Aldri så gale …
Om det vi kan læra av aluminiumsplatene på det nye Munchmuseet.
Bygginga av det nye Munchmuseet Lambda i Bjørvika sett frå Ekeberg-restauranten i november i fjor.
Foto: Heiko Junge / NTB scanpix
Kommentar
arild.pedersen@ifikk.uio.no
Arkitektur er den mest offentleg påtrengjande kunstforma. Kunstinstallasjonar og døde dyr i formalinglaskasser vedkjem berre få, særleg når dei er finansierte av private pengar. Og vi har heldigvis ikkje ein kommunal kunstetat, som krev at kunst i heimar og galleri skal godkjennast.
Derimot må arkitektur gjennom ein offentleg godkjenningsprosess, sjølv etter siger i ein konkurranse, og sjølv om det er snakk om privat finansiering. Arkitektur skapar nemleg omgjevnader for oss alle, og vi vert prega av dei. Dette gjeld sjølvsagt særleg når det er tale om signalbygg, slike som husar nasjonale institusjonar og har fått framståande plasseringar.
Alfaform
I Oslo er det nyaste døme på dette, ved sida av det nye Nasjonalmuseet på vestbanetomta, Lambda, som altså er namnet på bygget til det nye Munchmuseet i Bjørvika. Namnet refererer til forma på bygget, slik ho står fram i denne bokstaven i det greske alfabetet: ?.
Men no refererer namnet indirekte òg til den fysiske måleeininga for lysets bølgjelengd, sjølv om dette vart gjort alt etter konkurransen i 2009, då vinnarbygningen vart omtalt som eit lystårn.
For ettersom bygget har vorte så ferdig at vi kan sjå den endelege kledningen på fasaden, er det nettopp lyset frå og til denne som har fått eit reint ut sagt bibelsk eller til og med munchsk ramaskrik til å runga ut over fjorden: Arkitekt Brochmann var først ute og sa ifrå om at Lambda syg alt lys ut av Bjørvika. Han fekk støtte frå juryleiaren som var med på å velja Lambda, arkitekt Helle Søholt. Og ekkoet av dette har så spreidd seg forsterka gjennom vanlege og sosiale medium.
Bølgjefront
Kledningen har nemleg vist seg å vera sett saman av bølgjeforma aluminiumsplater, ikkje ulike slike som vert nytta til autovern langs vegar. Der har dei nyttig nok fått bølgjeforma for betre å kunne stå imot kollisjonar, men her skal dei ifølgje arkitektane symbolisera bølgjene i Bjørvika.
Det kunne dei nok ha gjort om kledningen hadde vorte slik som først tenkt, laga av skimrande glas, slik at bølgjene i fjorden, og eigenleg himmel og alt lys, verkeleg hadde vorte spegla i fasaden. Eit interaktivt lystårn, altså. No klarer platene ikkje ein gong å stå imot estetiske kollisjonar, for fasaden er dekt av temmeleg mørk og matt bølgjealuminium, som rett nok ikkje syg til seg alt lys, men heller ikkje i særleg grad sender det attende til omgjevnadene.
Jau, arkitektane og ikkje minst direktør Henriksen seier at perforering i aluminiumen vil senda ut museets eige lys. Men det kan jo ikkje ha nokon verknad på dagtid og erstatta den oppskrytte «lystårneffekten». Berre om natta. Eit «nattårn», altså, som gjev mørke midt på dagen?
Ei lissepasning
No vil eg ikkje leggja skjul på at eg har gått i demonstrasjonstog for bygging av Lambda og elles forsvart prosjektet og krangla med mange som generelt er motstandarar av høge hus.
Eg mistenker at mange av dagens ramaskrikarar no brukar fasadeproblema berre som ei kjærkomen understreking av kor rett dei har. Dei har fått ei lissepasning først frå byggherre Kultur- og idrettsbygg Oslo FK, som i 2011 bestemte at glasfasaden skulle erstattast med aluminium av klima-, risiko- og kostnadsgrunnar. Og dinest av den godkjennande Plan- og bygningsetaten som stilte krav om at aluminiumsplatene ikkje måtte gje markant solrefleks.
Den første endringa kan eg skjøna, men ikkje den siste. Når eg vitjar nabobygget, operaen, i fint vêr, må eg bruka solbriller for å unngå å verta snøblind på grunn av den godkjende markerte solrefleksen frå carraramarmoren.
Så dette er mi – ikkje ramaskriking – ramakviskring i denne saka: Vi, «the people», har delegert makt til politikarar som har delegert henne vidare til ein arkitektjury og til kommunale etatar. Men delegeringa gjeld ikkje i evig tid, og ho er ikkje absolutt. Delegatane kan ikkje sjølv endra premissa for delegering utan å seia frå.
Dette gjeld eit bygg som kostar 3 milliardar kroner. Difor burde dei delegerte i slike tilfelle ha plikt til å senda ut pressemeldingar straks slike påfallande endringar vert gjorde, slik at ein offentleg debatt om dei kan finna stad.
Jau, eg veit at vi har ei presse som skulle følgja med. Men ho har jo mykja anna å passa på. Med kontinuerleg og aktiv openheit vil ikkje endringar koma som slike ramaskrikframkallande sjokk.
Funksjonelt
For eg vil framleis meina at Lambda kjem til å verta – om ikkje (lys)strålande – flott på alle andre vis: Om ein går inn på nettsida til Oslo kommune/ Det nye Munchmuseet, der det rett nok ligg nokre falske videoar av fasaden som burde vore fjerna, vil ein òg finna ein animert video av innsida av bygningen, og han kan ikkje lyga: Dette vil verta eit særs funksjonelt utstillings- og forskingslokale.
Det indre er viktigast for dei som er interesserte i det som skal stillast ut: Vi har nok av museum der alle elskar utsida, til dømes Bilbao-Guggenheim og Astrup Fearnley, men der det som går føre seg inne, berre er for spesielt interesserte. Dessutan kan ein argumentera for at den mørkare høge fasaden eigentleg vert ein tydelegare og meir dialogisk kontrast til den flate kvite operabygningen.
Ingen meiner vel vi skal riva Lambda?
Arild Pedersen
Arild Pedersen er professor emeritus ved Universitetet i Oslo og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Delegatane kan ikkje sjølv endra premissa for delegering utan å seia frå.
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Oppbretta brok i bratta
«Å bretta er i grunnen ‘å gjera bratt’, og i norrønt hadde bretta just tydinga ‘reisa opp, reisa seg’.»
Ole Paus døydde før sjølvbiografien var ferdigskriven.
Foto: Nina Djæff
Eit sandkorn i maskineriet
Ole Paus skriv mest om slektsbakgrunn og mindre om artistkarrieren i sjølvbiografien sin, men det forklarar likevel mennesket Ole Paus.
Eit hus i Ål kommune vart teke av jordskred under ekstremvêret "Hans" i august i fjor.
Foto: Frederik Ringnes / NTB
Husforsikring i hardt vêr
Kan klimaendringane føre til at også norske heimar blir umoglege å forsikre?
Folkerørsla for lokalsjukehusa demonstrerer mot helseføretakmodellen utanfor Stortinget i 2017.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Vestre må avslutte konflikter og beklage
«Svært mange av de 300.000 som jobber i Helse-
vesenet, merker daglig følgene av Helseforetaks-
modellen som nå videreføres av Ap og Sp.»
James Rebanks på Lillehammer sist veke.
Foto: Morten A. Strøksnes
Ein mann for alle årstider
LILLEHAMMER: Etter å ha skrive to svært populære bøker om landbruk og sauehald hamna James Rebanks i ei krise som førte han til eit dunvær på Helgeland.