JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok på bokKlok_Innsida

Nordbrandt

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4903
20230210
4903
20230210

I dag er spalta her dedisert til ein av favorittdiktarane mine, nemleg den danske bautaen Henrik Nordbrandt som gjekk ut av tida førre veka. Nordbrandt vart 77 år, og han var ein av dei eg trudde ikkje kunne døy.

Det vert for freistande å ta med ei røvarhistorie frå røynda denne gongen. Nok ein gong skal me attende i tida, og me skal til København og Christianshavn. Der ligg det ein liten fransk bistro med namnet Café Wilder, og mange kunstnarar og kunstnarspirer kan opp gjennom åra takke plassen for at hushaldspengane ikkje strakk til.

Ein kveld eg sat på Wilder, fekk eg auge på Henrik Nordbrandt i andre enden av bistroen. Henrik og eg hadde båe hatt på hovudet, så då me møttest i baren, helste me høvisk på kvarandre. Det er slikt folk med hatt gjer. Eg var sjølvsagt starstruck då eg tusla tilbake til bordet mitt. Og no ville verda det slik at ved stengetid var det berre diktaren og boklækjaren som ikkje hadde avslutta kvelden. Me gjekk saman ut i natta, og eg fekk endeleg sagt til Nordbrandt kor høgt eg sette diktinga hans. Det vart det ikkje dårleg stemning av, så då eg spurde om eg fekk deklamere eit norsk dikt for han, var smilet stort då han takka ja. Så der stod eg, på fortauet utanfor Café Wilder og deklamerte Tor Jonssons «Når du er borte» for Henrik Nordbrandt. Handtrykket eg fekk då me sa farvel og god natt, gløymer eg aldri.

For at lesarane skal få ei føling med korleis Nordbrandt skreiv, tek eg med eit lite utdrag frå diktet «Fluevejr» som står i den fine samlinga Pjaltefisk:

«Hvis man erstattede lyden af ordet jeg

med lyden af en flue, der ligger på ryggen i en vindueskarm

ville man få et nøjagtigere billede af sandheden.»

No skal me flyge over i det franske og sjå på løysinga me skulle fram til i dag. Folke Kjelleberg skriv: «Sitatet i oppgåva denne veka er henta frå romanen Farvel til Eddy Bellegueule, som vart utgjeven på Aschehoug i 2015, omsett av Egil Halmøy. Forfattaren av denne sjølvbiografiske boka, som kom ut på fransk i 2014, er Edouard Louis. Han er fødd i 1992, same året som Derek Walcott frå den karibiske øya Saint Lucia vann Nobelprisen i litteratur. Dette er debutromanen til Louis, og boka gjorde at han med eitt vart ein verdskjend forfattar. Romanen skildrar ein tøff og vond oppvekst i eit miljø prega av mobbing, vald og hets av ein gut som var veik og feminin, ein som heller ville danse enn slåst. Faren Jacky Bellegueule var den som plaga sonen Eddy mest. Som forteljaren Eddy skriv: ’Som alle mennene i landsbyen var faren min voldelig.’»

Eli Hegna skriv: «Debatten gikk høyt i Frankrike om hvorvidt Farvel til Eddy Bellegueule av Edouard Louis kunne være sann. Også her hjemme ble det en debatt om boka – kanskje på et annet plan – jf. Fløgstad-debatten i Morgenbladet. Dette er en oppvekstroman, sosialrealisme på sitt mørkeste og en fortelling om klasser. Kunne lett ha blitt tårevåt og selvopptatt, men forfatteren beskriver et helt miljøs strukturelle sannheter like mye som han beskriver seg selv.»

Inger Anne Hammervoll skriv: «Denne oppvekstskildringa frå eit fattig arbeidarstrok i Frankrike vart fort internasjonalt berømt. Kritiske røyster, mellom andre Kjartan Fløgstad, har uttala at forfattaren henger ut arbeidarklassen og gjer den lidande i staden for ledande. Eg ser det på denne måten: ei god bok som gir innsikt i livsvilkår ein sjølv ikkje har erfart.»

På leit etter Louis kom desse klokingane fram til rett svar på oppgåve 1564: Signar Myrvang, Eli Winjum, Skeisebibliotekaren I LASK, Vigdis Hegna Myrvang, Torhild Bru, Inger Anne Hammervoll, Ingerid Skarstein, Laurits Killingbergtrø, Ragnhild Eggen, Else Gjesdahl Sørensen, Jan Alfred Sørensen, Hans M. Gautefall, Paul Henrik Hage, Ole G. Evensen, Gunder Runde, Fritjof Lampe, Ingebjørg Sogge, Eli Hegna, Bente Ubostad, Per Trygve Karstensen, Folke Kjelleberg, Audun Gjengedal, Lise Haaland, Synnøve Kåset, Erik Aamlid, Inge Strand, Sigrun Gjengedal Ruud, Arne Thorvik, Gunnar Bæra, Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen, Kjell Helge Moe, John Olav Johnsen, Gunnar Eide, Geir Nævdal, Torleik Stegane og Robert Øfsti. Bokvinnaren denne veka heiter Jan Alfred Sørensen. Gratulerer!

Klok på bok 1566

– Syng du til vanleg spør han, og ho seier at nei, det er lenge sidan. Dei snakkar om alminnelege ting, men samtalen er ikkje alminneleg. Avtrykket av hendene hans er der oppå hennar, og augene deira fortel kvarandre mykje som hjernen ikkje rekk å få med seg.

Sitatet er frå side 134 i boklækjarutgåva (1998). Me skal fram til ein forfattar som er fødd i eit år då Nobelprisen i litteratur gjekk til ein forfattar som skreiv på engelsk. I romanen får me høyre om nokre postkort frå ein onkel, og før eg godkjenner svaret, vil eg vete om denne onkelen er farbror eller morbror til hovudpersonen. Send skyldskap mellom onkel og hovudperson, namn på forfattar og tittel på verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 18. februar.

Medikus Libri

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Den såkalla hysjpengesaka mot Donald Trump er inne i andre veke i retten i New York.

Illustrasjon: Jane Rosenberg / Reuters

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Høgt spel i New York

Straffesaka som no går føre seg mot Trump, er den han har størst sjanse til å verte frikjend i. Og vert han det, kan saka òg gje han fleire veljarar, seier kommentator Jan Arild Snoen.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis