JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kommentarar

Dei farlege frigjeringsdagane

Det kunne gått heilt gale i maidagane for 75 år sidan. Rikskommissær Josef Terboven hadde planar om å halda fram kampen frå Festung Norwegen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Josef A. H. Terboven (sentralt i biletet) var rikskommissær i Noreg frå 24. april 1940. Terboven tok livet sitt på Skaugum 8. mai 1945.

Foto: NTB scanpix

5357
20200508
5357
20200508

Under krigen gjekk kunstmålaren John Paulsen ofte heim til huset sitt, ei vakker tømmerkoie i Nybuvegen 28 på Lillehammer. I kjellaren hadde Wehrmacht flytta inn, i januar 1945, og rigga til ein sambandssentral for å kommunisera med Berlin. Men i desse siste dagane av krigen gjekk meldingane frå Nybuvegen til Flensburg ved danskegrensa. Det var der storadmiral Karl Dönitz heldt til etter at Føraren hadde utnemnt han til etterfylgjar.

I hagen til familien Paulsen stod eit digert tretårn som fungerte som antenne, i kjellaren var det eit virvar av telefonar, teleksmaskiner og tyske telefondamer. Sjølve hovudkvarteret var på Lillehammer Turisthotell, eit par hundre meter lenger nede i bakken. Det tredje riket var på fallreipet. General Franz Böhme avventa signal frå Tyskland. Den 29. april hadde Der Führer skote seg i bunkeren, kjempande til «siste åndedrag mot bolsjevismen», som det heitte i nekrologane.

Noreg sist

Alt var ope i Noreg desse maidagane. I Festung Norwegen stod 365.000 soldatar kampklare. I tillegg hadde NS mellom 10.000 og 12.000 mann. I Noreg var det til det siste uklårt når den tyske kapitulasjonen ville koma, om i det heile.

Familien Paulsen var del av dette dramaet. Dei kunne ikkje vera i heimen i Nybuvegen etter at tyskarane hadde teke over huset, men budde i nabolaget. John hadde fått tak i ei korg med sild ein dag. Langsmed Nybuvegen var russiske krigsfangar utkommanderte til å grava ut grøfter til sambandssentralen. John velta ut korga med sild til dei. Ein annan gong hadde kona hans, Frida Paulsen, sett ut ei gryte kokte poteter til fangane. Ein tysk soldat var utplassert ved inngangsporten i nr. 28. Han sytte for at alle fangane fekk sine tilmålte rasjonar, og at ingen tok for mykje. Ein augneblink av sams humanitet.

Morten, sonen i huset, åtte år då, hugsa at han fekk smugla inn ein matpakke til fangane under gjerdet. Som takk og gåve fekk han ein vakker fugl i ståltråd. Russarane kunne vera kunstnarar med ståltråd og tre.

Då tyskarane tvinga familien ut av Nybuvegen i januar 1945 for å laga sambandssentral, sneik Morten seg til å streka opp eit H7-symbol i støvet på bilane. Då vart mor Frida arg. Det var ikkje klokt å demonstrera slik.

Nervekrig

Ute på slagmarka skjedde ting fort i desse dagane. 4. mai hadde Stalin vorte forarga over at tyske generalar hadde kome til Montgomerys stabshovudkvarter på Lüneburgerheden for å overgje dei tyske styrkane i Nederland, Danmark og det nordvestlege Tyskland. Men denne overgjevinga galdt ikkje styrkane i Noreg.

Den britiske generalen sende tyskarane til Reims, der hovudkvarteret til general Dwight D. Eisenhower låg. Tyskarane vona at dei skulle kunna framforhandla ein separatfred med vestmaktene. Sidan korkje Storbritannia eller USA ynskte å provosera Stalin, tok dei med ein sovjetisk liaisongeneral i forhandlingsdelegasjonen i Reims. 6. mai truga stabssjefen til Eisenhower, Bedell Smith, med å forsegla fronten om ikkje general Jodl underteikna ein vilkårslaus kapitulasjon innan midnatt. Det ville føra til at alle tyske styrkar ville bli tekne til fange av Den raude hæren.

Etter noko nøling vart den såkalla Act of Military Surrender underteikna av Jodl natt til 7. mai. Avtalen skulle tre i kraft natt til 9. mai.

Repetisjon

Stalin ville ikkje at underteikninga berre skulle skje i Vest-Europa, så han insisterte på at seremonien skulle takast opp att i Berlin-Karlhorst, i det russiske hovudkvarteret der. Eg har vore der. Utanfor stod ein russisk T-54-tank, nyvaska og pen. Inne i lokalet er det ikkje endra på noko; berre blomane vert skifta ut. Historia er frosen fast. Dra dit!

Litt før midnatt 8. mai tok seremonien til. Rundt stod den sovjetiske marskalken Zjukov, flygeneral Tedder frå Royal Air Force og generalane Spaatz og de Lattre de Tassigny frå Frankrike. Keitel og ein annan tysk general, Hans-Jürgen Stumpff, vart henta inn. Då dei hadde underteikna, vart dei førte ut att, og festen kunne byrja.

Disiplin

Britane var klare til å senda soldatar til Noreg om det oppstod problem med den tyske kontingenten her. Russiske styrkar hadde alt teke Finnmark. Terboven hadde planar om å henta opp fleire nazileiarar og halda fram med kampen frå Noreg, men Dönitz avsette Terboven om kvelden den 7. mai. I staden sette han inn Wehrmachtgeneral Franz Böhme som sjef for siviladministrasjonen i Noreg. Slik oppstod det ikkje noko maktvakuum i Noreg. Böhme fekk kapitulasjonsvilkåra sende direkte frå sigersmaktene i Tyskland om kvelden 7. mai. Vi må tru at meldinga han sende ut til dei tyske styrkane om kapitulasjonen, kom frå Nybuvegen.

Det som vart avgjerande i Noreg i desse dagane, var at styrkane på båe sider var disiplinerte. Ingen norsk heimesoldat lét hemnlysten ta over. Ingen av dei skaut på tyske soldatar; ingen feldwebel skaut i desperasjon på dei sigrande. Dette var ei heilt anna soge enn den som spela seg ut i til dømes Frankrike, der motstandsrørsla stod for omkring 10.000 utanomrettslege avrettingar av protyske franskmenn etter den tyske kapitulasjonen.

Bernt Hagtvet

Bernt Hagtvet er professor emeritus i statsvitskap og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det som vart avgjerande i Noreg, var at

styrkane på båe sider var disiplinerte.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis