Klok på bok

Sukk og Tjønn

Publisert Sist oppdatert

Det er ei kjensgjerning at ein ikkje treng kuleramme når ein skal remse opp nobelprisvinnarar i litteratur som skriv eller skreiv på nynorsk. Heller ikkje treng du telje ved hjelp av fingrane, men om du har ein nase, kan du telje han, så har du talet.

Me var mange som sukka letta då Fossekallen endeleg fekk prisen. Det var ei storhending. Men om det skal gå 122 år til neste gong Nobelprisen går til ein nynorskskrivande forfattar, er det nok fleire av oss som ikkje får det med seg.

Annleis er det med Nordisk råds litteraturpris. Tre gonger sidan fyrste utdelinga i 1962 har me fått ein vinnar som nytta rett norsk i skrivinga. Om du ikkje kan namn og årstal på desse velfortente vinnarane utanåt, er boklækjaren her for å hjelpe deg. I 1964 fekk Tarjei Vesaas prisen for Is-slottet, i 1978 var det Kjartan Fløgstad sin tur med Dalen Portland, og for Trilogien: Andvake, Olavs draumar og Kveldsvævd fekk Jon Fosse Nordisk råds litteraturpris i 2015. Send meg ein øm tanke når du briljerer med denne innsikta i selskapslivet.

Så til svaret me skulle fram til denne gongen. Gunder Runde skriv: «Ein av dei verkeleg gode forfattarane som skriv på nynorsk: Brynjulf Jung Tjønn, fødd 1980 (då Sara Lidman fekk Nordisk råds litteraturpris). Og boka vi skal fram til denne gongen, har tittelen Alt det lyse og alt det mørke, og som så ofte hos Tjønn krinsar handlinga om ein ungdom som har hatt ei vanskeleg ungdomstid, oppvaksen med ein åleinefar som er slave av alkoholen, og etter kvart busett hos ei tante som slett ikkje gjer livet lettare for den unge hovudpersonen. Som så mange av Tjønn sine hovudpersonar gjennomgår også denne jenta ein vanskeleg barndom, utan særleg mange lyspunkt. Jenta støttar seg til faren, som i sine lyse (= alkoholfrie) periodar er ein god far, men dessverre utan evne til å kome seg ut av alkoholmisbruket. Jenta har periodevis kontakt med helsestellet, og den spesialisten som er nemnd i boka, heiter Torhild. Tjønn har fleire gode bøker bak seg, og har mellom anna fått P2-lyttaranes romanpris i 2021. Diktsamlinga Kvit, norsk mann (2023) gjorde (med rette) stor lukke. Ein viktig forfattar!»

Erik Steineger skriv: «Denne gangen var det tipset om ’ein noko svart-kvit tittel’ som satte meg på sporet. Noe lyst og mørkt i en bok som kom i 2017, var lett å finne, og Deichmanske hadde den til utlån som ebok. Har lest mye av den gode Tjønn tidligere, nå fikk jeg lest denne også.»

Jorunn Øxnevad Lie skriv: «Det tok sin tid før jeg fikk avisa, og så tok det enda litt tid å få tak i boka der jeg mente å finne svar. Boka var fort lest, men ettervirkningen blir mer langvarig. Det var en sår fortelling Brynjulf Jung Tjønn hadde skrevet.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement