Bok
Utfordrar islandsk maskulinitet
REYKJAVIK: – Eg var ikkje stort meir enn elleve år då eg las Laksdøla saga, og det var då eg byrja å hata vikingane, fortel Audur Ava Ólafsdóttir.
Audur Ava Ólafsdóttir er nominert til Nordisk råds litteraturpris for den nyaste romanen sin, som nett har kome på norsk.
Foto: Ottar Fyllingsnes
Den 59 år gamle forfattaren har stor suksess, og romanane hennar er omsette til meir enn tjue språk. Tre av dei har kome på norsk, og i februar kom Arr. I månadsskiftet var ho i London for å lansera boka, og ho er nett komen heim til den blåe himmelen over Reykjavik. Der bur ho i eit stort grått murhus i sentrum av byen, like ved den vakre katolske kyrkja ho tilhøyrer. Tidlegare stengde store tre for sollyset, men nyleg vart dei saga ned, og no har sola direkte tilgang til både hagen og stova.
– Her er aldri lyset det same to dagar på rad. Dei som bur på ei øy som Island, vert vare for det skiftande lyset, seier Ólafsdóttir og inviterer inn på kaffi og heimebaka kake.
Meir keltisk enn norsk
Audur Ava Ólafsdóttir har skrive både dikt, romanar og teaterstykke, som er viste på Nasjonalteateret i Reykjavik. I 2017 fekk ho både den islandske litteraturprisen og bokhandlarprisen for Arr. Nyleg vart ho nominert til Nordisk råds litteraturpris for boka. Det vart ho også for romanen Stiklingen i 2009.
Forfattaren er islending, men slett ikkje oppglødd over gjerningane til vikingane.
– Eg ser på dei som både kriminelle og ukultiverte. Dei valdtok kvinner, og dei brende ned dyrebare bibliotek. I Laksdøla saga kidnappar vikingane Melkorka i Irland, men ho vel å protestera på spesielt vis ved å lata som ho er stum. Vikingane valdtok henne og førte henne til Island. Éin dag oppdaga dei at ho likevel snakka til den vesle son sin. Eg tenkjer meg at dei keltiske kvinnene var kristne, medan dei nordiske vikingane var heidningar. Nyare blodtypeforsking syner at islendingane i større grad er etterkomarar av keltarar enn av vikingar. Men me har framleis det nordiske språket, og det heng nok saman med at nordisk var språket til den som hadde makta og skreiv historia. Likevel var dei som skreiv den islandske mellomalderlitteraturen i det 13. hundreåret, etterkomarar av både keltarar og vikingar. Det er sannsynleg at blandinga av desse to kulturane er det som skapar den unike litteraturen. Dei som er i maktposisjon, er sigerherrane og skriv samtidig historie.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.