JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok på bokKlok_Innsida

Høgtidsprofeti

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4873
20230224
4873
20230224

Det er dommedagsprofetiar som står øvst på programmet denne gongen. Det er eit tungt tema som mange av lesarane er særs opptekne av. Eitt av spørsmåla som går igjen, er: Kva er månadsløna til ein dommedagsprofet? Klok-redaksjonen sit ikkje med sikre tal her, men om økonomi er eit viktig aspekt når det kjem til yrkesval, vil me ikkje tilrå unge folk å satse på å verte dommedagsprofet i Noreg. Nokre lesarar, to, éin eller ingen, vil vete kva ein dommedagsprofet gjer når profetien ikkje stemmer. Det er eit godt spørsmål. Når profeten fortvila ser på klokka, og det annonserte tidspunktet for dommedag er passert utan at noko skjer, vert det som regel ei passiv-aggressiv, men samstundes munter, stemning. Så går profeten heim og drikk te. Det er sjeldan at folk vert lynsja av di verda ikkje går under.

I dag vil boklækjaren prøve seg som profet, og no lyt folk halde seg fast: Eg forkynner at verda står til påske! Ja, om eg ikkje tek heilt feil, står ho lenger enn det. Eit sukk av letting går gjennom landet.

Før me pyntar til påske, skal me sjå på løysinga denne veka. Laurits Killingbergtrø skriv: «Også denne gongen har Medikus fått meg til å lese ei god bok på grunn av ekstraspørsmålet. Boka har tittelen Tvillingfeber, og forfattaren er Brit Bildøen, fødd i Ålesund i 1962, det året John Steinbeck fekk Nobelprisen i litteratur. Bildøen har vore ein produktiv forfattar, og etter debuten i 1991 er det i Wikipedia ført opp 16 bokutgjevnader med henne. Ho har vunne ei mengd prisar, mellom anna to prisar for boka eg sit med no. Det skjønar eg godt, for eg blir i slikt vemodig godt humør når eg les om hovudpersonen Ida og det omtenksame tilhøvet ho har til ein grandonkel som treng hjelp. Men så var det onkelen med postkorta da; Ulrik heiter han. Det går fram etter kvart at foreldra til Ida har forsvunne i Afrika. Når Ida så finn eit postkort han har sendt frå det området, gissar ho at han har vore på leiting etter ’søster si og svogeren’, som det står på side 84. ‘Onkelen’ er altså morbror til Ida.»

Gunder Runde skriv: «Så fekk eg bruk for Årets bøker denne gongen også – leitar meg fram til utgåva for 1998, blar litt og ser etter (kvinnelege) nynorskforfattarar, og på side 16 finn eg Brit Bildøen og boka Tvillingfeber. Brit Bildøen er oppvaksen i Aukra på Romsdalskysten. I tillegg til at ho er ein godt renommert forfattar, høyrer ho også til den gilde yrkesgruppa bibliotekarar. Ho debuterte med ei diktsamling og har skrive både romanar, barnebøker og essay i tillegg til lyrikken. Ho har også omsett bøker frå andre språk. Det var nettopp Tvillingfeber ho slo igjennom med som forfattar, og boka vart mellom anna nominert til Brageprisen og fekk også Nynorsk litteraturpris. Seinare er det kome ei rekkje med kritikarroste bøker. I Tvillingfeber møter vi Ida, som kjem over eit bilete av seg sjølv som 4-åring, saman med ei prikk lik jente. Saknet etter den moglege tvillingsøstera får stor plass i romanen og er også opphavet til boktittelen. For meg er den mest interessante personen i boka den blinde grandonkelen Jakob, som Bildøen framstiller med stor kjærleik.»

Rett svar på oppgåve 1566 fekk me frå: Signar Myrvang, Eli Winjum, John Olav Johnsen, Nils Farstad, Paul Henrik Hage, Jan Alfred Sørensen, Skeisebibliotekaren i LASK, Ingebjørg Sogge, Ragnhild Eggen, Vigdis Hegna Myrvang, Laurits Killingbergtrø, Bjørn Myrvang, Inger Anne Hammervoll, Jorunn Øxnevad Lie, Lise Haaland, Ole G. Evensen, Arne Thorvik, Camilla Høvik, Fritjof Lampe, Gunder Runde, Eli Hegna, Inge Strand, Hans M. Gautefall, Sissel Gunnarshaug, Ole Husby, Torhild Bru, Tove Skoghaug Skrede, Gunnar Bæra, Knut Einar Johannessen, Folke Kjelleberg, Per Trygve Karstensen, Anne Berit Skaarer, Audun Gjengedal, Erik Aamlid, Gunnar Eide, Brita Lundeland, Else Gjesdahl Sørensen, Sigrun Gjengedal Ruud, Reidar Birkeland, Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen, Kjell Helge Moe, Anne Siri Strand, Eirik Holten, Robert Øfsti, Inger Margrethe Berge, Olav Holten og Torleik Stegane. I dag heiter bokvinnaren Brita Lundeland. Gratulerer!

Klok på bok 1568

Det verste sto foran ham, han visste det. Han kjente på seg hvordan vanskelighetene tårnet seg opp bak neste dør, men samtidig hadde han det verste bak seg; det å ha unnlatt å gjøre noe, og måtte leve med det resten av sitt liv.

Sitatet er frå side 106 i boklækjarutgåva (2023). På originalspråket kom boka ut i 2021, og fyrste utgåva på norsk kom ut same året. Me skal fram til ein forfattar som er fødd i eit skotår då Nordisk Råds litteraturpris gjekk til ein svensk forfattar. I boka får me høyre om ei jente som går berrføtt utadørs, sjølv om det er vinter og snø. Før eg godkjenner svaret, vil eg vete heile namnet på denne karakteren. Send føre- og etternamn på jenta som ikkje har noko på føtene, namn på forfattar og tittel på verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 4. mars.

Medikus Libri

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Den såkalla hysjpengesaka mot Donald Trump er inne i andre veke i retten i New York.

Illustrasjon: Jane Rosenberg / Reuters

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Høgt spel i New York

Straffesaka som no går føre seg mot Trump, er den han har størst sjanse til å verte frikjend i. Og vert han det, kan saka òg gje han fleire veljarar, seier kommentator Jan Arild Snoen.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis