– Ein smilande krigar

Visepresidentkandidat Kamala Harris har vist at ho har evna til å gjere republikanarar nervøse.

Kamala Harris er visepresidentkandidat for demokratane ved presidentvalet i USA, som blir halde den 3. november i år. Foto: Mike Blake / Reuters/ NTB/Scanpix
Kamala Harris er visepresidentkandidat for demokratane ved presidentvalet i USA, som blir halde den 3. november i år. Foto: Mike Blake / Reuters/ NTB/Scanpix

Joe Biden, den 77 år gamle presidentkandidaten for Det demokratiske partiet i USA, valde denne veka Kamala Harris (55) som partnar fram mot presidentvalet 3. november. Visepresidentkandidat Harris har innvandrarbakgrunn, med indisk mor og jamaicansk far. Ho er utdanna jurist og har mellom anna hatt vervet som justisminister i delstaten California. Ho har vore senator for California sidan 2017.

– I kva grad vil Kamala Harris’ kandidatur som visepresidentkandidat styrkje kandidaturet til presidentkandidat Joe Biden, eventuelt svekkje det?

– Historisk sett har det ikkje så mykje å seie kven som er visepresidentkandidat. Men Harris’ kandidatur er symbolsk og ein historisk inspirasjon for mange. Men desse ville nok ha stemt på Biden uansett, fordi entusiasmen for å stemme mot president Donald Trump er så stor.

– Kva har Harris som Biden manglar?

– Ho er mykje yngre. Det er fleire omsyn som må takast. Joe Biden er den eldste presidentkandidaten i USAs historie, og 78 år er forventa levealder for amerikanske menn. Det er viktig at ho er yngre, og at ho kan ta over om det skjer noko med han. Det er òg viktig i eit mangfaldig land at det ikkje står to kvite menn på røystesetelen.

– Kva vil du seie er styrken hennar?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement