JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

Tett på Kristin Lavransdotter

Sigrid Undsets mest kjende karakter har skaka og bergteke publikum i over hundre år. Men kven er ho utan mellomalderdrakta?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Sara Khorami speler Kristin Lavransdotter i framsyninga på Det Norske Teatret i haust. Publikum kan sjå henne både på avstand og i nærbilete. Mads Sjøgård Pettersen styrer kameraet.

Begge foto: Per Anders Todal

12934
20220826

Bakgrunn

Kristin Lavransdotter

Romantrilogi av Sigrid Undset.

Omfattar Kransen (1920), Husfrue (1921) og Korset (1922).

Utgjer saman med romanane om Olav Audunssøn Sigrid Undsets mellomalderskildringar.

For dei vart ho i 1928 tildelt Nobelprisen i litteratur.

Teater

christiane@dagogtid.no

– Her er det eit handkle, men det er ikkje blod på det, trur eg?

Ei høgreist kvinne i raud bomullstrøye og mosegrøn fritidsbukse leiter etter rekvisittar. Ho har mørke auge, langt krøllete hår og liknar ikkje det minste på Kristin Lavransdotter, slik eg gjerne ser ho for meg, med mellomalderklede og langt gult hår, som det står skrive at ho har, i Sigrid Undsets romantrilogi frå 1920-åra.

Ja, om nokon seier «Kristin Lavrandsdotter» til meg, er det første som kjem for det indre auget mitt, ein ung Liv Ullmann-liknande figur i bluse, sid stakk og ullcape. Kanskje er det eit bilete eg sjølv har skapt, kanskje er det bileta frå filmklassikaren Ullmann regisserte i 1990-åra, med Elisabeth Matheson i hovudrolla, som har festa seg. Den kvinna eg ser på scena, ser i alle fall annleis ut. Ho ser ut til å leve i vår eiga samtid. Ho kunne vere ein nabo, ein kollega, ei venninne.

Skodespelaren legg seg på scenegolvet. Kva skjer? Skal ho føde?

– Har du vindmaskina? ropar ein.

– Vi må finne ut når baby nummer to kjem, då, Kjersti, seier skodespelaren på golvet, som er Kristin, eller i røynda Sara Khorami, skodespelar ved Det Norske Teatret.

Kristin-maraton

Fotografen og eg har fått lov til å vere fluge på veggen under ei av øvingane til det som vil verte ein Kristin Lavransdotter-maraton på Det Norske Teatret i haust. I åtte–ni timar skal det same laget spele livshistoria om Kristin – slik Undset har skildra henne i verka Kransen, Husfrue og Korset.

På kvardagane vil dei spele éi historie om gongen, i helgane alle tre samla. Eg tenkjer det kan vere ei påkjenning berre å sitje i ein sal å sjå teater så lenge. Å spele? Det vil eg helst ikkje tenkje på.

Slutt på sigarettar

Regissør er Kjersti Horn, som etter at ho gjekk ut frå regiutdanninga ved Dramatiske Institutet i Stockholm i 2006, har utmerkt seg med ei lang rekke særmerkte oppsetjingar – alt frå samtidsdrama som Valerie Solanas skal bli president i Amerika av Sara Stridsberg til klassikarar som Ibsens Peer Gynt, Shakespears Richard III og Tolstojs Anna Karenina.

For tida er no husregissør på Det Norske Teatret, men framleis kan publikum sjå den kritikarroste oppsetjinga hennar av Blikktrommen, basert på den kjende romanen til Günter Grass, på Nationaltheatret, der ho var husregissør frå 2015 til 2019.

Horn samanliknar skodespelarane i Kristin-oppsetjinga med toppidrettsutøvarar. Ho kallar det dei held på med, for vanvit.

Sara Khorami, som har hovudrolla, seier ho reknar med å byte ut alkohol og sigarettar med grøne smoothies i tida som kjem. Røysta må varmast opp og kondisjonen trenast. Ho skal lære seg 450 sider tekst innan premieren på hovudscena den 10. september, og denne dagen står 90 sider att. Men, resonnerer ho; folk lærer seg jo Koranen på 500 sider, så da må det jo gå?

100-åring

Forteljinga om Kristin har eit slags 100-årsjubileum for tida. I 2020 var det 100 år sidan Kransen kom ut, i fjor var det hundre år sidan Husfrue kom ut, og i år er det, du gjetta det, 100 år sidan Korset kom ut.

Kanskje kan 100-årsjubileet gjere eit større publikum merksame på Kristin Lavransdotter, men det kan verke som om denne romankarakteren ikkje treng jubileum for å leve vidare.

For Kristin har institusjonar som stadig aktualiserer henne. Til dømes har Kristinspelet vore oppført kvar sommar på Jørundgard i Sel i Gudbrandsdalen sidan 1999.

Garden som vart bygd som scenografi til Liv Ullmanns filmatisering av Kransen i 1994, er som heimgarden til Kristin, ein rekonstruert mellomaldergard frå 1300-talet, som i dag fungerer som mellomaldersenter. Undset sjølv skal ha funne inspirasjon til mellomaldertrilogien etter vitjingar på nabogarden Laurgard.

Sigrid Undset-selskapet er danna for å fremje forfattarskapen til Undset og presenterer stadig nye inngangar til forfattarskapen i føredrag og arrangement.

Dessutan verkar det som om krafta i Kristin-figuren held fram med å vekkje kjensler i folk, uavhengig av institusjonar og jubileum. For nokre år sidan skreiv til dømes New York Times-skribenten Ruth Graham i magasinet Slate at Undset burde verte den neste Elena Ferrante (forfattaren bak bestseljartrilogien Mi briljante venninne).

Som Undset-ekspert Kristin Brandtsegg Johansen har peikt på, er det sjølvsagt Ferrante som er den nye Undset, men formuleringa er så fengjande at vi får tilgje at kronologien er snudd på hovudet.

Kristin-feber

Uansett: Den som vil gå inn i Kristin-verda, har mange vegar inn, om det er spel på Jørundgard, teatermaraton på Det Norske Teatret eller musikal på Akershus festning (først oppført ved Den Nationale Scene). Eller kanskje ved å lese den nye boka Kristin må vekk, som Vigdis Hjorth har skrive i lag med dottera, litteraturvitar Line Norman Hjorth, der dei mellom anna les Kristins opplevingar i lys av metoo-debatten.

Kva slags Kristin er det vi vil få møte her, på hovudscena i Det Norske Teatret? På scenegolvet er det strødd eit lag med mold, i eit hjørne står ei trille med slike jordposar ein får kjøpt på hagesenter. Nokre enkle utestolar i plast er plasserte, tilsynelatande tilfeldig, på scena, saman med svarte plastbøtter, ei av dei plassert opp ned med ei pizzaeske på. I hjørnet kan eg sjå to plankar sette saman til ein kross. Og skodespelarane er altså totalt ribba for mellomaldereffektar.

– Eg tenkjer at Kristin er eit menneske med krefter i seg til å utfordre det samfunnet ho lever i; krefter som ho nesten ikkje kan styre. Ho er modig og inngår ikkje kompromiss, men følgjer sin eigen vilje, lyst, pasjon, eller kva vi skal kalle det. Ho følgjer hjartet sitt heile tida, seier Horn.

På same tid ser Horn ei kvinne som stadig balar med dei store moralske spørsmåla.

– Ho reflekterer sjukt mykje over korleis ho skal leve; kva som er rett. Det handlar mykje om kva andre forventar av henne på grunn av kjønnet hennar, og om kva rolle ho har i familien. Det går heile tida føre seg ein diskusjon om moral og etikk, om korleis ein kan leve med andre menneske, som er interessant.

Khorami seier at det første ordet som kjem til henne, er fri.

– Kristin følgjer sin eigen vilje; så vert ho sjuk av det, andre legg skam på henne, og ho legg skam på seg sjølv. Ho går gjennom livet med mykje dårleg samvit, men ho gjer jo det ho vil likevel. Koste kva det koste vil.

Fordommar

Horn erkjenner at ho hadde fordommar mot Kristin Lavransdotter før ho sjølv las verket i vaksen alder. Ho tenkte at det var «kvinnelitteratur» i negativ forstand. Då ho las det, vart ho «slått i bakken». Regissøren, som sjølv har sett fire barn til verda, opplevde å lese om kvinneerfaringar på ein måte ho ikkje hadde gjort før.

– Undset skildrar så mange erfaringar kvinner har – fødsel, barseltid, aldring – med ei sjølvfølgje, autoritet og eit intellekt som eg knapt har sett nokon annan stad. Eg vart veldig oppteken av det og tenkte at dette må vi lage teater av, seier ho.

Suksess frå starten

Publikum har teke imot romankarakteren Kristin med opne armar heilt sidan den første boka om henne kom ut i 1920. Før 1920 hadde Sigrid Undset skrive bøker som tok utgangspunkt i si eiga samtid, men med mellomaldertrilogien om Kristin vart ho ei «litterær stormakt», skriv professor emeritus Liv Bliksrud i boka Norske nobelprisvinnere. Dåverande forlagssjef i Aschehoug, William Nygaard d.e., sa at utgjevinga av Kransen verka som «en åpenbaring, og kritikk og publikum var betatt». Forlagssjefen var i 1923 så sikker på suksess at han tinga to jernbanevogner med papir til nye opptrykk, skriv Bliksrud.

Alt i 1925 var verket trykt i 138.000 eksemplar i Noreg og omsett til ei rekkje språk. Undset vart føreslegen til Nobelprisen i litteratur alt i 1922, og igjen i 1925 og 1926, før ho fekk den gjæve prisen for sine mektige skildringar av mellomalderlivet i Norden i 1928.

Kjensler og intellekt

Litteraturvitskapen er full av Kristin Lavransdotter-tolkingar – mange av dei med utgangspunkt i mellomalderen. Scenografien på Det Norske Teatret røper at mellomalderen ikkje vil vere særleg påtrengjande i maratonframsyninga som kjem. Horn forklarar at tidsepoken er til stades i teksten som vert framført, men at ho ikkje har ønskt å tilføre stykket ein «Ronja Røverdotter»-estetikk.

– Stykket går føre seg i mellomalderen og er 100 prosent tru mot teksten. Men eg tenkjer at teater ofte kan vere for illustrerande og for enkelt, seier Horn.

I staden ønskjer ho å gje rom for at publikum kan skape eigne bilete i hovudet. Skodespelarane er ikkje utkledde som bønder eller i mellomalderklede, men dei som ser på, kan sjå det for seg, om dei ønskjer det. Ho trur at det å leggje staffasje til sides kan trekkje publikum nærare karakterane.

– Det det handlar om, er det inste sjelelivet til desse menneska og korleis det resonnerer i oss som moderne menneske. Eg forsøker å handsame stykket som emosjonelt og intellektuelt teater – det er ikkje illustrerande underhaldningsteater. Eg vil ikkje berre fortelje ei god historie, seier ho.

Publikumsfavoritt

Historia om Kristin Lavransdotter har ikkje berre vore ein suksess for Undset og forlaget hennar, men også for Det Norske Teatret. Ikkje berre er Kristin Lavransdotter (tidligare under originaltittelen Kristin Lavransdatter) dramatisert på teatret ei rekkje gongar; det er også den mest sette framsyninga i teaterets historie, står det å lese på nettsidene til teateret.

Stykket hadde urpremiere 30. august 1958 og fekk middels gode kritikkar, men publikum kom. Det smakte ikkje berre godt, men var heilt naudsynt for teateret, som sleit tungt økonomisk. Dåverande kunstnarleg rådgjevar for teatersjefen Tormod Skagestad hadde skaffa rettane til stykket og stod også for regien, med Rut Tellefsen som Kristin og Georg Løkkeberg som Erlend.

Heller ikkje for Horn er det heilt nytt å jobbe med Kristin. I 2019 sette ho opp den første delen, Kransen, på Trøndelag Teater. Men Horn følte at ho kunne kome lenger med prosjektet.

Høvet kom då teatersjef Erik Ulfsby lufta tanken om å setje i gang eit stort prosjekt. Kva kunne det vere? Vi veit svaret.

Avstand og nærleik

Kva slags teater vil publikum få sjå? Det første folk vil merke seg, er truleg plastfolien som er trekt ned framfor scena, som ei hinne mellom skodespelarane og publikum. Så ser ein at scena er ramma inn av tre store lerret.

Menneska i salen vil sjå skodespelarane på avstand, gjennom plasten, men også tett på, i nærbilete, på video som vert filma direkte på scena, av videoinstruktør Mads Sjøgård Pettersen, som Horn har samarbeidd mykje med.

– Kva funksjon har denne plasten?

– Eg jobbar ofte intuitivt og bruker ting igjen og igjen. Eg har brukt plast heilt sidan eksamensframsyninga mi, og det handlar om min eigen kropp. Om kjensla av å aldri kunne kome ut av han, seier Horn, som er kortvaksen.

– Det handlar om ei slags avgrensing?

– Ja, og om lengten ut av dei tronge rammene vi lever i. Det er jo provoserande for skodespelarane å spele bak den plasten. Dei vil jo heile tida ut og nå fram til publikum, men eg liker å påleggje dei slike avgrensingar som nesten gjer vondt for dei. Dei får ikkje den kontakten med dei i salen som dei vil ha, men kontakten mellom skodespelarane vert større.

– Og så kjem vi tett på dei via lerreta?

– Ja, og det er det nokon som liker, og nokon som ikkje liker. Men det er ein utruleg kvalitet å kunne kome opp i fjeset deira. Vi kan veksle mellom heilt ulike format.

Inn i psykoseland

Kjernen i det store teamet som formar maratonframsyninga om Kristin Lavransdotter, har lang erfaring i å jobbe samen. Videoinstruktøren er nemnd, i tillegg er lyddesignar Erik Hedin, som Horn er gift med, og scenograf Sven Haraldsson sentrale i utforminga.

– Vi prøver å gjere ting enkelt. Eg liker at scenografien ikkje er ein dekorasjon, men eit scenebilete som påverkar kroppen til skodespelarane på ekte, så dei ikkje treng late som. Vi går veldig tett på kroppane, seier ho.

I dette tilfellet, når stykket varer så lenge, vil det i seg sjølv påverke dei, påpeiker ho.

– Det er nesten ei psykotisk oppleving å spele åtte timar bak den plasten. Det skaper ei sanning i det dei gjer.

Det Dag og Tid får sjå på scena denne dagen, vekslar mellom scener som verkar heilt ferdige, og scener som er i ferd med å verte til.

Eit nytt liv kjem til verda, eller teaterverda, der, medan vi ser på.

Frå sidelinja kjem beskjeder frå regissør til skodespelarar.

– Du kan bysse babyen litt, no, seier Horn til Kristin, eller Sara Khorami.

– Og så – rett inn i psykoseland!

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Eg vil ikkje berre
fortelje ei god historie.

Kjersti Horn, husregissør ved Det Norske Teatret

Fleire artiklar

«Lodderáidaras / Melkeveien» (2022), detalj.

KunstMeldingar

Som ein trojansk hest

I utstillinga til Britta Marakatt-Labba, Sylkvasse sting, er dei fleste verka broderi, men her er ingen søte blomar. Sting for sting får me ei sirleg framstilling av blodig alvor. Museumsvaktene står for ei eiga absurd framsyning som dessverre ikkje er dagens performance.

Mona Louise Dysvik Mørk

Svein Gjerdåker

Bønder i krigstid

UKRAINA: Ukraina har noko av den mest grøderike jorda i verda. Svartjorda deira er fascinerande. Denne djupe, humusfylte jorda som går milevis innover dei ukrainske steppene. Eg reiste til Ukraina for å møta bønder i dette enorme jordbrukslandet.

Teikning: May Linn Clement

KommentarSamfunn
Eivor Andersen Oftestad

Menneskeverdet er ikkje så sjølvsagt som vi trur

Sjølv om den sekulariserte versjonen av menneskeverdet framleis vert forstått som retten til liv og omsorg, er det noko som har vorte borte på vegen.

MusikkMeldingar
Sigbjørn Apeland

Den nakne stemma

The Eagle of my Heart er eit dristig prosjekt som landar trygt.

USA var landet der den globale auken i fedme tok til for alvor. Nord-Amerika utgjer i dag halve marknaden for vektreduksjonsmidla til Novo Nordisk.

Foto: Mark Lennihan / AP / NTB

HelseSamfunn

Store pengar i tomme magar

Verda er villig til å betale mange milliardar for å misse matlysta.

Per Anders Todal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis