JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok på bokKlok_Innsida

Kjellsord

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4633
20221111
4633
20221111

Dei siste vekene har det vore mykje sjølvskryt i spalta du les no. Fyrst var det Nobelprisen i litteratur for i år, som jo etter sterkt påtrykk frå Klok-redaksjonen gjekk til Annie Ernaux. Førre veka var det så Brageprisen, der kravet til dei nominerte denne gongen var at dei måtte ha vore løysingsforfattarar her i bokhjørnet.

Sidan me alt har brukt, eller misbrukt, kvota for vellæte over oss sjølv, vil me ikkje seie noko om vinnaren av Nordisk råds litteraturpris 2022. At ho er dansk, heiter Solvej Balle, og at ho var løysinga på ei oppgåve her sist haust, vel, det lyt de lese om ein annan stad.

Så dette: Då boklækjaren flytta inn i bokstova, var det mellom anna med eit mål om å presentere ein ny løysingsforfattar kvar veke. I mi tid har me funne fram til godt over 300 forskjellige forfattarar til lesarane. At alle oppgåvene har vore med bøker av høg skjønnlitterær kvalitet, er noko dei fleste, ikkje minst i Klok-redaksjonen, kan vere samde om. Men no er det slik at flinke forfattarar ofte har meir enn éi god bok i seg. Difor har boklækjaren bestemt at lesarane framover kan risikere at me tek med ei bok av ein forfattar som tidlegare har vore med her hos oss. Det same verket kjem sjølvsagt ikkje tilbake som oppgåve, me er ikkje så i beit at me berre kjem til å snu bunken. Me voner lesarane lever vel med å få presentert meir enn eitt verk frå dei finaste forfattarane.

Så til løysinga me skulle fram til i dag. Gunder Runde skriv: «Denne gongen nyttar det ikkje med Årets bøker, så då må eg finne ein annan inngangsportal. Lite tips i dag, det vil truleg seie at eg må lese spesielt grundig det vesle som står i utdraget frå boka. Eg grip fatt i dei to omgrepa ’prisverdig’ og ’forfattar frå Norden’. Kan det vere så enkelt at løysinga gjeld ein vinnar av Nordisk litteraturpris? Eg går inn på den aktuelle lista mi og finn at prisvinnaren for 2014 var finske Kjell Westö, og at boka heiter Svik 38. Og denne gongen finst boka tilgjengeleg på den vidgjetne bokbitsida. Eg låner boka, slår opp på epilogen og finn at sitatet i Kpb er dei aller siste orda i denne boka. Dermed er grunnlaget klart for å leite etter den utrivelege systersonen. Og det fann eg ganske snart ut var Rolf-Åke Hansell, medeigar i advokatfirmaet Thune & Hansell. Hovudpersonen i boka er Claes Thune, og det er særleg sekretæren i firmaet, Matilda Wiik, som er utsett for Rolf-Åke sine negative sider. Matilda slit med vonde inntrykk frå den finske innbyrdeskrigen (1918), og det endar tragisk med henne. Eg hadde i grunnen tenkt å lese heile boka, men når eg ser på notata mine over haustens bøker som eg lese, finn eg ut at eg nok bør prioritere annleis. Så Westö får stille seg på venteliste til eit seinare høve.»

Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen skriv: «Kjell Westö er ein strålande forfattar.»

Camilla Høvik skriv: «Denne boka likte eg godt.»

Kjell Helge Moe skriv: «Veldig god bok.»

Desse klokingane svikta ikkje på oppgåve 1552: Signar Myrvang, Eli Winjum, Vigdis Hegna Myrvang, John Olav Johnsen, Skeisebibliotekaren i LASK, Ragnhild Eggen, Reidar Birkeland, Inger Anne Hammervoll, Fritjof Lampe, Pål Amdal, Laurits Killingbergtrø, Ole Husby, Eli Hegna, Arne Thorvik, Jorunn Øxnevad Lie, Torbjørn Ohnstad Skaim, Camilla Høvik, Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen, Gunder Runde, Ingebjørg Sogge, Per Trygve Karstensen, Knut Einar Johannessen, Audun Gjengedal, Folke Kjelleberg, Lise Haaland, Else Gjesdahl Sørensen, Nils Farstad, Jan Alfred Sørensen, Eli Søyland, Sigrun Gjengedal Ruud, Petter Kristensen, Gunnar Bæra, Knut Jarbo, Gunnar Eide, Ole G. Evensen, Eirik Holten, Tone Bjørnsen, Olav Holten, Torleik Stegane, Kjell Helge Moe, Sjur Joakim Fretheim og Robert Øfsti.

Denne veka heiter bokvinnaren Pål Amdal. Gratulerer!

Klok på bok 1554

Ho ville turnere med denne romanen, når han til slutt kom ut, ville bli omsett til språk på alle kontinent.

Og her sat eg med han mellom hendene og var blitt tildelt ei avgjerande rolle.

Ho var omgitt av folk som ikkje gav henne motstand, apparatet rundt henne gav henne ikkje si oppriktige meining, våga ikkje å vere heilt ærlege i frykt for å krenke det skjøre egoet hennar, og ho visste det så altfor godt.

Sitatet er frå side 119 i ein roman som kom ut i år. Me skal fram til ein forfattar som er fødd i eit år då Nobelprisen i litteratur gjekk til ein forfattar som skreiv på engelsk. I boka får me høyre om ein figur som heiter Kai, og som skal bygge ei brygge. Før eg godkjenner svaret, vil eg vete etternamnet på bryggebyggaren. Send etternamn på Kai, namn på forfattar og tittel på verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 19. november.

Medikus Libri

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Er overvaking prisen vi må betale for eit trygt samfunn?

Foto: The Right Frame Media / Shutterstock

Samfunn
PernilleGrøndal

E-tenesta ser deg

Kor langt kan E-tenesta gå i å overvake den elektroniske kommunikasjonen vår? Det får vi kanskje svar på denne våren.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis