JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok på bokKlok_Innsida

Korta på bordet

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4900
20221118
4900
20221118

Her i bokstova skal me denne gongen fyrst ta føre oss ei kjensle mange kjenner til, nemleg mishaget ein kan merke når andre ser ein annleis enn ein ser seg sjølv. No finst det ingen fasit på denne divergensen. Nokre meiner at ein kjem tettast på sanninga om eit menneske når det vert vurdert utanfrå, medan andre tenker at det er innanfrå ein best kan vete kven ein er. Eit komisk aspekt her er at folk som tviheld på at dei veit kven andre er, i røynda, er dei som mest standhaftig ikkje godtek fråsegner frå andre om seg sjølv. Som Hamsun sa det i Mysterier: «Menneske, dit Navn er Æsel!»

Når eg tek opp dette i dag, er det av di fleire av oppgåveløysarane har hinta om at dei har gjennomskoda boklækjaren. Kor mange av lesarane som er i slekt med miss Marple eller Sherlock Holmes, veit eg ikkje, men i svara denne gongen var det fleire som kunne avsløre at favorittforfattaren til boklækjaren er Knut Hamsun. Her må eg medgje at sjølvbiletet som komplisert mysterium fekk ein knekk. No lyt eg slå meg til ro med at folk les meg som ein open teikneserie. Det går.

Og ja da, Gunder Runde: Det vert kviss med Store-Knut til jul i år òg.

Så til svaret me skulle fram til denne veka. Skeisebibliotekaren i LASK skriv: «Her er det ikke nevnt noe om oversettelse eller originalspråk, så da må det vel dreie seg om en norsk utgivelse, da. Wikipedias oversikt over nye bøker i 1932 tilbyr kun ett alternativ, nemlig Ettermæle av Olav Duun, men han døde i 39 og da var det en finsk forfatter som fikk den store prisen. Et søk på skjønnlitteratur på bokmål for voksne hos BOB gir noen flere treff – Nini Roll Anker? Nei. Axel Krogh? Hvem? Ingvald Forsberg? Døde i 33, samme år som Ivan Bunin fikk prisen. Kom ut med romanen Markus i 1932… Her viser det seg imidlertid at BOB har slurvet, for Markus er ikke en bokmålsroman i det hele tatt. Videre. Mange jeg aldri har hørt om. Gunnar Larsen. Han har jo Vold skrevet varmt om. Kom med romanen I sommer dette året. Døde i 58, samme året som – Boris Pasternak fikk prisen! Gunnar Larsen har vi ikke i Skeisebiblioteket, så her må jeg oppsøke et større et. Der fant jeg sitatet på side 56, akkurat som angitt. Når det gjelder denne forfatteren som ikke kunne – eller ville – spille kort, hadde jeg nær svart Anton Petersen med én t, men det gjør jeg altså ikke – jeg svarer Store-Knut, Hamsun, altså. Under lesning skjønte jeg at dette er en typisk eie-bok, hvorpå den ble oppsport på antikvariatnorge.no og bestilt. Takk for godt tips!»

Camilla Høvik skriv: «Denne veka var sitatet frå ein favoritt. Gunnar Larsen sin forfattarskap las eg for nokre år sidan, og romanen I sommer, som sitatet er henta frå, er ei perle.»

Desse spela korta rett og kom fram til løysinga på oppgåve 1553: Signar Myrvang, Eli Winjum, Petter Kristensen, John Olav Johnsen, Arne Thorvik, Ingebjørg Sogge, Skeisebibliotekaren i LASK, Ragnhild Eggen, Janneken Øverland, Laurits Killingbergtrø, Vigdis Hegna Myrvang, Nils Farstad, Jon Østbø, Ole G. Evensen, Gunn Bull-Berg, Lise Haaland, Jørund Holst-Hansen, Pål Amdal, Fritjof Lampe, Ole Husby, Inger Anne Hammervoll, Jorunn Øxnevad Lie, Ingrid Amundsplass, Eli Hegna, Bjørn Myrvang, Torbjørn Ohnstad Skaim, Gunder Runde, Camilla Høvik, Jorunn Hareide, Gunnar Bæra, Bjørn Øyvind Engh, Magnhild Reisæter, Anne Berit Skaarer, Camilla på biblioteket i Åsane, Thana Rongen, Reidar Birkeland, Olav Larsen, Audun Gjengedal, Steinar Alsvik, Jan Alfred Sørensen, Folke Kjelleberg, Else Gjesdahl Sørensen, Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen, Ståle Ritland, Roar Øvrebust, Marta Kløve Juuhl, Per Trygve Karstensen, Erik Aamlid, Kari Vevatne, Sigrun Gjengedal Ruud, Kjell Helge Moe, Eiliv Olsen, Knut Jarbo, Gunnar Eide, Torleik Stegane, Robert Øfsti, Sjur Joakim Fretheim, Irene og Tore på Tranby, John Solberg og Rolv Stølen. Bokvinnaren denne veka heiter Steinar Alsvik. Gratulerer!

Klok på bok 1555

Fleire tiår har gått, og eg er meir eller mindre blitt fri den relative depresjonen som eg lenge kjende i lauvskogane, samanlikna med hygga ved å vere i barskog. Men då eg i fjor sommar såg eit flyge-ekorn, letun, som mot ein bakgrunn av blå himmel stupte fram mellom greinene på ei gammal lind, blei eg råka av ei uventa skuldkjensle på grunn av lagnaden til det relikte dyret, og eg måtte gruble lenge før eg forstod årsaka.

Sitatet er frå side 204 i ei novellesamling som kom ut i 1991. På originalspråket kom novella sitatet er henta frå, ut i 1980. Me skal fram til ein forfattar som er oppkalla etter staden der ein veg greinar seg i to, og som er fødd i eit år då Nobelprisen i litteratur gjekk til ein norsk forfattar. I den aktuelle novella er forteljaren forfremma frå hjelpelærar til professor, og før eg godkjenner svaret, vil eg vete etternamnet på denne professoren. Send namn på professor, namn på forfattar og tittel på novellesamling til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 26. november.

Medikus Libri

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Er overvaking prisen vi må betale for eit trygt samfunn?

Foto: The Right Frame Media / Shutterstock

Samfunn
PernilleGrøndal

E-tenesta ser deg

Kor langt kan E-tenesta gå i å overvake den elektroniske kommunikasjonen vår? Det får vi kanskje svar på denne våren.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis