JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok på bokKlok_Innsida

Rilkepapir

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4918
20240405
4918
20240405

Samandrag

Oppsummeringa er laga av AI-vertkøyet ChatGTP

Vis mer
Vis mindre

Det har vore påske, og framleis står verda. Det er då noko, for kva skulle me ha gjort med alle appelsinane og alle egga, om domedagsprofetane fekk rett, og verda gjekk under rett før påske? Berre i Kvikk Lunsj ville matsvinnet vore kolossalt, så no er det på sin plass å sende ein takk til høgare makter for at me framleis er her.

I bokstova har me ikkje sett snurten av påskeharen i høgtida. Kan hende er det karma – me gløymde å hugse ei påskehelsing til lesarane før det plutseleg var påske. Men sjølv om me ikkje fekk påskeegg, var det ingen i Klok-redaksjonen som leid naud i den stille veka. Og ja, det vert ei stund til neste gong me serverer eggelikør ad libitum i bokstova.

Så til løysinga me skulle fram til i dag. Hans Petter Høie skriv: «Ein må undre seg over kor mykje vi får vite om levd liv hos menneske som har levd før oss, berre fordi dei skreiv brev; dokument som eksisterer sekel etterpå, og som har vel så stor verdi som dagbøker. Kva for eksperiment driv me med i dag med elektroniske meldingar, vil dei finnast når dei skrur av straumen? Det var ei riktig hard nøtt denne gongen. Den vesle folkeboksamlinga vår har godt om lesestoff, men når det gjeld dikt og brevsamlingar skrivne for hundre år sidan og på eit eller anna utanlandsk språk var det lite å velje i. Jakta måtte difor halde fram på den store verdsveven etter ein ukjend forfattar. Det er tre kvinner som fekk Nobelprisen i litteratur før 1929: Selma Lagerlöf i 1909, Grazia Deledda i 1926 og vår eiga Sigrid Undset i 1928. På eitt av desse årstala døydde altså denne forfattaren vi skal fram til. Det synte seg at det var Grazia Deledda som var den første nykelen. Kva for stor diktar døydde det året ho fekk nobelprisen? Søk på tysk og mykje prøving og feiling gav resultat: ein PDF med ei førsteutgåve frå Im Insel Verlag zu Leipzig frå 1929: Briefe an einen jungen Dichter, med forord av Franz Xaver Kappus. Var eg på sporet nå? Forfattaren kunne altså vere Rainer Maria Rilke, austerriksk forfattar, 1875–1926. Og denne PDF-utgåva inneheldt berre Rilke sine brev. Kven var Franz Xaver Kappus? Store norske leksikon kunne ikkje hjelpe. Etter kvart spente livshistoria hans seg ut på skjermen. Kappus synte seg å vere ein journalist og offiser frå Austerrike, ein ung diktar som sendte dei første dikta sine til Rainer Maria Rilke hausten 1902 for å høyre kva den store meister meinte om dei. Det er gripande tankar dei to brevskrivarane bytte med einannan mellom 1903–1908. Rilke ønskte verkeleg å oppmuntre Kappus i det fyrste brevet. Det var i sitt eige liv han skulle finne det han leita etter, ikkje hjå forlag og utgjevarar. Den toskanske byen må vere Viareggio i provinsen Lucca, sidan det står ’bei Pisa’ i originalen. Lucca er ein av ti provinsar i Toscana. Dei to breva er dagsett 5. april og 23. april 1903. Store norske leksikon kunne fortelje at Rilke døydde i Sveits i 1926 av leukemi. Slik enda ei spennande jakt!»

Fritjof Lampe skriv: «Gleder meg til hver fredag med morgenkaffe og Dag og Tid sin litterære oppgave.»

Åsmund Snøfugl skriv: «Artig og lærerik tevling!»

Rilke var rett svar på oppgåve 1619 og godkjende svar fekk me frå: John Olav Johnsen, Eli Winjum, Ingerid Skarstein, Paul Henrik Hage, Ingebjørg Sogge, Skeisebibliotekaren i LASK, Eli Hegna, Ragnhild Eggen, Turid Fiskaa, John Dag Hutchison, Peter Larsen, Wenche Berger, Rita Gjørven, Bjørn Myrvang, Vigdis Hegna Myrvang, Nils Farstad, Inger Anne Hammervoll, Randi Aamodt, Olav Holten, Tore Tomren, Gunnar Bæra, Inger Merete, Kirsti og Grete, Sjur Joakim Fretheim, Signar Myrvang, Thana Rongen, Magnhild Reisæter, Inge Strand, Fritjof Lampe, Olav B. Larsen, Folke Kjelleberg, Lise Haaland, Sigrun Gjengedal Ruud, Jan Alfred Sørensen, Else Gjesdahl Sørensen, Geirr Wiggen, Sissel Gunnarshaug, Viggo Østebø, Jorunn Øxnevad Lie, Per Trygve Karstensen, Åsmund Snøfugl, Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen, Anne Berit Skaarer, Audun Gjengedal, Hans Petter Høie, Marta Kløve Juuhl, Irene og Tore på Tranby, Tiril Bonnevie, Kjell Helge Moe, Marianne Dahl, Gunnar Eide, Inger Margrethe Berge, Reidar Birkeland, Eirik Holten, Ole Husby, Jorunn Kleppe, Solrun Haukedalen, Robert Øfsti, Torleik Stegane og Ole G. Evensen. Denne gongen er Lise Haaland bokvinnar. Gratulerer!

Klok på bok 1621

Eg prøvde å tenke på at far var her, at han var her og alt var som det skulle, han ville hjelpe meg, han ville ordne opp, ville hjelpe jenta si.

Sitatet er frå s. 255 i boklækjarutgåva (2017). Me skal fram til ein forfattar som er fødd i eit år då Nordisk råds litteraturpris gjekk til ein svensk forfattar. Det er ein noko svartkvit tittel på boka. Det er ikkje så mange namn i romanen, men før eg godkjenner svaret, vil eg vete førenamnet på ein lækjar som er spesialist i læra om sinnslidingar, og som er nemnd i boka. Send førenamn på lækjar, namn på forfattar og tittel på verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 13. april.

Medikus Libri

Emneknaggar

Fleire artiklar

Forfattar Karin Haugane arbeider også som omsetjar.

Forfattar Karin Haugane arbeider også som omsetjar.

Foto: Catharina Caprino

BokMeldingar

Draum og traume

Karin Haugane skriv dikt med ein særeigen mytisk og forheksande dåm over seg.

Sindre Ekrheim
Forfattar Karin Haugane arbeider også som omsetjar.

Forfattar Karin Haugane arbeider også som omsetjar.

Foto: Catharina Caprino

BokMeldingar

Draum og traume

Karin Haugane skriv dikt med ein særeigen mytisk og forheksande dåm over seg.

Sindre Ekrheim
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Kristin Vinje.

Kristin Vinje.

Foto: NOKUT

Ordskifte

Nokut alene kan ikke sjekke alle detaljer

Jeg har tillit til at de aller fleste studenter er redelige og gjør sitt eget arbeid på en skikkelig måte, skriv Kristin Vinje.

KristinVinje
Kristin Vinje.

Kristin Vinje.

Foto: NOKUT

Ordskifte

Nokut alene kan ikke sjekke alle detaljer

Jeg har tillit til at de aller fleste studenter er redelige og gjør sitt eget arbeid på en skikkelig måte, skriv Kristin Vinje.

KristinVinje

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis