Bygde-Noreg lenge leve i det små
Det kan vere god von for Distrikts-Noreg – så lenge dei slepp å presse seg inn i ei vekstform som aldri har høvd for dei.
Kan det gjere godt å lese ei stortingsmelding? Eg må ærleg innrømme aldri eingong å ha tenkt tanken. Eg hadde vant meg til, truleg etter å ha lese for mange offentlege utgreiingar om landbrukspolitikk, at stortingsmeldingar er dystre situasjonsomtalar med få moglege løysingar og mange tomme ord.
Så sette eg meg ned med NOU 2020: 15 Det handler om Norge – Utredning om konsekvenser av demografiutfordringer i distriktene. Ho er ikkje slik. Både i omtale av situasjonen slik han er i dag, og i mål og tiltak for framtida, går forfattarane utanfor etablerte sanningar. Høyr berre her:
«Norge vil ha en betydelig befolkning bosatt i distriktskommuner i overskuelig framtid. Utfordringene med spredt bosetting vil fortsatt eksistere, distriktene blir ikke avfolket.»
Nei då, byane, de vert ikkje kvitt subsidieslukarane dykkar. Men bygdene vert ikkje nødvendigvis større, og det er kanskje heilt greitt: «Når vekst vektlegges på denne måten i distrikts- og regionalpolitikken, blir vekst også en målestokk for vellykkethet og status. Samtidig ser vi at nedgang i folketallet generelt ikke har gitt dårlige levekår i distriktskommuner.»
Lukkeleg som liten
Det kan vere greitt å ikkje vekse – dersom ein kan få lov å planlegge ut frå det, hevdar meldinga. Ho legg fram tre scenario for korleis Bygde-Noreg i store trekk kan utvikle seg: «Et godt og vakkert gamlehjem», «Velfungerende distriktsbyer med uttynnet omland» eller – sist, men ikkje minst – «Levende deler av et større norsk mangfold».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.