Dei reine hendeneSkal vi unnlate å nedkjempe pedofilnettverka, om vi ikkje kan gjere det på ei rein og god måte?

Skal vi unnlate å nedkjempe pedofilnettverka, om vi ikkje kan gjere det på ei rein og god måte?

Publisert

Laurdag 7. oktober offentleggjorde Verdens Gang og The Guardian kvar sin reportasje om same sak. Den britiske versjonen bygde totalt på materialet dei hadde fått frå VG, men saka vart vinkla på ein heilt annan måte. I VG var tittelen: «VG har avslørt verdens største overgrepsforum. Det ble drevet av politiet.»

I The Guardian vart same sak presentert slik: «Australian police sting brings down paedophile forum on dark web». I The Guardian fekk lesaren ei forteljing som i all hovudsak handla om korleis godt politiarbeid knuste det største overgrepsforumet nokosinne. Artikkelen hadde berre ti liner om det etiske dilemmaet som oppstår når politifolk spelar rolla som pedofile medan dei infiltrerer nettverka, og – for å vinne truverd – sjølv må leggje ut overgrepsbilete, rett nok «brukte» og tidlegare delte, og sjølvsagt ikkje eigenproduserte bilete.

Avsløringa

I VG vart delinga av overgrepsbilete, som det australske politiet nytta som forkledning, gjort til sjølve hovudsaka, saman med ei «verdensnyhet» om korleis VG hadde hacka seg inn på nettstaden. VG fann ut at nettstaden låg på ein servar i Brisbane, og at den australske politiaksjonen Argos mot seksuelt misbruk av born, med base i Queensland, hadde lukkast i å gje seg ut for å vere leiarane av forumet. Argos overvaka heile nettverket innanifrå og arbeidde for å identifisera flest mogeleg overgriparar og offer.

VG hadde såleis ikkje «avslørt verdens største overgrepsforum», som det heitte i tittelen. Den æra tilkjem det australske politiet, som i forkledning hadde tatt over leiinga av nettforumet Childs Play i november 2016, medan VG hacka seg inn først i januar 2017. Det VG avslørte, imponerande nok, var politiaksjonen.

Men politiaksjonen måtte VG halde tett om i nesten eitt år, medan politifolka gjorde arbeidet sitt og knekte verdas største pedofiliforum med 3000–4000 aktive brukarar og rundt 100 produsentar av filmar der born vart valdtekne. Etter det australsk politi oppgjev, leidde aksjonen til at eit betydeleg tal born over heile verda vart berga frå overgrep, og at skuldige i alvorlege overgrep vart arresterte.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement