JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kommentarar

🎧 Død over «problematisk»!

I kulturdebattar vert ordet «problematisk» nytta på eit vis som fostrar
intellektuell latskap og moralistisk, ullen nytale. 

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Illustrasjon: Faksimile frå Maclean's / Sarah MacKinnon

7543
20191129
7543
20191129

Lytt til artikkelen:

Ein brunsnigel av eit ord er sett ut i den norske offentlege floraen. Som så mykje hol nytale er ordet eit sleipt vesen av amerikansk opphav, importert av den litterære Oslo-intelligentsiaen. Eller, det er ikkje ordet i seg sjølv som er trugsmålet, men ein viss måte å nytte det på, som eit retorisk grep som signaliserer at ein sjølv er på parti med det sanne, det gode og det vene, mot noko tvilsamt og grumsete. Det er, med andre ord, noko problematisk ved ordet «problematisk».

Ein ser det særleg i bokmeldingar. Kritikaren fordømmer ei bok for å vere «etisk» eller «djupt» «problematisk», ofte med tanke på eit kjønns-, makt- eller rasepolitisk spørsmål, og kjem slik med ein abstrakt moralsk dom over verket – ein dom som liknar til forveksling på ein analyse. Av og til er det berre ei mistenkeleggjering av forfattaren, andre gonger er det eit karakterdrap forkledd som meiningsmotstand. Ofte er det mest eit symptom på sløv lesing, som til dømes i Erlend Liisbergs melding av Tomas Espedals roman Elsken, der linken «etisk problematisk bok om døden» leier deg til tittelen «Ny Espedal-bok: Etisk problematisk», som leier deg til ein tekst som avskriv boka, ikkje av di ho er ei dårleg bok, noko ho er, men av di ho er «et etisk problematisk stykke virkelighetslitteratur».

Problemet med «problematisk» slektar på problemet med det litt meir uskuldige, men like irriterande «interessant». Båe orda flaggar at noko ved noko er verdt å snakke om, utan at talaren må seie kvifor eller korleis. Ordet peiker på eit fenomen og seier «her er det noko som er vanskeleg», men det at noko er vanskeleg, altså verdt å diskutere, burde vel vere gjeve, idet ein vel å snakke om det i avisa? Dette gjer «problematisk» til det ein på engelsk kallar eit weasel word, eit røyskattord, eit omgrep som lèt talaren unngå å seie noko konkret, samtidig som ho skaper ein illusjon av å ha sagt noko meiningsfullt. Røyskatt-retorikaren smyg seg gjennom smale logiske sprekkar medan ho jagar byttet sitt innover i ei steinrøys der det vert ståande fast utan rømmingsvegar.

På salong

Sist veke var eg på salong i regi av Kritikerlaget, ei foreining for folk som melder bøker. Tittelen på arrangementet var «Har kritikeren etisk berøringsangst?» (Eit spørsmål som i seg sjølv fekk meg til å grøsse. Ein kan kanskje seie at eg i møte med orda «etisk» og «berøringsangst» har berøringsangst.)

Det var ikkje så mange til stades i seminarrommet på Litteraturhuset, men likevel var dei ein mektig gjeng, samansett av bokmeldarar frå dei største avisene i landet. I panelet sat Cathrine Sandnes, avtroppande sakprosaredaktør i Gyldendal og påtroppande i Kagge, Trygve Riiser Gundersen, redaktør i forlaget Press og kritikar i Klassekampen, og Karin Haugen, redaktør for Bokmagasinet. Samtalen vart leidd av Cathrine Krøger, bokmeldar i Dagbladet. 

Fleire av paneldeltakarane nytta ordet «problematisk» denne kvelden, både på scenen og då dei seinare samla seg i baren der dei – eg køddar ikkje – diskuterte Karl Ove Knausgård. I båe tilfella kjendest ordet som eit svart hòl i ein elles nyansert samtale. Eg hadde lenge tenkt at det sikraste teiknet på at ein har å gjere med ein talentlaus bokmeldar, er at ho konkluderer med at noko er «problematisk», men no sat altså landets beste lesarar og brukte ordet på liknande vis. 

Internt oppgjer

Ullen nytale breier om seg i hysterisk tider, tenkte eg og gjekk heim for å google etter medsamansvorne i kampen mot «problematisk». Dei var lette å finne. Det viste seg at verda, særleg USA, var full av folk som hadde gremma seg over korleis folk så lett slengde om seg med denne vage moralistiske klagen. I USA knytte ein spreiinga av ordet til sutrete og historielause studentmiljø ridde av politisk korrekt identitetspolitikk. 

Kjende intellektuelle hadde oppmoda til bannlysning av ordet, til dømes ein av mine essayistiske heltar, Meghan Daum, ein forfattar med fininnstilt tidsåndradar som nyleg gav ut boka The Problem with Everything: My Journey Through the New Culture Wars. Men desse kritikkane var ikkje like slåande som kritikkane skrivne av syndebukkane sjølve. Det viste seg nemleg at fleire amerikanske studentaviser og universitetsbloggar hadde vore tidleg ute med analysar av korleis ordet i ei periode teppebomba deira eige debattlandskap. Å lese desse interne oppgjerda med universitetskulturen, frå miljøa som får skulda for så mykje av fordervinga av verda, kjendest som å hoppe fram i tid til noko ein kan tenkje seg vil utspele seg i det norske ordskiftet.

Under tittelen «Slik vi no snakkar i det offentlege», i studentavisa The Hedgehog Review, skriv Matthew Schmitz at «’problematisk’ har blitt eit av dei uunngåelege orda i samtida, eit samleomgrep for alle kjendis- og mediefeilsteg som kan oppfattast som sexistisk, rasistisk eller hegemonisk. Ordet har ei brei og uimotståeleg tiltrekkingskraft på båe fløyer av politikken». På nettsida Study Breaks kan kan ein i lista «Fem grunnar til å ikkje bruke ordet ‘problematisk’» lese at ordet er ein avleiingsmanøver som står i vegen for læring ved å skape forakt der ein burde skape diskusjon. 

«‘Problematisk’ er intellektuell latskap», skriv Austin Dean i studentavisa til Columbia University og etterlyser eit oppgjer med måten ordet har vore brukt ved universitetet hans. «Vi får ordet til å ta dei harde løfta for oss ved å signalisere at her er eit betent tema, utan faktisk å seie kva det betente er», skriv han. Ordet gir talaren «ein slags utilnærmeleg autoritet ved automatisk å gjere dissentaren om til eit problem. Slik det vert brukt her på Columbia, er ’problematisk’ eit ord som ikkje byr på noko konkret, ingen kritikk, inga rettleiing.» 

Slike innvendingar har gitt ordet plass i den uformelle ordboka Urban Dictionary, som definerer «problematisk» slik: «Eit marknadsakademisk røyskatt-ord brukt av folk som har ei kjensle av at noko er undertrykkjande, men som ikkje eigentleg vil tenkje over problemet eller kvifor det eksisterer.» 

Kritikarstanden

I Noreg er det førebels mest i kritikarstanden, og blant andre generalistar som i høgt tempo uttalar seg om mykje forskjellig, at omgrepet vert nytta slik, men det er likevel verdt å merke seg, for det er ofte slik det byrjar: Ein ny talemåte vert teken i bruk av offentlege intellektuelle, for så å forplante seg blant politikarar og gripe om seg i kvardagsspråket. Talemåtar som smigrar talaren, samstundes som dei legg til rette for intellektuell latskap, er særleg smittsame. Tenk berre på den tapte kampen mot bruken av «i forhold til» i utsegner der ingenting vert samanlikna. 

All god litteratur er problematisk. Som dom over eit kunstverk er ordet i beste fall overflødig, i verste fall ein slags sensur som stoggar ein samtale der han burde ha byrja. Og kvar gong nokon nyttar dette ordet til å setje punktum om noko, kvar gong det til dømes dukkar opp i tittelen på ei bokmelding, skjer det motsette av det som bør vere heile poenget med kulturkritikk, nemleg å opne opp modige samtalar der ein ikkje visste at ein samtale låg på vent. Difor, altså, dette varskuet om ein USA-leidd invasjon av norsk retorikk. Vi bør luke ut denne nytalen éin gong for alle. Nib it in the bud, som det heiter på amerikansk. Knip det av ved knoppen.

Ida Lødemel Tvedt er forfattar og journalistvikar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– All god litteratur er problematisk. Som dom over eit kunstverk er ordet i beste fall overflødig.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis