Kultur
Vil setje ord på det vanskelege
Nora Dåsnes har berre gitt ut tre «seriøse» bøker, grafiske romanar, men er alt for prisgrossist å rekne. I haust toppa det seg med Nordisk råds pris for barne- og ungdomslitteratur.
Nora Dåsnes fekk Nordisk råds litteraturpris i haust.
Foto: Agnete Brun
Den unge oslokvinna skriv for born og ungdom, men har òg noko å seie dei vaksne. Ho tek opp dei store temaa i tilværet – venskap og kjærleik, også skeiv kjærleik (Ti kniver i hjertet), 22. juli-terroren (Ubesvart anrop) og klimakrisa (La skogen leve). Ho meiner at skal vi klare å leve saman, må vi i det minste klare å setje ord på alt det vanskelege, anten det er privat eller politisk.
– Å mangle språk for det ein står oppi, er eit stort problem både i privat og demokratisk perspektiv. Derfor er det viktig for meg å kunne bidra til å gi eit språk til dei som ikkje heilt finn orda for dette, det er kanskje ein jobb eg kan gjere. Gi dei som har vanskeleg for å uttrykkje seg, formuleringar som set ord på opplevingar og røynsler dei balar med. Mange born og unge og unge vaksne kjenner seg ikkje heilt støe der.
– Bøkene dine røper ein tydeleg ambisjon om å gjere desse store temaa så konkrete og nære som råd er. Korleis går du fram?
– Først må eg ha ei forståing av kva eg snakkar om. Det kan eg få ved å lese sakprosa eller tale med røynde folk. Før eg skreiv La skogen leve, var eg til dømes med Natur og Ungdom på aksjon, det hjelpte til å gjere stoffet litt friskare.
Så byrjar prosessen med å koke stoffet ned.
– Mykje av jobben er å finne ut for meg sjølv kva eg ønskjer å seie, og om eg faktisk klarer å få sagt det. Og då på måtar folk vil lese. Så: er det ekte, eller er det kanskje noko eg kan seie betre i handling eller bilete enn i ord? Det er tale om ein lang redigeringsprosess, der eg er i stadig dialog med forlagsredaktøren min.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.