Sosiologinestor tyr til Nightingale for koronaråd
– Vi må gå attende til Florence Nightingale-modellen, slik ho teikna sjukehus med tanke på smitte, seier professor emerita i sosiologi Kari Wærness.
Kari Wærness fotografert då ho fekk orden og diplom som riddar av 1. klasse av Den kongelege norske St. Olavs Orden i september 2017.
Foto: Torill Sommerfeldt Ervik / Universitetet i Bergen
Når Kari Wærness engasjerer seg, er det med heile seg. Som professor emerita set ho ikkje lyset sitt under ei skjeppe, men uttalar seg stadig vekk om kjønnsproblematikk og sosiologiske samtidsspørsmål. Når kollegaane spurde: «Har du sett Kari i dag?» Var svaret gjerne: «Nei, eg har ikkje høyrt henne.»
Då bybana i Bergen ville gjere vognene førarlause, skreiv ho eit flammande motinnlegg.
– På bybana må det vere sosial kontroll i form av menneske som passar på. Nokre synest at førarlause bybaner er forlokkande, men det kan ikkje eg skjøne, seier Wærness.
Også det at mange utsal vel å rasjonalisere vekk personale, opprører henne.
Reallærar
Eg møter Kari Wærness i husværet der ho og mannen bur, eit lite steinkast frå Grieghallen, der ho går på konsertar. Dialekta har ho frå Leknes i Lofoten, der ho vaks opp med ein far som var meieristyrar, og ei mor som var husmor, i andre etasje over meieriet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.