JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok på bokKlok_Innsida

Pappahumor

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4922
20230310
4922
20230310

Nok ein gong har me motteke ei undring frå ein fiktiv innsendar som ynskjer å vere anonym. Lesaren vil vete om Klok-redaksjonen kan leggje fram eit eksempel på pappa- eller gubbehumor. Ei oppdeling av humor etter kjønn er ikkje noko boklækjaren vil bidra til, så med godt mot og høgt humør, føreslo eg for redaksjonen at me skulle ta for oss eit anna tema. Eg vart nedstemd.

Det er med tungsinn me konstaterer at uttrykket pappahumor har erobra seg ein plass i tida. Avdelinga for lesarsørvis her i bokstova meiner dette er eit typisk døme:

– Har du høyrt kva som er månadens vin på polet?

– Nei, det har eg ikkje.

– Det er marsvin.

Herifrå går det berre éin veg, og det er oppover. Gunder Runde skriv: «Den siste boka vi las i den vidgjetne lesesirkelen vår, var Tre lys av den irske forfattaren Claire Keegan. Gruppemedlemane våre var samstemte i at dette var ei strålande bok, og vi bestemte oss for å lese også den andre boka av Keegan som er utgitt på norsk, nemleg Småting som dette. Denne boka er minst like god som den første, og eg gler meg til å drøfte henne på neste gruppemøte! Claire Keegan er fødd i 1968 (same året som Per Olof Sundman fekk Nordisk råds litteraturpris). Førebels har ho gitt ut berre fire bøker, i tillegg til desse to romanane er det tale om to samlingar med noveller, som til dels er offentleggjorde i ulike aviser/tidsskrift, mellom anna i det kjende tidsskriftet The New Yorker. Ho bruker lang tid på kvar bok, når vi ser resultatet, er vi glade for det! Hovudpersonen i Småting som dette heiter Bill Furlong, og er kol- og vedhandlar. Handlinga i boka går føre seg like før jul, og Bill finn ut at ikkje alt er som det skal vere i nonneklosteret i småbyen, som er drifta som vaskeri, med ’falne kvinner’ og borna deira som arbeidarar. Når han kjem for å levere kol, finn han ei jente innelåst i kolkjellaren, i særs dårleg tilstand. Priorinna prøver å bortforklare hendinga, men Bill er ikkje overtydd, han trur at jenta Sarah (Redmond) har vore innelåst som straff for eit eller anna. Bill får ikkje Sarah ut av tankane, og like før jul dreg han tilbake til klosteret, går ned i kolkjellaren, der Sarah framleis er, og tar henne med seg.

Utdraget i «Klok på bok» er heilt på slutten av boka, då Bill er på veg heimover, og gruar seg litt til kva kona vil seie når han kjem heim med endå ein unge. Bakgrunnen for denne forteljinga er ikkje oppdikta. Dei såkalla ’Magdalen-vaskeria’ i Irland sysselsette mellom ti og tretti tusen jenter og kvinner, innesperra og sette til tvangsarbeid. Desse vaskeria vart etter kvart nedlagde, men det siste var i drift heilt fram til 1996. Ein undersøkingsrapport frå ca. 2020 har vist at ni tusen barn døydde i berre 18 av dei institusjonane som vart granska. Det var den katolske kyrkja i samarbeid med den irske staten som stod bak drifta av desse institusjonane. Claire Keegan er sjølv yngst i ein stor katolsk familie. Ho er omsett til over 20 språk og har fått ei rekkje litterære prisar, både i heimlandet og i andre land. Eg vil tru at mange har hatt glede av desse to små romanane som er komne på norsk, svært godt omsette av Merete Alfsen.»

Jorunn Øxnevad Lie skriv: «Denne boka har jeg nylig lest, det var en sterk opplevelse.»

Inger Anne Hammervoll skriv: «Denne boka kan ein vel trygt kalle ei perle.»

Smått om senn fann desse klokingane fram til rett svar på oppgåve 1568: Signar Myrvang, Eli Winjum, Vigdis Hegna Myrvang, Jorunn Øxnevad Lie, Ellen Lian, Laurits Killingbergtrø, Ole Husby, Else Gjesdahl Sørensen, Ragnhild Eggen, Jan Alfred Sørensen, Ingebjørg Sogge, Fritjof Lampe, Paul Henrik Hage, Gunder Runde, Inger Anne Hammervoll, Per Trygve Karstensen, Reidar Birkeland, Inge Strand, Camilla Høvik, Kjell Helge Moe, Arne Thorvik, Audun Gjengedal, Ole G. Evensen, Eli Hegna, Nils Farstad, Torhild Bru, Skeisebibliotekaren i LASK, Bjørn Myrvang, Turid Tirevold, Folke Kjelleberg, Gunnar Eide, Olav Holten, Inger Margrethe Berge, Tove Skoghaug Skrede, Eirik Holten, Torleik Stegane og Robert Øfsti. I dag heiter bokvinnaren Torleik Stegane. Gratulerer!

Klok på bok 1570

«Jeg blir så sint iblant, det er en rent fysisk følelse – det kommer til et punkt da man begynner å forakte sine egne ord som man hører i ørene, ikke fordi de ikke er ekte, for det er de, men fordi du har sagt dem så mange ganger, dine ‘prinsipper’, dine ‘idealer’ – og likevel har de forandret så forbasket lite her i verden.»

Sitatet er frå side 135 i boklækjarutgåva (2020). Me skal fram til ein roman som på originalspråket kom ut fyrste gong i 1992. Forfattaren er fødd i eit år då Nobelprisen i litteratur gjekk til ein amerikansk forfattar. Store delar av romanen går føre seg i ein bil, og før eg godkjenner svaret, vil eg vete kva for eit merke det er på bilen som denne fatale køyreturen går føre seg i.

Send namn på bilfabrikant, namn på forfattar og tittel på verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 18. mars.

Medikus Libri

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Den såkalla hysjpengesaka mot Donald Trump er inne i andre veke i retten i New York.

Illustrasjon: Jane Rosenberg / Reuters

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Høgt spel i New York

Straffesaka som no går føre seg mot Trump, er den han har størst sjanse til å verte frikjend i. Og vert han det, kan saka òg gje han fleire veljarar, seier kommentator Jan Arild Snoen.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis