Ufatteleg liding for ingenting

Krigen som bana vegen for Lenin og Hitler, vert markert år etter år.

Fransk artilleri på veg til Ypres i Flandern i Belgia i august 1917.
Fransk artilleri på veg til Ypres i Flandern i Belgia i august 1917.
Publisert Sist oppdatert

Dei som fylgjer med i britiske aviser, vil sjå at det nesten dagleg er meldingar frå fronten for hundre år sidan. Fyrste verdskrigen – urkatastrofen i Europa – vert mint om på så mange vis. I 2015 var det Galipoli, i fjor slaget ved Somme og i år Ypres.

Ikkje til å undrast over har det vore stille frå Tyskland. Tyskland var den store taparen, og krigen innleidde det neste store ulivssåret i tysk historie: andre verdskrigen. Ein kan tala om den store europeiske borgarkrigen frå 1914 til 1945, eller gjerne den andre trettiårskrigen i europeisk historie.

FRANSK NASJONSBYGGING

I Frankrike vart sigeren feira storstilt ved markeringa av krigsstarten i 2014. Ein av de siste levande vart funnen fram, ein algeriar som melde seg friviljug. Alle levande presidentar og dei som talte av militære, møtte fram ved Triumfbogen. Seremonien vart ein fest i nasjonsbyggingsteiknet. Det var det republikanske Frankrike som skulle markerast. Det audmjuke nederlaget i 1940 og kapitulasjonsdokumentet som vart underteikna i Compiégne-skogen, i den same vogna som Tyskland vart konfrontert med nederlaget i i 1918, denne skamma skulle druknast i sigeren frå 1918.

Franskmennene kallar det den dag i dag La Grande Guerre, slik også britane kallar det The Great War. I kvar landsby i Frankrike ser du dei ofte attgrodde minnesmerka over dei som fall for «la goire» og fosterlandet. Vi i Noreg slapp som vanleg lett unna. Vi var «den nøytrale allierte», som Olav Riste formulerte det. Om kring 4000 liv gjekk tapt, for det meste sjøfolk.

POLITISK LADNING

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement