Å vere grundig er eit verdival
Noreg ligg på etterskot med det meste, og det vert berre dyrare og dyrare å ikkje gjere noko med det.
Overalt i Noreg står hus, vegar og infrastruktur som treng hjelp.
Illustrasjonsfoto: Heiko Junge / NTB scanpix
Lat oss gjere oss ferdige med tala, summane, statistikken og rapportane med éin gong: Vedlikehaldsetterslepet på norske skular er på mellom 50 og 60 milliardar kroner, ifylgje KS. Vedlikehaldsetterslepet på universitet og høgskular ligg på mellom 10 og 15 milliardar, ifylgje institusjonane sjølve. Om vi skal tru Rådgivende Ingeniørers Forening og rapporten «Norges tilstand 2015», mangla det då 110 milliardar kroner for å få norske avløpsanlegg opp til ein standard der berre normalt vedlikehald er naudsynt. For fylkesvegane er summen 500–600 milliardar, for kommunale vegar 250–300 milliardar og for statlege helsebygg 40 milliardar, og vassforsyningsanlegga våre treng 100 milliardar kroner.
Om vi skal få skikk på dei, stikk altså berre dei kommunale vegane av med alle oljeinntektene den norske staten fekk i 2018. Det er svimlande tal, vanskelege å ta inn over seg. Har vi ikkje brydd oss? Nei, kanskje er vi trass alt ikkje mange nok som bryr oss om kvar ein liten vegstubb. Men lagnaden til vikingskipsmuseet vårt, og det faktumet at nesten halvparten av norske kyrkjer har roteskader, syner at sjølv det å bry seg om ei sak ikkje alltid er nok til å ta tak i bygningane. I 2017 rekna Oslo Economics ut at vedlikehaldsetterslepet på fylkesvegane i 2027 vil ha vakse til 99 milliardar kroner.
Pengar berre til nytt
I kommunen der eg bur, er det planlagt to nye idrettshallar og eit nytt rådhus. Samstundes lek det frå taket på samfunnshuset, som det har gjort i mange år, og på oversida ser taket ut som ei middels fjerdedivisjons fotballbane av mose. Og samfunnshuset er ikkje aleine, men kor stort vedlikehaldsetterslepet på alle kommunens bygningar er, er det ingen som har rekna på.
Sjølv om nybygg og forfall er del av same budsjett (det kommunale), er dei ikkje reelt samanliknbare: Dei kjem ikkje frå same pott. Pengane til ny idrettshall kan ikkje berre flyttast over til vedlikehald på samfunnshuset, for utan nybygg ville ein stor del av kronene ikkje ha vore i kommunen sine hender i det heile.
Det vekker til live fylgjande spørsmål: Kvifor er det så mykje lettare å skaffe til vegs pengar til å bygge nytt enn til å ta vare på det ein alt har?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.