, og universiteta er blitt ei tom hylse kring det middelmåtige. Jakob Rees-Mogg, den aristokratiske leiande brexit-mannen i England, er utenkjeleg i Noreg. Han ville vore utstilt på Folkemuseet. Elitar i Noreg er tynne saker samanlikna med det klasseridde øyriket. Og godt er det.

Boris Johnson har sagt at ulikskap rett og slett er eit resultat av meritokratiet: Dei rike er dei flinkaste. Umogleg å seia her, dessutan er det feil. Nei, vi får seia som Rolf Jacobsen, vi er eit «anderledes land som ingen herremenn riktig har fått has på/ Så vi bukker ikke så dypt som naboene/ det er for bratt her».

Men elitar må vi likevel ha. Dei er annleis enn ute.

Bernt Hagtvet er professor i statsvitskap ved Universitetet i Oslo og Bjørknes Høyskole og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Noreg er grunnleggjande egalitært også jamført med Sverige.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

St. Vincent er artistnamnet til Annie Clark.

Foto: Alex Da Corte

MusikkMeldingar

Ditt første andedrag er eit skrik

På plata All Born Screaming vender St. Vincent tilbake til, og reindyrkar, det som for mange har definert det kunstnarlege uttrykket hennar.

Øyvind Vågnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis