¿ Fridom og likskap i EØS

Heilt sidan 1994 burde vi ha visst at EU krev fri flyt. Alltid.

Publisert

Lytt til artikkelen:

Ja, det er ein skandale, det som har skjedd med dei uskuldig dømde trygdemottakarane. Det er òg trist at vi har ein ukunnig stat. Når det er sagt: Det er slik at dei fleste av oss nordmenn har visst at når du får sjukepengar, arbeidsløysetrygd eller arbeidsavklaringspengar, det som før vart kalla mellombels uføretrygd, så kan – eller kunne – du etter norsk lovverk ikkje opphalda deg i utlandet. Det har vore hovudregelen, anten han var feil eller ikkje.

Mange av oss hugsar den såkalla Roger Ingebrigtsen-saka frå 2012. Lækjaren sende han til utlandet for at han skulle koma unna presset frå media. Fleire reagerte då, for dei fleste av oss meinte å vita at vi ikkje kunne reisa til utlandet når vi var sjukmelde. Orsakinga var visstnok at det var den einaste måten han kunne koma seg unna det som gjorde han sjuk.

I den tida skreiv eg mykje om trygdeeksport og arbeidde med ei bok om velferdsstaten. Eg byrja å ringja departementet og peika på at når ein polakk vart sjukemeld heime i Polen medan han arbeida i Noreg, hadde han rett til å verta verande der til ein vart frisk. Ja, stadfesta byråkratane, det er rett. Men, meinte dei òg å vita, det galdt ikkje om ein vart sjukemeld medan ein var i Noreg. Då måtte ein vera i Noreg. Eg tykte det var ulogisk etter EØS-retten. Nær alle visste då at det var fri flyt av menneske innanfor EØS.

Brochmann

Eg visste det meir spesifikt av di eg hadde lese den fyrste innvandringsrekneskapen i regi av det såkalla Brochmann-utvalet. Dei var krystallklare: «Etter artikkel 10 i forordningen skal ikke bare personer likebehandles, men også territorier. En ytelse kan ‘(...) ikke reduseres, endres, suspenderes, bortfalle eller beslaglegges (...)’ av den grunn at den berettigete er bosatt på en annen medlemsstats territorium. Hvis norsk lovgivning for eksempel hadde bestemt at uførepensjon skulle reguleres ut fra levekostnadene i bostedslandet, ville det vært i strid med forordningen å anvende bestemmelsen innenfor EØS.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement