All matmakt bak denne disk

At Konkurransetilsynet syner milliardmusklar mot Norgesgruppen, Rema 1000 og Coop, er både på tide og på sin plass.

Sidan dei færraste av oss produserer maten vår sjølve, må vi innom ein daglegvarebutikk i løpet av ei veke.
Sidan dei færraste av oss produserer maten vår sjølve, må vi innom ein daglegvarebutikk i løpet av ei veke.
Publisert

Talet 21 milliardar kroner har vore sendt ut i verda tidlegare. Mellom anna har det vore brukt om auken i oljeinvesteringar på norsk sokkel frå 2018 til 2019, den totale låneramma til Husbanken i 2020 og summen Boeing betalte for å unngå rettssak kring dei omstridde 737 Max-flya.

No er det Konkurransetilsynet som legg dette talet på bordet. Bota er rett nok delt på tre daglegvarekjeder som til saman styrer 100 prosent av matvaresalet til privatpersonar i Noreg: 8,8 milliardar kroner til Norgesgruppen ASA, 7,4 milliardar til Rema 1000 AS og 4,8 milliardar til Coop Norge SA. Storleiken på gebyret svarar til om lag 10 prosent av omsetnaden til kvar enkelt kjede. Årsaka til den rekordstore bota er at Konkurransetilsynet meiner daglegvarekjedene har samarbeidd på ein måte som kan ha ført til høgare daglegvareprisar. Det er allment kjent, og akseptert, også kjedene imellom, at dei sender prisjegerar inn i butikkane til dei andre kjedene. Oppdraget deira er rett og slett å registrere kva ulike varer kostar. Offisielt har ordninga hatt det forbrukarvenlege formålet å presse prisar ned: Mang ein priskrig har byrja her, hevdar kjedene sjølve.

Konkurransetilsynet meiner det i røynda er tvert om: Basert på eit større dokumentbeslag gjort våren 2018 meiner tilsynet at informasjonen frå prisjegerane er nytta til å samarbeide om å halde prisane kunstig høge.

Kjedene går imot kravet: «Dette er helt absurd», sa Coop-sjef Geir Inge Stokke til Dagens Næringsliv før jul.

Mektige butikkeigarar

Endeleg svar får vi ikkje før til våren. Lat oss i mellomtida sjå litt nærare på dei tre butikkjedene ingen av oss kjem utanom. Sidan dei færraste av oss produserer all maten vi et sjølv, er vi i løpet av ei veke avhengige av å vitje ein daglegvarebutikk som høyrer inn under vingane til Norgesgruppen, Reitangruppen eller Coop. Det er ingen tvil om at daglegvarekjedene har stor makt i Noreg. Lat oss ta eit kjapt overblikk og byrje på utsida av sjølve daglegvarebutikken.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement