JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok på bokKlok_Innsida

Esla li

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5008
20221202
5008
20221202

Denne veka vert det vaksenopplæring i geografi her i bokhjørnet. Me skal sjå nærare på regionen Baltikum og prøve å finne fram til nokre hugsereglar for området. Kan hende er ikkje dette naudsynt for alle lesarane, men fleirtalet skal nok få nytte av triksa boklækjaren har tenkt ut.

Baltikum er ei fellesnemning for landa Estland, Latvia og Litauen. For å halde styr på kva for land som ligg lengst nord, i midten og lengst sør, har eg konstruert eit mentalt bilete av ein flokk hovdyr med lange øyre. Desse dyra plagast, dei har det ikkje noko bra. Tittelen på biletet er sjølvsagt Esla li, og slik vil du frå no av alltid hugse rekkjefølgja på dei baltiske landa frå nord til sør. Som ein bonus viser vendinga Esla li òg til storleiken på landa, frå minst til størst.

Etter eit kort friminutt skal me no sjå på korleis ein kan halde styr på dei baltiske hovudstadane. Igjen byrjar me nordfrå, og no er det biletet av Spielberg-figuren E.T. me fyrst ser føre oss. Saman med E.T. står Lou Reed og Lars Vaular og syng. Sjå der, ja! Initialane til dei som dannar denne trioen, gjer at me lett kan hugse: Estland–Tallinn, Latvia–Riga og Litauen–Vilnius.

Me lyt medgje at det var litt usemje i Klok-redaksjonen denne gongen. Ikkje alle syntest desse hugsereglane var så fortreffelege, ja, det var til og med røyster i redaksjonen som hevda at å hugse hugsereglane er vanskelegare enn å danne seg et bilete av Baltikum ved å sjå på kartet. Folk meiner så mykje rart.

For å finne dagens løysing skulle me altså til Baltikum. Gunder Runde skriv: «I Årets bøker 1991 kom eg fort fram til estaren Jaan Kross (1920–2007) og boka Skrubbsår og andre noveller, sjølvsagt omsett av Turid Farbregd – som eg meiner treng eit lite avsnitt for seg sjølv i denne samanhengen: Turid Farbregd er ein institusjon når det gjeld Estland, estisk litteratur og estisk kulturliv! Etter å ha omsett fleire bøker frå finsk lærte ho seg estisk og har omsett ei heil rad bøker frå Estland, dei fleste til nynorsk. Ikkje nok med det – ho har vore drivkraft og medarbeidar i utgjevinga av norsk-estisk/estisk-norsk ordbok (1998), har fått både Bastianprisen og Kritikarprisen for omsetjingane sine, og seinast i år vart ho slegen til riddar av den kongelege norske forteneste-orden. Det gledde ein gamal tilhengar av Farbregd! Og elles har ho vore sentral i alt mogleg som har med samarbeidet mellom Estland og Noreg å gjere. Jaan Kross er rekna som den fremste estiske forfattaren i nyare tid, og var i mange år på lista over aktuelle nobelpriskandidatar. Han var utdanna jurist, og vart deportert til Sibir frå 1946 til 1954, som ein ’farleg’ motstandar av den sovjetiske okkupasjonen av Estland. Etter Sibir-opphaldet tok han til å skrive bøker og fekk gjennomslag med Keisarens galning i 1978, omsett til norsk nokre år seinare (reknar med at omsettaren var Farbregd!).»

John Olav Johnsen skriv: «Eg har med interesse og glede lese novella ’Samansverginga’ me finn i samlinga Skrubbsår og andre noveller. Jaan Kross er forfattaren og synest vere ein av dei store. Hans alter ego Peeter Mirk finn me her som professor/juridisk rådgjevar.»

Petter Kristensen skriv: «Stor takk til Medikus Libri som jeg mener har lært meg noe viktig for å forstå dagens situasjon i de baltiske statene!»

På oppgåve 1555 gjekk det ikkje i ball for desse klokingane: Signar Myrvang, Eli Winjum, Ole G. Evensen, Ingebjørg Sogge, Skeisebibliotekaren i LASK, Vigdis Hegna Myrvang, Bjørn Mytvang, Laurits Killingbergtrø, Arne Thorvik, Inger Anne Hammervoll, John Olav Johnsen, Gunnar Bæra, Eli Hegna, Gunn Bull-Berg, Else Gjesdahl Sørensen, Jan Alfred Sørensen, Fritjof Lampe, Gunder Runde, Per Trygve Karstensen, Jorunn Øxnevad Lie, Turid Farbregd, Gunnar Eide, Lise Haaland, Petter Kristensen, Folke Kjelleberg, Camilla på Åsane bibliotek, Ragnhild Eggen, Olav Holten, Laura Killingbergtrø, Audun Gjengedal, Nils Farstad, Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen, Reidar Birkeland, Kjell Helge Moe, Sigrun Gjengedal Ruud, Ole Husby, Inger Margrethe Berge, Brita Lundeland, Eirik Holten, Robert Øfsti, Camilla Høvik og Sissel Gunnarshaug. I dag heiter bokvinnaren Inger Anne Hammervoll. Gratulerer!

Klok på bok 1557

Han ba meg aldri hjem til seg igjen, og jeg var takknemlig for hans takt. Ellers lot alt til å være som tidligere. Vi møttes som før, som om ingenting hadde hendt, og han kom for å hilse på min mor, men stadig sjeldnere. Vi visste begge at tingene aldri kunne bli som før og at det var begynnelsen på slutten av vårt vennskap og vår barndom.

Sitatet er frå side 109 i boklækjarutgåva (1983). På originalspråket kom boka ut i 1971. Fyrste utgåva på norsk kom i 1977. Me skal fram til ein forfattar som var fødd i eit år då Nobelprisen i litteratur gjekk til ein fransk forfattar. Ei viktig hending i boka går føre seg i operaen, og før eg godkjenner svaret, vil eg vete kva for operaframsyning det er snakk om. Send tittel på opera, namn på forfattar og tittel på verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 9. desember.

Medikus Libri

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Den såkalla hysjpengesaka mot Donald Trump er inne i andre veke i retten i New York.

Illustrasjon: Jane Rosenberg / Reuters

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Høgt spel i New York

Straffesaka som no går føre seg mot Trump, er den han har størst sjanse til å verte frikjend i. Og vert han det, kan saka òg gje han fleire veljarar, seier kommentator Jan Arild Snoen.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis