JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok på bokKlok_Innsida

Sukk og Tjønn

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4912
20240419
4912
20240419

Det er ei kjensgjerning at ein ikkje treng kuleramme når ein skal remse opp nobelprisvinnarar i litteratur som skriv eller skreiv på nynorsk. Heller ikkje treng du telje ved hjelp av fingrane, men om du har ein nase, kan du telje han, så har du talet.

Me var mange som sukka letta då Fossekallen endeleg fekk prisen. Det var ei storhending. Men om det skal gå 122 år til neste gong Nobelprisen går til ein nynorskskrivande forfattar, er det nok fleire av oss som ikkje får det med seg.

Annleis er det med Nordisk råds litteraturpris. Tre gonger sidan fyrste utdelinga i 1962 har me fått ein vinnar som nytta rett norsk i skrivinga. Om du ikkje kan namn og årstal på desse velfortente vinnarane utanåt, er boklækjaren her for å hjelpe deg. I 1964 fekk Tarjei Vesaas prisen for Is-slottet, i 1978 var det Kjartan Fløgstad sin tur med Dalen Portland, og for Trilogien: Andvake, Olavs draumar og Kveldsvævd fekk Jon Fosse Nordisk råds litteraturpris i 2015. Send meg ein øm tanke når du briljerer med denne innsikta i selskapslivet.

Så til svaret me skulle fram til denne gongen. Gunder Runde skriv: «Ein av dei verkeleg gode forfattarane som skriv på nynorsk: Brynjulf Jung Tjønn, fødd 1980 (då Sara Lidman fekk Nordisk råds litteraturpris). Og boka vi skal fram til denne gongen, har tittelen Alt det lyse og alt det mørke, og som så ofte hos Tjønn krinsar handlinga om ein ungdom som har hatt ei vanskeleg ungdomstid, oppvaksen med ein åleinefar som er slave av alkoholen, og etter kvart busett hos ei tante som slett ikkje gjer livet lettare for den unge hovudpersonen. Som så mange av Tjønn sine hovudpersonar gjennomgår også denne jenta ein vanskeleg barndom, utan særleg mange lyspunkt. Jenta støttar seg til faren, som i sine lyse (= alkoholfrie) periodar er ein god far, men dessverre utan evne til å kome seg ut av alkoholmisbruket. Jenta har periodevis kontakt med helsestellet, og den spesialisten som er nemnd i boka, heiter Torhild. Tjønn har fleire gode bøker bak seg, og har mellom anna fått P2-lyttaranes romanpris i 2021. Diktsamlinga Kvit, norsk mann (2023) gjorde (med rette) stor lukke. Ein viktig forfattar!»

Erik Steineger skriv: «Denne gangen var det tipset om ’ein noko svart-kvit tittel’ som satte meg på sporet. Noe lyst og mørkt i en bok som kom i 2017, var lett å finne, og Deichmanske hadde den til utlån som ebok. Har lest mye av den gode Tjønn tidligere, nå fikk jeg lest denne også.»

Jorunn Øxnevad Lie skriv: «Det tok sin tid før jeg fikk avisa, og så tok det enda litt tid å få tak i boka der jeg mente å finne svar. Boka var fort lest, men ettervirkningen blir mer langvarig. Det var en sår fortelling Brynjulf Jung Tjønn hadde skrevet.»

Inger Anne Hammervoll skriv: «Etter å ha leita og komme på villspor fleire gonger, dukka løysingsromanen uventa opp, og eg har no lese nesten heile boka. Dette er den andre gode romanen eg har lese av denne forfattaren, men denne er eldre enn den første eg las, for å seie det enkelt.»

Eli Hegna skriv: «Brynjulf Jung Tjønn gikk nylig av som leder av Den norske Forfatterforening. Han hadde sittet i sjefsstolen bare et år. Skriving hadde det blitt lite av det siste året. Nå vil han skrive mer. En kritikerrost forfatter, både for voksne, ungdom og barn, som har blitt tildelt både Bragepris og P2-lytternes romanpris. Dikt skriver han også.»

Desse klokingane såg lyset og leita fram løysinga på oppgåve 1621: Paul Henrik Hage, Signar Myrvang, Eli Winjum, John Dag Hutchison, Fritjof Lampe, Nils Farstad, Ingebjørg Sogge, Eli Hegna, Ingerid Skarstein, Ole Husby, Ragnhild Eggen, Erik Steineger, Inger Anne Hammervoll, Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen, Inger Merete, Kirsti og Grete, Tiril Bonnevie, Sjur Joakim Fretheim, Gunnar Eide, Skeisebibliotekaren i LASK, Per Trygve Karstensen, Reidar Birkeland, Sigrun Gjengedal Ruud, Eirik Holten, Gunder Runde, Gunnar Bæra, Olav Holten, Audun Gjengedal, Hans Petter Høie, Folke Kjelleberg, Lise Haaland, Jorunn Røyset, Kjell Helge Moe, Anne Berit Skaarer, Laurits Killingbergtrø, Sissel Gunnarshaug, Inge Strand, Jorunn Øxnevad Lie, Olav B. Larsen, Inger Margrethe Berge, Magnhild Reisæter, Irene og Tore på Tranby, Ole G. Evensen, Torleik Stegane og Robert Øfsti. Bokvinnaren denne veka heiter Signar Myrvang. Gratulerer!

Klok på bok 1623

Han trøster seg med kvinner som andre trøster seg med alkohol. Å ja. Det er ikke helt fritt for det med alkohol heller. Men det er helst i de senere årene.

Sitatet er frå s. 171 i boklækjarutgåva (1981). Fyrsteutgåva kom i 1947. Me skal fram til ein forfattar som var fødd i eit år då Nobelprisen i litteratur gjekk til ein italiensk forfattar. Forteljaren i romanen fortel plutseleg at ho har vore gift, og før eg godkjenner svaret, vil eg vete etternamnet på han ho har vore gift med. Send etternamn på ektemaken til forteljaren, namn på forfattar og tittel på verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 27. april.

Medikus Libri

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Per Anders Todal

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte
RagnarSandbæk

Barents blues, også et flytende samfunn

Min tiårige til-og-fra-periode i den tøffe trålbobla har preget meg nokså sterkt.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis